Emily Carr (13. desember 18712. mars 1945) var ein kanadisk kunstnar og forfattar inspirert av kanadiske urfolk og den kanadiske stillehavskysten.[1] Ho var ein av dei fyrste kanadiske kunstnarane til å ta i bruk ein modernistisk og post-impresjonistisk målestil.[2] Carr blei ikkje vidkjend for verket sitt før seint i livet. Etterkvart som ho mogna, tok landskaps- og skogsmotiv i stor grad over frå urfolksinspirerte måleri.[1] Som forfattar var Carr ein av dei første til å skildra livet i British Columbia. The Canadian Encyclopedia omtalar henne som eit kanadisk ikon.[3]

Emily Carr

Statsborgarskap Canada
Fødd 13. desember 1871
Victoria i British Columbia
Død

2. mars 1945 (73 år)
Victoria i British Columbia

Yrke kunstmålar, sjølvbiograf, skribent, keramikar, kunstnar
Rørsle Modernisme, post-impresjonisme, ekspresjonisme
Sjanger landskapsmåleri
Medlem av Canadian Group of Painters
Emily Carr på Commons

Bakgrunn endre

 
Emily Carr, Breton church, 1906

Carr vart fødd i Victoria i British Columbia i 1871, same år som British Columbia blei del av Canada. Ho var dotter av det engelske ekteparet Richard og Emily (Saunders) Carr,[4] og den nest yngste av ni sysken.[5] Familien budde i Birdcage Walk, (no Government Street) i James Bay-distriktet av Victoria, kort frå regjeringsbygningane (med kallenamnet Birdcages, 'Fuglebura') og bysentrum.

Carr-borna voks opp i ein heim dekorert etter engelsk tradisjon, med høge tak, pynta listverk og finstove.[6] Familien var presbyterianarar, med dagleg bibellesing og morgonbøn på sundagen. Kvar veke fekk eitt av borna i oppgåve av faren å lesa ei preike, og Emily hadde stadig vanskar med å gjera det.[7]

Far til Carr oppmuntra henne til å følgja dei kunstnariske tilbøyingane sine, men det var først i 1891, etter at foreldra var døde, at Carr tok kunsten sin seriøst. Ho studerte ved San Francisco Art Institute i to år (1890–1892) før ho vende tilbake til Victoria. I 1899 reiste Carr til London, der ho studerte ved Westminster School of Art. Ho drog også til kunstnarkolonien i St Ives i Cornwall, før ho drog attende til British Columbia i 1905. Ho underviste ved ein 'Ladies Art Club' i Vancouver, men hadde berre stillinga i ein månad – studentane var misnøgde med den uhøflege oppførselen hennar som omfatta røyking og stygge kommentarar til dei, og byrja å boikotta timane hennar.[8]

Tidlege møte med urfolk endre

I 1898, då ho var 27, utførte Carr si første skisse- og målereise til urfolksbusetnader.[9] Ho heldt til i ein landsby ved Ucluelet på vestkysten av Vancouver-øya, heimstaden til nuu-chah-nulth-folket som på den tida vanlegvis blei kalla Nootka av engelskspråklege folk.[9] Carr fortalde seinare at tida her gjorde eit vedvarande inntrykk på henne, og interessa hennar for livet og kulturen til nordamerikanske urfolk blei styrkt av ei reise til Alaska med systera Alice ni år seinare.[9]

Virke i Frankrike endre

For å gjera seg betre kjend med dei skiftande kunstnariske stilane i samtida reiste Carr til Europa att i 1910 og studerte ved Académie Colarossi i Paris. Ho oppsøkte modernisten Harry Gibb med eit introduksjonsbrev saman med systera Alice.[10] Dei blei både sjokkerte og interesserte av verka hans,[11] som nytta fordreiing og sterke fargar.[10][12] Carr studerte med Gibb, og teknikken hans forma og påverka stilen hennar. Ho tok i bruk ein mykje sterkare fargepalett enn pastellfargane ho hadde frå den tidlegare britiske utdanninga si.[13]

Tilbake til Canada endre

 
Emily Carr, Autumn in France, 1911. National Gallery of Canada

Carr blei sterkt påverka av post-impresjonistane og fauvistane ho møtte og studerte med i Frankrike. Etter at ho vende heim i 1912 stelte ho til ei utstilling i atelieret sitt av sytti måleri som var representative for europaopphaldet. Med dette blei ho den første kunstnaren til å introdusera fauvismen til Vancouver.[14] Mange av skodarane blei sjokkerte over dei sterke fargane og mangelen på detaljar i verka hennar, ein negativ reaksjon som ikkje var heilt uventa.[15]

Cumshewa seems always to drip, always to be blurred with mist, its foliage always to hang wet-heavy ... these strong young trees ... grew up round the dilapidated old raven, sheltering him from the tearing winds now that he was old and rotting ... the memory of Cumshewa is of a great lonesomeness smothered in a blur of rain.", Emily Carr, Klee Wyck.

Sommaren 1912 reiste Carr nordover att, til øygruppa Haida Gwaii (Queen Charlotte Islands) og Skeena-elva, der ho dokumentere kunsten til haida-, gitxsan- og tsimshianfolk. I haidalandsbyen CumshewaMoresby-øya måla ho ein ramneskulptur som ho seinare utvikla til sitt ikoniske måleri Big Raven. Tanoo, eit anna måleri inspirert av materiale samla på denne turen, viser tre totempålar framfor husfasadar i landsbyen med same namn. Etter at ho hadde kome tilbake sør stelte Carr til ei utstilling i Drummond Hall av rundt 200 verk som var inspirert av turen. Ho heldt ei førelesing om urfolkssamfunna ho hadde vitja. Ho enda med eit oppfordring om å ta vare på denne gamle kanadiske kulturen før han forsvann.[16] Eit av føremåla med å måla gamle tomtepålar var å dokumentera dei før dei rotna, blei selde eller øydelagde, men provinsstyresmaktene ville ikkje kjøpa måleria hennar av dei fordi dei meinte fargane var for lite realistiske.[15]

Sjølv om ho hadde fått ein del positive reaksjonar, mangla Carr både kritisk og økonomisk støtte til å halda fram med arbeidet sitt i Vancouver.[15] I 1913 vende ho tilbake til Victoria, der fleire av systrene hennar framleis budde.[10]

I løpet av dei neste 15 åra måla Carr sjeldan. I staden dreiv ho eit pensjonat kalla House of All Sorts, som gav henne tittel og materiale til ei seinare bok. Dei trongare kåra gjorde at ho berre måla nokre få lokale scener, som klippene ved Dallas Road eller tre i Beacon Hill Park. Sjølv meinte ho at ho slutta å måla på denne tida, eller i det minste at kunst ikkje lenger var ei drivkraft i livet hennar.[17]

 
Emily Carr, Kitwancool, 1928

Aukande merksemd endre

Verket til Carr blei etterkvart kjend blant fleire innverknadsrike folk som kunne tilby støtte, mellom dei Marius Barbeau, ein framståande etnolog ved National Museum of Canada i Ottawa. Barbeau overtydde Eric Brown, direktøren for National Gallery of Canada, om å vitja Carr i 1927,[18] og Brown inviterte henne til å stilla ut verka sine som del av ei utstilling om urfolkskunst frå Vestkysten ved nasjonalgalleriet. Carr sende 26 oljemåleri i tillegg til keramikkarbeid og teppe med urfolkdesign.[19] Utstillinga, som også omfatta verk av Edwin Holgate og A.Y. Jackson, vitja også Toronto og Montreal.

Group of Seven endre

 
Emily Carr, Forest, British Columbia, 1931–32

Gjennom utstillinga av urfolkskunst kom Carr i kontakt med medlemmer av den såkalla Group of Seven, ei kunstnargruppe som på den tida var dei best kjende moderne målarane i Canada. Lawren Harris frå denne gruppa blei ein særleg støttespelar, og fortalde Carr at «du er ein av oss». Dette enda den kunstnariske isolasjon Carr hadde opplevd gjennom dei føre 15 åra. Det førte til ein av dei mest fruktbare periodane av kunstnarlivet hennar, der ho laga mange av sine best kjende verk. Gjennom omfattande korrespondanse med Harris blei Carr også var og studerte nord-europeisk symbolisme.[20]

Group of Seven påverka også Carr sine religiøse idear, særleg Lawren Harris gjennom si teosofiske tru, som Carr strevde med å sameina med si eiga gudsførestilling.[21] Carr mistrudde institusjonalisert religion, noko som gjennomsyrer kunsten hennar.[22] Gjennom påverknad frå teosofien byrja ho å danna eit nytt bilde av Gud som naturen. Ho forkasta kyrkja og religiøse institusjonar, og måla dei råe landskapa ho fann i den kanadiske villmarka som mystisk animerte av ein større ande.[22]

