DS «Clio» (1922)

norsk dampskip frå 1922
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Clio»
Eigar: Det Bergenske Dampskibsselskab
Verft: Danziger Werft & Eisenbahnwerk A/G, Danzig, Tyskland
Byggekostnad: 216 555[1]
Verftsnummer: 23
Jomfrutur: juni 1922
Heimehamn: Bergen
Kjennemerke: LDCR - LDFC
Generelle mål
Type: Lasteskip
Tonnasje: 556 brt, 298 nrt
Daudvekt: 550 tdw.
Lengd: 153,9 fot (46,9 m)
Breidd: 24,2 fot (7,4 m)
Djupgang: 17,5 fot (5,3 m)
Installert effekt : IHK 380
Framdrift: Triple 3 cyl. dampmaskin (Richardsons, Westgarth & Co, Middlesborough)
Fart: 9 knop
Karriere Flag of France.svg Frankrike
Namn: DS «Ogooue»
Eigar: Soc. Anon de Gerance & D'Armement
Kjøpt: September 1946
Heimehamn: Rouen
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: DS «Gaspare»
Eigar: Gaspare Russo
Kjøpt: 1951
Heimehamn: Trapani
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: DS «Fulix»
Eigar: Ubaldo Gennari Fu Torquato & C.
Kjøpt: 1955
Heimehamn: Rimini
Karriere Flag of Italy.svg Italia
Namn: DS «Santa Giustina»
Eigar: Andrea Longobardo
Kjøpt: 1962
Heimehamn: Napoli
Lagnad: Opphogd 1965

DS «Clio» (kallesignal LDCR - LDFC) var eit dampskip bygt i 1922 som og lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS).

HistorieEndra

Skipet vart bygt ved Danziger Werft & Eisenbahnwerk A/G i Danzig i Tyskland i juni 1922 og lagt opp i påvente av kjøparar. Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte skipet for 216 555 kroner[1] då det vart levert til dei i juni 1923.[2] Skipet gjekk inn i godsfart mellom Vestlandet og Tromsø.

27. september 1929 gjekk «Clio» på grunn ved Røst, på veg frå Bodø til Bergen. Skipet kom av ved eiga hjelp og gjekk inn til Røst. Dykkarar sjekka båten, men det var ikkje stor skade.[3] Skipet vart reparert i Bergen.

Frå august 1931 gjekk skipet i ny rute mellom Oslo og Trondheim, og frå november dette året frå Oslo til Kirkenes. Mot slutten av 1930-åra gjekk skipet òg i vikarruta til Tromsø.

«Clio» var på veg til Tromsø under invasjonen av Noreg 9. april 1940 og vart aldri teken av tyskarane. I slutten av mai 1940 var skipet komen til Storbritannia og vart så disponert av Nortraship. Her segla skipet i kystfart kring Storbritannia det meste av krigen. Dei seinare krigsåra gjekk skipet mykje i fart mellom London og Hull. I byrjinga av september 1945 segla skipet ein tur til Rouen i Frankrike, og etter ein kort tur attende til England kom det endeleg heim att til Noreg seint i september 1945. Seint i oktober 1945 vart «Clio» det første skipet som tok opp at den faste ruta til Tromsø og Kirkenes.[4]

I september 1946 vart skipet selt til Soc. Anon de Gerance & D'Armement. (Soc Nav. de L'Ouest Africain) i Pointe Noire i Fransk Congo. Her fekk det namnet «Ogooue». I 1948 vart heimehamna flytta til Rouen i Frankrike. I 1951 fekk skipet italienske eigarar då det vart kjøpt av Gaspare Russo i Trapani. Det vart då omdøypt «Gaspare». Dei sette inn ny motor i båten, ein Fiat, og det vart eit motorskip. I 1955 fekk skipet nye, italienske eigarar, då Ubaldo Gennari Fu Torquato & C. kjøpte skipet og gav det namnet «Fulix». Heimehamna var då i Rimini. Nok ein italiensk eigar, Andrea Longobardo i Napoli, kjøpte så skipet i 1962. Her fekk det namnet «Santa Giustina». Nokre år seinare, i1 1965, vart skipet opphogd i Italia.

SkipetEndra

Tonnasjen til skipet var ved levering 556 brt, 298 nrt og lasteevna var 550 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 890 . Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Danziger Werft. Oppgjeven yting var 380 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 9 knop knop.[1]

I 1929 fekk skipet straumlinjeror.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 «(Uteflåten) D/S Clio». Sjøhistorie.no. Henta 5. mai 2020. 
  2. Dag Bakka jr. og Per Alsaker (1988). «Det Bergenske Dampskipselskap - del 1». Skipet. Nr. 1 (Rådal: Skipet). Volum 14: 42. Henta 15. mai 2020. 
  3. «Bergenskes «Clio» grundstøtt». Bergen: Bergens Tidende. 28. september 1929. s. 9. Henta 15. mai 2020. 
  4. «Havnen». Bergen: Bergens Tidende. 18. oktober 1945. s. 2. Henta 16. mai 2020.