V (v) er den tjueandre bokstaven i det normale latinske alfabetet. Eigentleg er han same bokstav som U, for teiknet for vokalen u vart på latin òg nytta for halvvokalen (konsonantisk u). Bokstavnamnet ve er nydanna i analogi med be, pe osb. På norsk er v ein stemd labiodental spirant som blir uttalt med underleppa mot overtennene. Det er den stemde lyden som svarer til ustemd f. På tysk vert v som oftast uttalt som f.

V


Bruk
SkriftsystemLatinsk skrift
TypeAlfabet
OpphavsspråkLatin
Fonetisk bruk[v]
[w]
[β̞]
[f]
[b]
[u]
[ə̃]
[y]
[ʋ]
/v/
UnicodeU+0056, U+0076
Plass i alfabetet
Talverdi: 22
Historie
Utvikling
Tidsperiode~-700 til no
Etterkomarar • U
 • W
 •
 •
 •
 •
 •
SlektningarF
Ѵ
У
Ў
Ұ
Ү
ו
و
ܘ

וּ
וֹ

𐎆
𐡅



Anna
Vanleg tilknytte bokstavarv(x)
Tilknytte tal22
SkriveretningVenstre til høgre
Alfabetet
A B C D E
F G H I J
K L M N O
P Q R S T
U V W X Y
Z Æ Ø Å

Historie endre

V kjem frå den semittiske bokstaven waw, og vart forenkla til v av etruskarane. Romarane skreiv bokstaven både slik me trykkjer han no, og som ein liten u, slik mange fortsatt gjer i handskrift. Då ein byrja å bruka store og små bokstavar i mellomalderen brukte ein paret V/u, slik at ein fekk til dømes Vniuersitas. Ved renessansen skilde ein dei to bokstavane U og V, ettersom dei hadde vorte to ulike lydar, og liten v og stor U vart lagde til alfabetet.

Under den andre verdskrigen fekk bokstaven V stort verd i propagandaen. I juli 1941 innførte den britiske pressa det som symbol på siger (engelsk Victory) og samstundes vart det såkalla V-teiknet innført. Det bestod i at ein lyfte handa med sprikande peike- og langefinger. BBC nytta V frå morsealfabetet (...−) som kjenningssignal i sendingane sine i dei okkuperte landa, og ein laga symbolikk av at Beethovens 5. symfoni, skjebnesymfonien, starta med same rytme V i morsealfabetet. I dei tyskokkuperte landa vart V-en ofte måla eller teikna på husvegger og plankegjerde. Den tyske propagandaen gjorde eit mislukka forsøk på å svare på dette ved sjølv å annektere V-teiknet, som skulle stå for Viktoria. I etterkrigstida har V-teiknet òg vorte (mis)brukt som sigersteikn.

I NATO sitt fonetiske alfabetet kallar ein v Victor.

Tyding endre

Samfunn

 

Som førstebokstaven i det engelske ordet Victory, siger, er bokstaven vorte brukt som eit kamp- og sigersteikn.

  • forkorting for det romersk førenamnet Valerius.
  • forkorting for venstre, verb, vest og vestleg.
  • føre etternamn forkorting for nederlandsk van og tysk von som tyder «av» eller «frå».
  • forkorting for tysk Vergeltungswaffe, som tyder «gjengjeldingsvåpen», eit omgrep nytta om to tyske våpen under den andre verdskrigen, V-1 og V-2. Opphavleg stod V for Versuchsmuster, «eksperimenttype».

Naturvitskap

Kultur

  • i musikk forkorting for italiensk violino (fiolin), voce eller voci («stemme(r)»), og «volti» («vend (bladet)»).

Kjelder endre

«V – bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.