Elisabeth Grannemann

norsk skribent, songar og skodespelar

Inger Elisabeth Granneman (11. mai 193028. mars 1992) var ein norsk revyskodespelar, songar, musikar og forfattar. Ho var også populær i Sverige. I byrjinga av karrieren sin vart ho kalla «Den syngende husmor fra Lørenskog».[1]

Elisabeth Grannemann

Elisabeth Granneman i 1963
Foto: Delphin, Rigmor Dahl/Oslo Museum
Fødd11. mai 1930
FødestadBergen
Død28. mars 1992 (61 år)
FødenamnInger Elisabeth Fauk
Aktive år1947–1992
Verka somskribent, songar, skodespelar, sjølvbiograf, låtskrivar, barnebokforfattar
EktefelleJan Granneman
BornJan Granneman og Geir Granneman
PrisarLeif Justers ærespris, Leonardstatuetten

Liv og virke endre

Som tenåring var Grannemann elev av Robert Riefling. I 1947 debuterte ho på scena, hos Jens Book-JenssenChat Noir, men foreldra hennar kom og henta ho etter nokre få framsyningar.

Granneman var seinare med i ei rekkje radio- og TV-program. Ho medverka også på mange plateinnspelingar, blant anna på Philips (1959–1962), Triola (1962–1964) og Polydor (1965–1969). Frå 1959 var ho tilknytt Chat Noir. I 1960 hadde Granneman stor suksess med songen «Alle venter på sommer», som hadde tekst skriven av Juul Hansen. I 1962 spela ho inn på plate revynummeret «Omatt og omatt», med tekst av Bias Bernhoft og Bjørn Sand.

Ho deltok fleire gongar i Melodi Grand Prix. I 1964 vann ho og Arne Bendiksen Melodi Grand Prix med songen «Spiral».[2][3]

Grannemann gjorde seg også merka med imitasjonar, blant anna av kong Olav V og Cornelis Vreeswijk. Granneman vart tildelt Leonardstatuetten i 1986[1] og Leif Justers ærespris.

Granneman komponerte også og skreiv tekster til fleire songar og skreiv fleire barnebøker. Den fyrste var Revefamilien i Vriomskogen frå 1967.[4] I 1983 gav ho ut sjølvbiografien Kjære publikum![4]

I 1989 gav ho ut kokeboka God gammeldags mat saman med sonen Jan Granneman, som var profesjonell kokk. Elisabeth Granneman opplyste i føreordet at ho sjølv hadde drive serveringsstadane «Naustet» i Son og «Skrivargarden» på Stord.[5] Kokeboka fekk terningkast 6 i VG.

Granneman var på slutten av livet programleiar, saman med Robert Aschberg, talkshowet I kveld med Robert AschbergTV3. Sjukdom og dårleg helse generelt gjorde at ho frå hausten 1991 berre opptredde sporadisk i programmet.[6] Ho skulle etter planen returnere for fullt vinteren 1992, men ei hjernebløding i byrjinga av januar forhindra det. Ho leid i tillegg av diabetes, astma, nedsett nyrefunksjon og vatn i lungene.[7] Robert Aschberg laga eit hyllingsprogram om henne like etter at ho døydde i mars 1992, der sjåarane vart presenterte eit utval av klipp med Grannemann som var henta frå serien.[8]

Deltakingar i Melodi Grand Prix endre

År Tittel Plassering
1960 «Et sommereventyr» Fjerdeplass
1964 «Spiral» Vinnar*
«God gammel firkantet vals» Andreplass
1969 «B.M. Fordomsfri» Tredjeplass

* Arne Bendiksen framførte «Spiral» i Eurovision Song Contest, der han kom på ein åttandeplass.

Diskografi endre

Album endre

  • 1972: Elisabeth Grannemann
  • 1976: Løvebakken smiler
  • 1976: Omatt og omatt
  • 1979: De gamle gode med Arne Bendiksen og Elisabeth Granneman
  • 1980: Lykkehjulet

Utvalde songar endre

  • 1959: «Tenk en mann» (Tekst: Elisabeth Granneman)
  • 1959: «You All Come» (Tekst: Elisabeth Granneman)
  • 1959: «Toledo» (Tekst og melodi: Elisabeth Granneman)
  • 1959: «Kjære Billy» (Tekst og melodi: Elisabeth Granneman)

Filmografi endre

Bibliografi endre

  • 1967 – Revefamilien i Vriomskogen, barnebok, illustrert av Grethe Berger
  • 1983 – Kjære publikum!
  • 1989 – God gammeldags mat, medforfattar: Jan Granneman

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Elisabeth Granneman». Store norske leksikon (på norsk). 8. mars 2023. 
  2. Larsen, Svend Erik Løken. «Elisabeth Granneman». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon (på Norwegian). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 7. april 2010. 
  3. Henriksen, Petter (red.). «Elisabeth Granneman». Store norske leksikon (på Norwegian). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 7. april 2010. 
  4. 4,0 4,1 Larsen, Svend Erik Løken (27. januar 2023). «Elisabeth Granneman». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  5. Granneman, Elisabeth; Granneman, Jan; Graff, Finn (1989). God gammeldags mat. Gyldendal. ISBN 8205183937. 
  6. http://www.retriever-info.com/proxy/?id=055016199109111eyYN33cberQ3ZveGI0J8gCj100201010v18&x=11fef41e79240dc04121b2099b9209ed
  7. http://www.retriever-info.com/proxy/?id=055016199201033rt74p0EIrOU3bszUV2fGhNG100201011019&x=5f8c4b9929f3c08abc059f288a489c85
  8. http://www.retriever-info.com/proxy/?id=055016199203310wziOG2twlPr4n867t3n4FeS10020101171n&x=93c229b75fc2e64a200fa3550dfede5f

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Elisabeth Grannemann