Frå slutten av 1920-talet og på 1930-talet føretok Carr fleire reiser vekk frå Victoria. Den siste turen hennar nordover fann stad sommaren 1928, då ho vitja Nass- og Skeena-elva og Haida Gwaii. Ho reiste også til Friendly Cove og nordaustkysten av Vancouver-øya, og deretter opp til Lillooet i British Columbia i 1933. I lag med at verket hennar blei betre kjend blei det stilt ut i London, Paris, Washington og Amsterdam, og i fleire kanadiske byar.[23] Carr hadde si første separatutstilling i Aust-Canada i 1935 ved Women's Art Association of Canada sitt galleri i Toronto.[24]

Northwest School endre

I was not ready for abstraction. I clung to earth and her dear shapes, her density, her herbage, her juice. I wanted her volume and I wanted to hear her throb.[25]

Carr stilte ut verk ved Artists of the Pacific Northwest sine utstillingar i Seattle i 1924 og 1925. Ein medutstillar, Mark Tobey, vitja henne i Victoria hausten 1928 for å undervisa ved atelieret hennar. Gjennom arbeid med Tobey vidareutvikla Carr forståinga si av samtidskunst og eksperimenterte med hans metodar av komplett abstraksjon og kubisme. Sjølv var ho motvillig til å gå like langt som Tobey.[20][26][27]

Trass motviljen skildrar Vancouver Art Gallery ein ny retning i Carr sin kunst på denne tida der ho går bort frå den dokumenterande impulsen og i staden byrjar konsentrera seg om å fanga det kjenslemessige og mytologiske innhaldet i totemutskjeringane. Dette gjorde ho ved å gje slepp på den vande post-impresjonistiske stilen sin og i staden måla sterkt stiliserte og abstraherte geometriske former.[26]

Forfattarskap og seinare liv endre

 
Emily Carr, Odds and Ends, 1939

Carr fekk eit hjarteåtak i 1937 og endå eit i 1939, og blei nøydd til å flytta inn hjå systera Alice for å koma seg til hektene att. I 1940 hadde Carr eit større slag, og i 1942 endå eit hjarteåtak.[28] Utan mogleik til å reisa meir, skifta Carr fokus frå måling til skriving. Med redigeringshjelp frå venen og engelskprofessoren Ira Dilworth kunne Carr gje ut si første bok, Klee Wyck, i 1941. For verket blei ho tildelt Governor-General's Award for sakprosa.[29][30]

Måleri frå det siste tiåret av Carr sitt liv viser ei aukande uro over dei miljømessige følgjene av industri på landskapet i British Columbia. Verka hennar frå denne tida viser uro rundt skogindustrien og innverknaden han hadde på økologien og liva til urfolk. I måleriet Odds and Ends frå 1939 «skifter det snauhogde landet og trestumpane fokus frå dei majestetiske skoglandskapa som lokka europeiske og amerikanske turistar til vestkysten og viser i staden følgja av avskoging.»[31]

Emily Carr hadde sitt siste hjarteåtak og døydde 2. mars 1945, i James Bay Inn i heimbyen Victoria, kort tid før ho skulle ha fått eit æresdoktorat av University of British Columbia.[32] Ho er gravlagd ved Ross Bay Cemetery.

Verk endre

 
Emily Carr, Deep Woods, 1936. Olje på papir.

Måleri endre

Carr blir hovudsakleg hugsa for måleria sine. Ho var ein av dei første kunstnarane som prøvde å avbilda anden til Canada i ein moderne stil. Tidlegare kanadisk kunst hadde hovudsakleg dreidd seg om portrett og representative landskap. Hovudtema i Carr sine seinare bilde var natur og urfolk.[3]

 
Emily Carr, Blunden Harbour, 1930

Måleria hennar kan delast inn i fleire fråskilde fasar: Tidlege verk, før studia i Paris; tidlege verk under fauvistisk påverknad frå tida i Paris; ein post-impresjonistisk mellomperiode[17] før ho blei kjend med Group of Seven; og ein seinare formell periode, under ein post-kubistisk påverknad frå Lawren Harris og Mark Tobey.[33] Carr brukte kol og akvarell til skissene sine, og seinare husmåling tynna med bensin på manilapapir.[34] Hovuddelen av dei mogne verka hennar er olje på lerret eller, når ho hadde lite pengar, olje på papir.

Emily Carr signerte kunsten sin M. E. Carr.[35]

Forfattarskap endre

Carr er også hugsa for forfattarskapen sin. Som i målarkunsten sin skreiv ho hovudsakleg om urfolk, men skreiv også sjølvbiografiske verk. I tillegg til Klee Wyck skreiv Carr The Book of Small (1942), The House of All Sorts (1944), og fleire bøker som blei gjevne ut posthumt: Growing Pains (1946),[10] Pause, The Heart of a Peacock (1953) og Hundreds and Thousands (1966).

