Ekstremvêret Mona
Mona var eit ekstremvêr som råka Helgeland, Saltfjellet, Salten og Lofoten søndag den 11. desember 2005. Meteorologisk institutt sendte ut ekstremvarsel der dei varsla full storm mellom sørvest og nordvest. Ekstremvarselet gjaldt ikkje for Lofoten, sjølv om det òg her var varsla kraftig vind. I tillegg var det venta store nedbørsmengder med 50 mm på 24 timar.
Årsaka til uvêret var ein kraftig ekstratropisk syklon i Norskehavet.
Verknader
endreUvêret vart ikkje så kraftig så venta, men skapte likevel særs vanskelege køyreforhold med særs glatte vegar, mykje vatn i vegbanen, og dette i kombinasjon med kraftig vind. Som følgje av dette vart E6 over Saltfjellet stengd, medan fleire vogntog køyrde av vegen. Fleire ferjsamband vart stengde.[1]
I Bodø velta eit stillas og uvêret gjorde materielle skadar på ein bil og eit hus.[2] Her sleit òg ei flytebrygge seg med 15-20 båtar, og indre hamn i Bodø vart stengd.[2] I tillegg skapte uvêret store forseinkingar i flytrafikken ved Bodø lufthamn. Elles i Bodø fekk politet inn meldingar om 20 mindre skadar etter uvêret.[3]
Hundrevis av husstander og fleire skular og barnehagar vart straumlause på Helgeland etter uvêret, hovudsakleg av tre som velta over straumlinjene.[4]
I Lofoten reiv vinden ned eit ungdomshus på Kleppstad som var under oppføring.[5]
Observasjonar
endreVind
endreLista under viser dei kraftigaste vindmålingane i landet under uvêret. Ikkje alle stadane, som på Nordvestlandet, vart rekna som ein del av området som fekk ekstremvêr, sidan kriteria her for å varsle ekstremvêr er annleis.
Stasjon | Middelvind (m/s) |
Vindkast (m/s) |
Tidspunkt |
---|---|---|---|
Myken | 32 | 41 | 11. desember kl. 23-00 |
Helligvær | 30 | 39 | 12. desember kl. 00-03 |
Røst | 29 | 38 | 12. desember kl. 00-01 |
Nordøyan fyr | 29 | 35 | 11. desember kl. 23-00 |
Kråkenes fyr | 29 | 33 | 11. desember kl 12-13 |
Bodø | 28 | 36 | 11. desember 19-22 |
Sklinna fyr | 27 | 35 | 12. desember kl. 00-03 |
Svinøy fyr | 27 | 32 | 11. desember kl. 12-13 |
Ona | 26 | 37 | 11. desember kl. 13-16 |
Halten fyr | 24 | 32 | 12. desember kl. 04-05 |
Skrova fyr | 24 | 31 | 11. desember kl. 19-22 |
Buholmråsa fyr | 23 | 31 | 12. desember 23-00 |
Vega | 23 | -- | 12. desember kl. 07 |
Namdalseid | 23 | -- | 12. desember kl. 07 |
Værnes | 22 | 30 | 12. desember kl. 06-07 |
Sula | 22 | 29 | 11. desember kl. 13-16 |
Veiholmen | 22 | 28 | 11. desember kl. 13-16 |
Fruholmen fyr | 22 | 27 | 12. desember 00-01 |
Bø i Vesterålen | 22 | 27 | 12. desember kl. 01-04 |
Nedbør
endreNedbøren er målt mellom kl. 07 den 11. desember og kl. 07 den 12. desember.
Stasjon | Nedbør siste 12 timar 11. des. kl. 19 (mm) |
Nedbør siste 12 timar 12, des. kl. 07 (mm) |
Nedbør siste 24 timar 12. okt. kl. 07 (mm) |
---|---|---|---|
Fiplingvatn | 10,8 | 41,7 | 52,5 |
Høylandet | 6,3 | 45,7 | 52,0 |
Bodø | 0,5 | 39,0 | 39,5 |
Takle | 0,4 | 36,0 | 36,4 |
Værnes | 3,4 | 30,6 | 34,0 |
Mjølfjell | -- | -- | 33,1 |
Solvær | 0,4 | 26,8 | 27,2 |
Kvamskogen | 0,6 | 24,0 | 24,6 |
Finnøy i Hamarøy | 21,0 | 2,5 | 23,5 |
Sortland | 12,4 | 10,8 | 23,2 |
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Mona skaper kaos». RanaBlad.no. 11. desember 2005. Henta 25. november 2008.
- ↑ 2,0 2,1 «Mona med full kraft». 12. desember 2005. Henta 25. november 2008.
- ↑ «Ekstremværet «Mona» herjer». vg.no. 12. desember 2005. Henta 25. november 2008.
- ↑ «Mørklagt av Mona». RanaBlad.no. 12. desember 2005. Henta 25. november 2008.
- ↑ ««Mona» raste i Gimsøystraumen». Lofotposten. 12. desember 2005. Henta 25. november 2008.