Det islandske alfabetet

Det islandske alfabetet er eit alfabet som vert nytta for å skrive islandsk. Det er ein modifikasjon av det latinske alfabetet og har 32 bokstavar [1]:

A Á B D Ð E É F G H I Í J K L M N O Ó P R S T U Ú V X Y Ý Þ Æ Ö
a á b d ð e é f g h i í j k l m n o ó p r s t u ú v x y ý þ æ ö
Islending som resiterer det islandske alfabetet (z er med, rett etter ý).

Aksenten «´» over vokalar representerer ikkje variasjon i vekt eller lengd, men syner at det er ein annan ljod enn same bokstaven utan aksent[1]. Det islandske alfabetet har to spesielle bokstavar: Þ (thorn) og Ð (eda). Bokstaven Þ — som òg fanst i norrønt — har vore i konstant bruk i islandsk heilt frå norønn tid. Tidlegare var bokstaven Z med, men på grunn av at Z vert uttala S på islandsk vart han fjerna i 1973, men det gamle alfabetet vart undervist is skulen fram til 1980. Dei fem bokstavane X É Á Ó Æ representerer kvar to ulike lydar.

Bokstavane C, Q, W og Z er eigentleg ikkje med i det islandske alfabetet, men vert likevel nytta i nokre få ord, for det meste i slektsnamn og i nokre stadnamn. Dei er difor å finna på islandske tastatur. At desse bokstavane ikkje er med i det offisielle alfabetet fører stundom til problem når ein lagar alfabetiske lister, etter som namn som Carl og Walter er vanlege. Ei løysing er då å nytta det gamle alfabetet, med 36 bokstavar: a, á, b, c, d, ð, e, é, f, g, h, i, í, j, k, l, m, n, o, ó, p, q, r, s, t, u, ú, v, w, x, y, ý, z, þ, æ, ö.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Íslenska, í senn forn og ný“, Menntamálaráðuneytið (Kulturdepartementet), 2001.