Det tyske forbundet

(Omdirigert frå Deutscher Bund)

Det tyske forbundet var ein konføderasjon av 39 tyske statar og 4 byrepublikkar som blei oppretta 8. juni 1815Wienerkongressen. Forbundet blei prega av rivaliseringa mellom dei mektige medlemmane Preussen og Austerrike, og blei oppløyst i 1866 då Preussen sigra over Austerrike i krig. Det blei erstatta av det prøyssiskkleidde nordtyske forbundet.

Deutscher Bund (tysk)
Konføderasjon

 

 

1815–1866
Flagg Våpen
Flagg Riksvåpen
Plasseringa til Det tyske forbundet
Plasseringa til Det tyske forbundet
Det tyske forbundet i 1820. Dei to hovudmaktene, Kongeriket Preussen (blått) og Keisardømet Austerrike (gult) var ikkje heilt innanfor forbundsgrensene
Hovudstad Frankfurt
Styreform Konføderasjon av fleire sjølvstendige monarki
President
 - 1815-1835 Frans II
 - 1835-1850 Ferdinand I av Austerrike
 - 1850-1866 Frans Josef I av Austerrike-Ungarn
Historisk periode Tidleg moderne tid
 - Rhinforbundet oppløyst 4. november 1813
 - Wienerkongressen 8. juni 1815
 - Den austerriksk-prøyssiske krigen 1866
 - Skipinga av Det nordtyske forbundet 16. april 1866
Areal
 - 1829 630 100 km²
Innbyggjarar
 - 1829 est. 29 200 000 
     Folketettleik 46,3 /km² 
Føregjengar
Etterfølgjarar
Rhinforbundet
Keisardømet Austerrike
Kongeriket Preussen
Det nordtyske forbund
Keisardømet Austerrike
Kongeriket Bayern
Kongeriket Württemberg
Storhertugdømet Baden
Liechtenstein
Storhertugdømet Hessen
Luxembourg

Bakgrunn endre

Forbundet avløyste Det tysk-romerske riket som var blitt oppløyst 6. august 1806 då den siste tysk-romerske keisaren Frans II abdiserte etter den franske sigeren i slaget ved Austerlitz under Napoleonskrigane, som førte til fredsavtalen i Pressburg. Frans II fortsette som keisar av Austerrike og konge av Ungarn.

Etter press frå Napoleon oppretta ei rekke tyske fyrstedøme deretter Rhinforbundet i juli 1806. Men etter den franske sigeren i slaget ved Jena-Auerstedt i oktober 1806 gjekk fleire tyske statar inn i konføderasjonen. Berre keisardømet Austerrike, kongeriket Preussen, det danske Holstein og Svensk Pommern stod utanfor Rhinforbundet.

Statane i Rhinforbundet gjekk samla inn i krigen mot Napoleon 1812-1814, som leidde fram til Paris-traktaten av 1814, og førte til Wienerkongressen og skipinga av Det tyske forbundet i kjølvatnet av dette, 8. juni 1815.

Oppbygging av forbundet endre

Forbundet dekte i rundt 630 100 km² og hadde 29,2 millionar innbyggjarar i 1829. Dei to viktigaste medlemmane av forbundet var Preussen og Austerrike. Talet på forbundsstatar gjekk ned etterkvart som fyrstehus arva andre statar. I 1863 omfatta det 35 statar.

Medlemsstatane hadde alle fullt sjølvstyre. Medlemmene forplikta seg til gjensidig forsvar, og samarbeidde om å halda fortifikasjonane i Mainz, Luxembourg by, Rastatt, Ulm og Landau.

Forbundet hadde ein forbundsdag som kom saman i Frankfurt. Avgjerder, som måtte fattast med to tredjedels fleirtal, var bindande for forbundsstatane.

