Ein feste Burg ist unser Gott

Ein' feste Burg ist unser Gott, BWV 80, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach for reformasjonsdagen. Denne dagen vert feira 31. oktober i den lutherske kyrkja og markerer dagen då Martin Luther spikra dei 95 tesane opp på kyrkjedøra i Wittenberg i 1517. Kantaten er ein av dei mest kjende til Bach og ein av to han laga for denne dagen.

Ein' feste Burg ist unser Gott
BWV 80
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1715
Urframføring1735-1740
Publiseringsdato1870
Revidert1723, 1730
Typisk lengd25:14
Satsar/akter9

Kantaten har ei noko komplisert historie. Det ser ut til at han først vart komponert som Alles, was von Gott geboren i Weimar i 1715 for tredje sundag i faste. I 1723, det første året til Bach i Leipzig, utvida Bach verket for å nytte han til reformasjonsdagen dette året og i den samanhengen fjerna han den kjende koralen basert på den kjende salmen til Luther, «Vår Gud han er så fast ei borg». Seinare reviderte Bach igjen kantaten og erstatta opningskoralen med ein koral i gammal polyfon stil.

Ein har mista det originale partituret til Bach, så det er noko forvirring kring instrumenteringa av denne kantaten. Utgåva ein kjenner i dag er frå ein kopi laga av eleven og svigersonen til Bach, Johann Christoph Altnickol. Forvirrande er det òg at trompet- og paukedelen er komponert av den eldste sonen til Bach, Wilhelm Friedemann Bach.

Teksten er henta frå Martin Luther (sats 1, 2, 5, 8) og Salomo Franck (sats 3, 4, 6, 7)

Instrumentering og struktur endre

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, to oboar, to fiolinar, bratsj, cello, violone (kontrabass), orgel continuo (trompetane og paukene trur ein er lagt til av Wilhelm Friedemann Bach i ettertid), samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedet kor.

Det består av ni satsar:

  1. «Ein feste Burg ist unser Gott», Koral
  2. «Alles, was von Gott geboren», Arie for bass
  3. «Mit unser Macht ist nichts getan», Arie for sopran
  4. «Erwäge doch, Kind Gottes, die so große Liebe», Resitativ for bass
  5. «Komm in mein Herzenshaus», Arie for sopran
  6. «Und wenn die Welt voll Teufel wär», Koral
  7. «So stehe denn bei Christi blutgefärbten Fahne», Resitativ for tenor
  8. «Wie selig sind doch die, die Gott im Munde tragen», Duet for alt & tenor
  9. «Das Wort sie sollen lassen stahn», Koral

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre