Krimhalvøya

halvøy i Svartehavet

Krim, Krimhalvøya eller Den autonome republikken Krim[a] er ei halvøy i Svartehavet. Både Ukraina og Russland hevdar Krimhalvøya høyrer dei til. Russiske styresmakter har sidan mars 2014 hatt den faktiske kontrollen over halvøya.[1]

Den autonome republikken Krim
Krimhalvøya
Автономная Республика Крым
Автономна Республіка Крим
Qırım Muhtar Cumhuriyeti
autonom republikk
Flagg
Symbol
Motto: Процветание в единстве  (russisk)
Protsvetanie v yedinstve  (transliteration)
«Velstand i samhald»
Land  Ukraina,  Russland
Hovudstad Simferopol
Areal 27 000 km²
Folketal 2 340 921 (2017)
Erklært 18. oktober 1921
 •  Avskaffa 30. juni 1945
 •  Gjenoppretta 12. februar 1992
 •  Grunnlov 21. oktober 1998
Språk Ukrainsk, russisk (de facto), krimtatarsk
Retningsnummer +380
Kart
Krimhalvøya
45°N 34°E / 45°N 34°E / 45; 34
Plasseringa til Krimhalvøya (raud) i Ukraina (kvit).
Plasseringa til Krimhalvøya (raud) i Ukraina (kvit).
Plasseringa til Krimhalvøya (raud) i Ukraina (kvit).
Wikimedia Commons: Crimea

Hovudstaden på Krimhalvøya er Simferopol som ligg sentralt på halvøya. Krimhalvøya dekkjer 27 000 km² og har kring 2,3 millionar innbyggjarar (2017).

Geografi

endre
 
Satellittbilde av Kertsjstredet.

Krim er ei 26 000 km² stor halvøy nord i Svartehavet. Det einaste fastlandssambandet er over Perekopeidet i nord. Mot aust strekkjer den lange Kertsjhalvøya seg mot Kertsjsundet, som skil Asovhavet frå Svartehavet.

Landskapet i nord består av stepper, og i sør hever Krimfjella seg opp til 1 545 moh. som vernar kysten mot nordlege vinder og har rikelig nedbør og frodig skog. Klimaet er mildt i sør og vegetasjonen subtropisk med dyrking av oliven, morbær og sypress.

I Jalta er middeltemperaturen i dei kaldaste månadane (januar og februar) 3,5 °C, i dei varmaste månedane (juli, august) 24 °C.

Viktige byar

endre
 
Kart med dei viktigaste byane på Krim.

Historie

endre

Krimhalvøya har vorte erobra og kontrollert mange gonger gjennom historia. Kimmeriarar, grekarar, skytiarar, gotarar, hunarar, bulgarar, khasarar, Kiev-riket, bysantiske grekarar, kiptsjakar, osmanske tyrkarar, Den gylne horden og mongolar har alle kontrollert Krimhalvøya i den tidlege historia. På 1200-talet vart ho delvis kontrollert av Republikken Venezia og Republikken Genova. Dei vart etterfølgd av Krim-khanatet og Det osmanske riket på 1400- til 1700-talet. Frå 1400-talet av var Krim-khanatet, ein arvtakar etter det mongolsk-tatarske riket, ein vasallstat under det ottomanske riket. I 1783 vart halvøya erobra av Det russiske imperiet. Etter den russiske revolusjonen vart Krim ein autonom sovjetrepublikk i Den russiske føderasjonen. Nazi-Tyskland okkuperte området under andre verdskrigen frå 1941 til 1945.

Då halvøya vart gjenerobra av Sovjetunionen, vart krimtatarane deporterte til Sibir og Sentral-Asia. Først i 1989 fekk dei lov å venda attende til Krim. I 1954 vart Krim overført frå Den russiske sovjetrepublikken (Russisk SSR) til Den ukrainske sovjetrepublikken (Ukrainsk SSR). I 1991 fekk Krim status som ein autonom republikk under Ukraina, men då Ukraina vart sjølvstendig same året, var det mange som ynskte å lausriva Krim frå Ukraina, og bli ein del av Russland. Denne rørsla fekk ikkje støtte frå dei russiske styresmaktene, og halvøya vart verande ein del av Ukraina, men med særskilt autonom status.

Uro i 2014-2015

endre

Etter endringa i det ukrainske styret i 2014 kom det til uro og ein svært spent situasjon i mars då Russland godkjente bruk av militær makt på halvøya for å sikre russiske interessar. Russiske og russisklojale soldatar overtok fleire sentrale funksjonar på halvøya. Russland annekterte etter kvart halvøya. Statusen til Krim var uklår lenge,[2] men i juli 2015 erklærte statsminister Dmitrij Medvedev av republikken Krim var fullt ut integrert i Russland.[3]

Innbyggjarar

endre

Då Krim vart ein del av det russiske imperiet på 1700-talet var det store fleirtalet av innbyggjarane muslimske krimtatarar. Desse utgjorde i 2001 ein minoritet på 12,1 %. Fleirtalet, 58,3 % var russarar, og 24,3 % ukrainarar.

Krimtatarar er ein etnisk minoritet som utgjer kring 13 % av folkesetnaden og som oppstod på Krimhalvøya seint i mellomalderen etter at Krim-khanatet oppstod. Krimtatarane vart tvangsflytta til Sentral-Asia av Josef Stalin. Etter at Sovjetunionen fall, flytta somme krimtatarar attende til regionen.[4] Det bur framleis mange russarar på halvøya og russisk har derfor status som offisielt språk i republikken.

Demografisk utvikling

endre
Etnisitet 1897 1939 1989 2001
Krimtatarar 35,6 19,4 1,6 12,1
Russarar 33,1 49,6 67,1 58,3
Ukrainarar 11,8 13,7 25,8 24,3

Merknader

endre
  1. ukrainsk Автономна Республіка Крим, Avtonomna Respublika Krym; russisk Автономная Республика Крым, Avtonomnaya Respublika Krym; krimtatarisk Qırım Muhtar Cumhuriyeti, Къырым Мухтар Джумхуриети

Kjelder

endre
  1. Ukraine crisis timeline - BBC
  2. Dagbladet - Må bare se på at Krim blir annektert (1.3.2014)
  3. https://sputniknews.com/russia/20140411189160173-Russia-Amends-Constitution-to-Include-Crimea-Sevastopol/
  4. Pohl, J. Otto. The Stalinist Penal System: A Statistical History of Soviet Repression and Terror. Mc Farland & Company, Inc, Publishers. 1997. 23.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Krimhalvøya