Medlemsstatar endre

  1.   Keisardømet Austerrike (utan Galicia, Ungarn, Kroatia, Dalmatia og Kongedømet Lombardia-Venetia) (frå 1818 tilhøyrde også den vestlege delen av Galicia Det tyske forbundet)
  2.   Kongeriket Preussen (utan Posen, Austpreussen og Vestpreussen) (frå 1848-1851 var dei prøyssiske provinsane Aust- og Vestpreussen og den vestlege og nordlege delen av Posen del av forbundet)
  3.   Kongeriket Bayern
  4.   Kongeriket Sachsen
  5.   Kongeriket Hannover (til 1837 i personalunion med Storbritannia)
  6.   Kongeriket Württemberg
  7.   Kurfyrstedømet Hessen-Kassel
  8.   Storhertugdømet Baden
  9.   Storhertugdømet Hessen-Darmstadt
  10.   Luxembourg Storhertugdømmet Luxemburg (i personalunion med Nederland) (den vestlege delen av Luxemburg gjekk ut av Det tyske forbundet da han blei avstått til Belgia. Derfor blei det nederlandske Hertugdømet Limburg medlem i staden)
  11.   Storhertugdømet Mecklenburg-Schwerin
  12.   Storhertugdømet Mecklenburg-Strelitz
  13.   Storhertugdømet Sachsen-Weimar-Eisenach
  14.   Storhertugdømet Oldenburg
  15.   Hertugdømet Holstein og Lauenburg (til 1864 i personalunion med Danmark)
  16.   Hertugdømet Nassau
  17.   Hertugdømet Braunschweig
  18.   Hertugdømmet Sachsen-Gotha-Altenburg til 1836
  19.   Hertugdømet Sachsen-Coburg-Gotha
  20.   Hertugdømet Sachsen-Hildburghausen (til 1826)
  21.   Hertugdømet Sachsen-Meiningen (fra 1826)
  22.   Hertugdømet Anhalt-Dessau
  23.   Hertugdømmet Anhalt-Köthen
  24.  Hertugdømet Anhalt-Bernburg
  25.   Fyrstedømet Hohenzollern-Hechingen
  26.   Fyrstedømet Hohenzollern-Sigmaringen
  27.   Liechtenstein Fyrstedømet Liechtenstein
  28.   Fyrstedømet Lippe
  29.   Fyrstedømet Reuss eldre linje
  30.   Fyrstedømet Reuss yngre linje
  31.   Fyrstedømmet Schaumburg-Lippe
  32.   Fyrstedømet Schwarzburg-Rudolstadt
  33.  Fyrstedømet Schwarzburg-Sondershausen
  34.   Fyrstedømet Waldeck-Pyrmont
  35.   Fristaden Bremen
  36.   Fristaden Frankfurt
  37.   Fristaden Hamburg
  38.   Fristaden Lübeck
Seinare medlemmer
  1.   Landgrevskapet Hessen-Homburg (fra 1817)
  2.   Hertugdømet Limburg (frå 1839; i personalunion med Nederland)

Utanlandske monarkar som medlemmer endre

Tre medlemsstatar blei styrt av utanlandske monarkar:

Kvar av desse monarkane hadde ei stemme i den føderale forsamlinga.

Stemmefordeling i den føderale forsamlinga endre

 
Monarkane i medlemsstatane i Det tyske forbundet på møte i Frankfurt i 1863.

Ei føderal forsamling under austerriksk leiing kom saman i Frankfurt, der den habsburgske keisaren og den britiske kongen (som konge av Hannover) var representert med ein sendemann.

I tillegg til dei tre utanlandske monarkane som hadde kvar si stemme, hadde også dei følgjande større monarkia ei stemme kvar:

Øvrige stemmar

Oppløysing endre

Det tyske forbundet blei oppløyst etter den Den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866, og i 1867 blei det avløyst av det prøyssiskdominerte nordtyske forbundet, der Austerrike ikkje var med. Dette var meir av ei statsdanning enn kva Det tyske forbundet hadde vore.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre