Kanadisk kunst oppstod blant kanadiske urfolk og hadde særleg form av skulpturar i stein, bein, tre og liknande.[1] Ei kjend form frå vestkysten er totempålar, medan den menneskeliknande vardetypen inuksuk var utbreidd i nord.

Omformingsmaske laga av kwakwaka'wakwfolk på 1800-talet.

Den største samlinga av kanadisk urfolkskunst finst i dag ved Canadian Museum of History i Ottawa.[1] National Gallery of Canada tek vare på og stiller ut kanadisk kunst frå eldre og nyare tid, og har etter eige utsegn «one of the finest collections of Indigenous and Canadian art in the world».[2]

Urfolkskunst endre

 
Haida-totempåle i Thunderbird Park i British Columbia

Urfolk i det som no er Canada har skapt ulike former for kunst i tusenvis av år, før europeiske kolonistar slo seg ned i området og før Canada blei ein eigen stat. Nett som folkegruppene som skapte dei, går innfødde kunsttradisjonar over dei nasjonale grensene mellom Canada og USA. Ein deler ofte innfødde kunsttradisjonar inn etter kulturelle, språklege eller regionale grupper, der den vanlegaste inndelinga er nordvestkyst, nordvestplatå, sletter, austlege skogar, subarktisk og arktisk.[3] Som ein kan venta finst det stor variasjon i dei ulike kunsttradisjonane til desse mange ulike gruppene.

Mange kunstverk som er tekne vare på i museumsamlingar stammar frå tida etter europeisk kontakt, og viser spor etter kreativ bruk og tilpassing av europeiske handelsvarer, som metall og glasperler. Dei distinkte métis-kulturane som vaks fram frå interkulturelle tilhøve mellom urfolk og europearar har også bidrege til nye kulturalle hybride kunstformer.

På 1800-talet og fyrste halvdel av 1900-talet dreiv kanadiske styresmakter ein aktiv assimileringspolitikk retta mot urfolk. Eit av verkemidla i denne politikken var Indian Act, som la ned forbod mot å utøva tradisjonell religion og styringsformer, som Sun Dance og Potlatch. Dette forbodet omfatta kunst knytt til desse tilstellingane.[4] Det var fyrst på 1950- og 1960-talet at innfødde kunstnarar som Mungo Martin,[5] Bill Reid[6] og Norval Morrisseau[7] byrja å fornya og i nokre høve finna opp att innfødde kunsttradisjonar offentleg. I dag finst det mange urfolkskunstnarar innan alle medium i Canada. Edward Poitras[8] og Rebecca Belmore[9] har representert Canada ved den presisjetunge Veneziabiennalen i høvesvis 1995 og 2005. Creekunstnaren Kent Monkman er den einaste kanadiske kunstnaren til å bli gjeven ei bestilling av The Metropolitan Museum of Art. I 2019 skapte han diptyket mistikôsiwak (Wooden Boat People) som del av ein ny serie samtidskunstprosjekt til museet sin Great Hall.[10]

Tidleg kolonitid endre

Fransk kolonitid (1665–1759) endre

 
Heilage Anna og jomfrua. Frå 1700-talet.

Tidlege utforskarar som Samuel de Champlain laga skisser av det nordamerikanske området dei drog rundt i. Dei dokumenterte også konfliktar mellom europeisk kolonistar og urfolk. Til dømes viser ei teikning av Champlain som blei gjeven ut i 1613 eit slag mellom folka til Champlain og haudenosauneefolk som fann stad ved dagens Lake Champlain i 1609.[11]

 
Marguerite Bourgeoys, ca. 1700, av Pierre le Ber.

Kunsten i fransk Canada på 1600- og 1700-talet var knytt til den katolske kyrkja, som var den fyrste institusjonen til å gje kunstnarisk støtte.[12] Abbé Hughes Pommier var truleg den fyrste målaren i Ny-Frankrike. Pommier forlét Frankrike i 1664 og virka som prest ulike stader før han hovudsakleg vigde seg måling. For målarar i Ny-Frankrike som Pommier og Claude François (hovudsakleg kjend som Frère Luc) var ideala frå høgrenessansen viktige, med religiøse avbildingar som ofte var formelt komponert med klede og settingar som verka stamma frå klassisk tid.[13] Særleg typisk på denne tida var kyrkjeutsmykking og religiøse treskulpturar.[1]

Mot slutten av 1600-talet auka folkesetnaden i Ny-Frankrike jamt, men området blei isolert frå Frankrike i aukande grad. Det kom færre kunstnarar dit frå Europa, men lokale kunstnarar heldt fram med oppdrag frå kyrkja. Det blei danna to skular i Ny-Frankrike for å undervisa i kunst, og ei rekkje kunstnarar verka i Ny-Frankrike fram til den britiske erobringa av kolonien.[14] Pierre Le Ber, frå ein velståande familie frå Montreal, er ein av dei best kjende og beundra kunstnarane frå denne perioden. Ein trur han var sjølvlært, ettersom han aldri forlét Ny-Frankrike. Særleg avbildinga hans av heilage Marguerite Bourgeoys er blitt omtalt som «det mest rørande enkeltbildet som overlever frå den franske tida.»[a] av kunsthistorikaren Dennis Reid.[15]

Tidleg kunst i Britisk Nord-Amerika endre

Dei tidlege hamnebyane Nova Scotia og Newfoundland hadde ikkje same kunstnarisk vekst som Ny-Frankrike, i stor grad grunna det protestantiske synet deira om at kyrkjer skulle vera enkelt dekorerte, utan måleri eller skulpturar. Omreisande kunstnarar selte verk i ulike busetnader. Nederlandsk-fødde Gerard Edema skal ha stått for det fyrste landskapsmåleriet frå Newfoundland tidleg på 1700-talet.[16]

Britisk kolonitid (1759–1820) endre

 
A View of Montreal in Canada, Taken from Isle St. Helena in 1762 av Thomas Davies

I engelsk Canada var motiv frå naturen populære, til dømes fjell og fossar. Etter kvart blei også heroiserande slagmotiv og portrett av generalar og indianarhovdingar vanlege. To kunstnarar som blei svært populære var Paul Kane og Cornelius Krieghoff.[1]

Britiske militærtopografar endre

Etter kampen om Quebec var det att mange britiske soldatar i garnisonar på strategiske stader i landet. Når desse soldatane hadde permisjon, laga mange av dei skisser eller måleri av kanadiske landskap og folk, som ofte blei selde på europeiske marknadar der det var stor interesse for eksotiske, pittoreske bilete frå koloniane. Mange av offiserane i regimenta som blei sende til Nord-Amerika hadde gått på Royal Military Academy i Woolwich, der akvarellmåling var ein del av kurset.[17] Soldatar var meint å bruka desse evnene til å dokumentera landa dei kom til.[18] Thomas Davies er blitt omtalt som ein av dei mest evneriket. Han avbilda mellom anna erobringane av Louisburg og Montreal.[19] Mange av teikningane og måleria til Richard Short blei trykka opp for å spreia kunnskap om britisk ekspansjon. I 1761 danna til dømes skissene til Short grunnlaget for eit sett av trykk som viste den britiske erobringa av Quebec by to år tidlegare.[20] Den skotskfødde George Heriot var ein av dei fyrst kunstnar-solatane til å slå seg ned i Canada, og gav ut Travels Through the Canadas i 1807 som inneheldt akvatint-trykk av verka hans.[21] James Cockburn var også ein produktiv kunstnar som skapte utsyn over Quebec by og omlandet.[22] Forshaw Day var teknisk teiknar ved Her Majesty's Naval Yard frå 1862 til 1879 i Halifax i Nova Scotia, og flytta så til Kingston i Ontario for å undervisa i teikning ved Royal Military College of Canada frå 1879 til 1897.

Gullalderen i Nedre Canada endre

På slutten av 1700-talet byrja kunstlivet i kolonien Nedre Canada å bløma på grunn av mange bestillingar frå allmugen og kyrkja.c Særleg portretttmåleri hadde ei stordomstid i denne perioden, ettersom denne sjangeren hadde større rom for endring og innovasjon. François Baillairgé var ein av dei fyrste av denne generasjonen kunstnarar. Han kom heim til Montreal i 1781 etter å ha studert skulptur i London og Paris. Rokokkostilen påverka fleire kanadiske kunstnarar som søkte mot det lette og bekymringslause frå stilen i sine måleri. Baillairgé tok derimot ikkje til seg rokokko, men fokuserte i staden på skulptur og lære påverka av nyklassisismen.[23]

 
'Brannen i parlamentsbygningen i Montreal' av Joseph Légaré frå 1849.

