Der Herr ist mein getreuer Hirt

Der Herr ist mein getreuer Hirt, BWV 112, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Der Herr ist mein getreuer Hirt
BWV 112
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1731
Urframføring8. april 1731
Publiseringsdato1876
Typisk lengd12:58
Satsar/akter5

Han vart komponert i Leipzig i 1731 for andre sundag etter påske.

Teksten er skriven av Wolfgang Meuslin etter Salme 23.

Koraltemaet er basert på salmen «Allein Gott in der Höh sei Ehr» av Cornelius Becker. Melodien til denne salmen er delvis basert på den gregorianske songen «Gloria in excelsis» frå seinmellomalderen og delvis på ein «Sanctus in festis duplicibus» frå Graduale Romanum. Den første delen av salmen liknar ein påskesong frå 900-talet som spreidde seg til fleire land. Det var Nikolaus Decius (ca. 1485-etter 1546) som samla saman dei forskjellige melodiane til denne melodiane, truleg med ein litt anna tekst, i Braunschweig i 1522.

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for to valthorn, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av fem satsar:

  1. «Der Herr ist mein getreuer Hirt», Koral
  2. «Zum reinen Wasser er mich weist», Arie for alt
  3. «Und ob ich wandert' im finstern Tal», Resitativ for bass
  4. «Du bereitest fur mir einen Tisch vor mein'n Feinden», Duett for sopran & tenor
  5. «Gutes und die Barmherzigkeit folgen mir nach», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre