Double Trouble av Elvis Presley

Double Trouble
Filmmusikkalbum av Elvis Presley
Språk engelsk
Utgjeve 1. juni 1967
Innspelt Mai 1963, juni 1966
Sjanger rock, pop
Lengd 22:36
Selskap RCA Victor
Produsent Jeff Alexander
Elvis Presley-kronologi 
How Great Thou Art

(1967)

Double Trouble Clambake

(1967)

Singlar frå Double Trouble
  1. «Long Legged Girl (With the Short Dress On)»
    Utgjeve: April 1967

Double Trouble er det 29. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor i mono og stereo som LPM/LSP 3787 i juni 1967. Innspelinga fann stad i Radio Recorders og i MGM Studios i Hollywood i California, den 28. til 30. juni 1966.[2] Albumet nådde 47. plassen på Billboard 200.[3]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic1/5 stars[1]

Innhald

endre

Presley hadde vanlegvis insistert på å arbeide i komfortable, vanlege lydstudio, og hadde unngått dei store, lydtette filmstudioa. Sjefane i MGM som ønskte å halde budsjettet lågt, insisterte på å flytte filmmusikkinnspelinga nettopp til eit slikt studio.[4] Ein frustrert Presley gjekk med på dette, men dropen rann over då han måtte syngje «Old MacDonald», og han storma ut av studio i sinne etter å ha gjort ferdig ein særs kort master-innspeling av «Long Legged Girl (with the Short Dress On).»[4] Denne songen vart gjeven ut på singel seint i april, før filmen hadde premiere. Singelen nådde berre 63. plassen på Billboard Hot 100.

Etter det entusiastiske gospelalbumet How Great Thou Art som vart spelt inn månaden før i Nashville, gjekk Presley her attende til å kverne ut plater og filmar som raskt gjekk i gløymeboka.[5] Sjølv utgjevingsdatoen for Double Trouble var uheldig - same dagen som The Beatles gav ut landemerket Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band, og same dagen som David Bowie gav ut debutalbumet sitt.

Det vart spelt inn ni songar for filmen og dei vart berre i alt 17 minuttar og 11 sekund, altfor kort for eit vanleg album. For å auke speletida vart det lagt til tre sognar frå innspeligna til eit «tapt album» i mai 1963, slik at lengda på albumet kom like over tjue minuttar.[6] To songar vart alt gjevne ut som b-sider til singlar, «Never Ending», som var B-sida til eit fire år gammalt albumspor, «Such a Night» og «Blue River» som var B-sida til det åtte år gamle sporet «Tell Me Why."[7] «It Won't Be Long» vart spelt inn for filmen, men ikkje nytta.

I 2004 vart Double Trouble gjeven ut på ny på Follow That Dream i ei spesialutgåve med originalalbumet og mange alternative opptak.[8]

Medverkande

endre

Innhald

endre

Originalutgåve

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«Double Trouble»Doc Pomus og Mort Shuman29. juni 19661:38
2.«Baby, If You'll Give Me All of Your Love»Joy Byers29. juni 19661:47
3.«Could I Fall in Love»Randy Starr28. juni 19661:42
4.«Long Legged Girl (With the Short Dress On)»Leslie McFarland, Walter Scott29. juni 19661:27
5.«City by Night»Bill Giant, Bernie Baum, Florence Kaye28. juni 19663:04
6.«Old MacDonald»Randy Starr29. juni 19662:04
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)InnspeltLengd
1.«I Love Only One Girl»Sid Tepper og Roy C. Bennett29. juni 19661:52
2.«There Is So Much World to See»Randy Starr28. juni 19661:53
3.«It Won't Be Long» (bonusspor)Ben Weisman og Sid Wayne29. juni 19661:44
4.«Never Ending» (bonusspor)Buddy Kaye og Phil Springer26. mai 19631:57
5.«Blue River» (bonusspor)Paul Evans og Fred Tobias27. mai, 19632:11
6.«What Now, What Next, Where To» (bonusspor)Hal Blair og Don Robertson26. mai 19631:56

Follow That Dream-utgåva

endre

Spor 1-12 er originalalbumet

Nr.TittelLengd
13.«Double Trouble» (opptak 1)1:39
14.«Baby, If You'll Give Me All Of Your Love» (opptak 2)2:25
15.«I Love Only One Girl» (opptak 1)2:25
16.«It Won't Be Long» (opptak 1,2)2:21
17.«Long Legged Girl» ([2. versjon] opptak 1,2)2:40
18.«Could I Fall In Love» (opptak 6 [undubbed master])2:27
19.«There Is So Much World To See» (opptak 10)2:27
Nr.TittelLengd
20.«Long Legged Girl» ([1. versjon] take 6)1:44
21.«City By Night» (opptak 3/10)2:56
22.«It Won't Be Long» (opptak 5)1:47
23.«Double Trouble» (opptak 2,3)1:50
24.«Baby, If You'll Give Me All Of Your Love» (opptak 3,4)2:49
25.«Could I Fall In Love» (harmony opptak 1)1:48

Lister

endre

Album

År Lister Plassering
1967 Billboard Pop Albums 47

Kjelder

endre
  1. Allmusic review
  2. «Keith Flynn's Elvis Presley pages». Keith Flynn. 2015. Henta 6. desember 2016. 
  3. Double Trouble av Elvis PresleyAllmusic
  4. 4,0 4,1 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 221.
  5. Jorgensen, op. cit., s. 222.
  6. Jorgensen, op. cit., s. 179.
  7. Jorgensen, op. cit., s. 75.
  8. Kjelder:

Bakgrunnsstoff

endre