T
bokstav i det latinske alfabetet
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
T er den tjuande bokstaven i det latinske alfabetet og hadde same form i latin og gresk. Han stammar frå det fønikiske alfabetet. Det hebraiske namnet på bokstaven er taw, og grekarane overtok dette namnet. Romarane overtok frå etruskarane namnet te.
I den eldre runerekka er t det 17. teiknet, og i den yngre det 12. teiknet. I det yngre runealfabetet vert t òg nytta for d. [t] er i norsk ein ustemt dental eller alveolar lukkelyd (plosiv). I norsk er han aspirert, det vil seie følgd av eit pust, i framlyd og uaspirert i innlyd og etter s. Ein variant er den retroflekse uttalen i austnorsk av til dømes ert.
Tâw var den siste bokstaven i det vest-semittiske alfabetet, og i det hebraiske.
T kan stå for
endre- hydrogenisotopen tritium
- SI-eining for tesla, eininga for magnetisk flukstettleik.
- SI-prefikset tera, skrive føre eit einingssymbol tyder det at eininga skal multipliserast med 1012 (ein billion).
- vanleg symbol for fysisk/teknisk periode (svingetid).
- T, vanleg symbol for termodynamisk temperatur (absolutt temperatur). For celsiustemperatur vert vanlegvis t nytta.
- latinsk forkorting for namna Titus og Tullius.
t kan stå for
endreKjelder
endre«T – bokstaven» i Store norske leksikon, snl.no.