Omdøme endre

 
Utan tittel (sjølvportrett), 1924-1925

Carr sitt eige liv gjorde henne til eit «kanadisk ikon», i følgje Canadian Encyclopedia. I tillegg til å vera ein original og sterk kunstnar[36] blomstra ho seint i livet, og byrja verket ho er best kjend for som 57-åring (sjå Grandma Moses). Carr var også ein kunstnar som sigra mot alle odds som ein nyskapande kunstnar i eit samfunn som var framand for artistiske nyvinningar, og som hovudsakleg isolert frå større kunstsenter. Som ein tidleg kvinneleg kunstpioner blei ho også eit symbol for kvinnerørsla (som Georgia O'Keeffe, som ho møtte i New York by i 1930).[3]

I 1952 blei verk av Emily Carr stilte ut saman med verk av David Milne, Goodridge Roberts og Alfred Pellan for å representera Canada ved Veneziabiennalen. [37] På 1960-talet blei ho stilt ut ved Galerie L'Art français.[38]

12. februar 1971 gav Canada Post ut eit frimerke med verdien 6 cent med påskrifta «Emily Carr, painter, 1871–1945». Frimerket var utforma av William Rueter og basert på Carr sitt måleri Big Raven (1931).[39] 7. mai 1991 gav Canada Post ut eit 50 cents-frimerke med påskrifta «Forest, British Columbia, Emily Carr, 1931–1932» utforma av Pierre-Yves Pelletier og basert på Forest, British Columbia (1931–1932).[40]

I 2014-2015 heldt Dulwich Picture Gallery i London ei separatutstilling for Emily Carr for første gong i Storbritannia.

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Morra, Linda M. (2005). «Canadian Art According to Emily Carr». Canadian Literature 185: 43–57. ISSN 0008-4360. 
  2. Lamoureux (2006)
  3. 3,0 3,1 3,2 A "Canadian icon". Canadian Encyclopedia
  4. Vancouver Art Gallery
  5. BC Heritage
  6. Braid (2000), p. 13.
  7. Braid (2000), s. 15–16.
  8. Braid (2000), s. 55–56.
  9. 9,0 9,1 9,2 Tippett, Maria (1979). Emily Carr: A Biography. Toronto: Oxford University Press. s. 49–50. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 Carr (2005)
  11. Braid (2000), s. 61–63.
  12. "Mr Gibb's landscapes and still life delighted me — brilliant, luscious, clean. Against the distortion of his nudes I felt revolt."
  13. Braid (2000), s. 66.
  14. Baldissera (2015), s. 9.
  15. 15,0 15,1 15,2 Vancouver Art Gallery, Early totems
  16. I glory in our wonderful west and I hope to leave behind me some of the relics of its first primitive greatness. These things should be to us Canadians what the ancient Briton's relics are to the English. Only a few more years and they will be gone forever into silent nothingness and I would gather my collection together before they are forever past. Shadbolt (1979), p. 38.
  17. 17,0 17,1 Shadbolt (1990), p. 42.
  18. Shadbolt (1990), s. 52.
  19. Shadbolt (1990), p. 53.
  20. 20,0 20,1 Vancouver Art Gallery, Artistic Context
  21. Shadbolt (1990), p. 58.
  22. 22,0 22,1 Walker (1996), s. 114.
  23. Breuer & Dodd (1984)
  24. Holmlund & Youngberg (2003)
  25. Carr (2005), s. 457.
  26. 26,0 26,1 Vancouver Art Gallery, Modernism and Late Totems
  27. Appelhof (1988)
  28. Vancouver Art Gallery, Chronology
  29. National Historic Person
  30. Governor General's Award
  31. "the cleared land and tree stumps shift the focus from the majestic forestscapes that lured European and American tourists to the West Coast to reveal instead the impact of deforestation." Baldissera (2015), p. 36.
  32. Shadbolt (1990), s. 182.
  33. Shadbolt (1990), p. 70.
  34. Vancouver Art Gallery, Technical Practices
  35. Emily Carr signature on Find Art Info
  36. "an artist of stunning originality and strength"
  37. Venice Biennale
  38. Galerie L'Art français
  39. Canada Post Stamp (1971)
  40. Canada Post Stamp (1991)

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Nettstader
  Commons har multimedium som gjeld: Emily Carr