Kunstnarar i Nedre Canada utvikla seg uavhengig frå Frankrike etter at sambandet mellom områda blei brote under den franske revolusjonen og Napoleonskrigane. Sjølv om han ikkje budde i Nedre Canada, tok William Berczy del i den kunstnariske veksten i denne tida. Han immigrerte til Nord-Amerika frå Europa, kanskje Sachsen, og fullførte fleire viktige portrett av leiande figurar. Han måla til dømes tre portrett av kanien’kehá:ka-leiaren Joseph Brant, medan det best kjende verket hans, The Woolsley Family, blei til i Quebec by i 1808–09. Måleriet viser portrett i full lengd av alle medlmmer av familien Woolsley, og er omtykt for det komplekse arrangemenet sitt av figurar, dekorative golvpanel og det detaljerte utsynet over landskapet gjennom det opne vindauget.[24] Kunsthistorikaren J. Russell Harper har hevda det var på denne tida kanadisk kunst utvikla ein fullstendig kanadisk karakter.[25]

Ein ny generasjon kunstnarar vidareførte denne oppblomstringa av kunstnerisk vekst frå kring 1820-talet. Joseph Légaré blei utdanna som dekorasjons- og kopimålar. Dette hindra ikkje den kunstnariske kreativiteten hans, og han var ein av dei fyrste kanadiske kunstnarane som skildra det lokale landskapet. Légaré er mest kjend for avbildingane sine av katastrofar som kolerapest, steinras og brannar.[26] Antoine Plamondon, ein elev av Légaré, heldt fram studia sine i Frankrike som den fyrste fransk-kanadiske kunstnaren på 48 år. Plamondon blei den mest suksessrike kunstnaren i denne perioden, i stor grad på grunn av bestillingar av religiøse verk og portrett.[27]

Krieghoff og Kane endre

 
Cornelius Krieghoff, Indian Wigwam in Lower Canada, National Gallery of Canada.

Verka til dei fleste tidlege kanadiske målarane var sterkt påverka av europeiske trendar. På midten av 1800-talet måla Cornelius Krieghoff, ein nederlandsk-fødd målar i Quebec, scenar frå livet til dei såkalla habitants, fransk-kanadiske gardbrukarar. På omtrent same tid måla kanadiske Paul Kane bilde av livet til urfolk kring Dei store sjøane, i Vest-Canada og i Oregon-territoria. Figuren av «den innfødde» spelte ulike roller i kunst, mellom anna som eit bindeledd til miljøet og som ein modell for politisk motstand.[28] Kane og andre vestlege kunstnarar følgde opp etterspurnad i Europa etter misleiande og stereotypiske bilete av valdelege præriekrigarar. Kane sitt dramatiske måleri The Death of Omoxesisixany (Big Snake) (1849–56) var det einaste verket hans som blei masseprodusert og selt i stor skala i hans levetid.[29]

Kunst i Dominion of Canada endre

 
Summit Lake near Lenchoile, Bow River, Canadian Pacific Railway (1886) av John Fraser.

Society of Canadian Artists in Montreal blei skipa i 1867 av ei gruppe professjonelle målarar, mellom dei John Fraser, John Bell-Smith (far til Frederic Marlett Bell-Smith) og Adolphe Vogt.[30] Gruppa representerte moglegheitane desse kunstnarane følte dei hadde i byen som ein utstillingsstad for kunst.[31] Kunstnarane i gruppa hadde ulike bakgrunnar, med mange nye kanadiarar og andre med fransk brakgrunn frå Ontario og Quebec. Gruppa hadde ikkje eit felles filosofisk eller kuntnarisk mål, men prøvde i hovudsak å tekkast allmugen for å kunna få inntekter. Romantisismen var den viktigaste stilpåverkanden deira, men realismen fekk ein aukande innverknad med opphav i Barbizon-skulen som praktisert av kanadiarane Homer Watson og Horatio Walker.[32] Laget varte ikkje lenger enn til 1872.[33] Ontario Society of Artists, som blei skipa i Toronto i 1872, held framleis utstillingar.[34]

Royal Canadian Academy blei skipa i 1880, og er også framleis aktivt. Det bygde på modellen til det britiske Royal Academy of Arts, med eit medlemshierarki, og gav ein ny nasjonal kontekst og framsyningsrom for biletkunst i landet.[35]][36] Under leiarskapen til Robert Harris arbeidde RCA aktivt for å fremja kanadiske kunstnarar i internasjonale utstillingar, som ved Louisiana Purchase Exposition i 1904.

Modernisme endre

 
Emily Carr, Indian War Canoe, 1912.
 
Florence H. McGillivray, Afterglow, ca. 1914, National Gallery of Canada.

Frå slutten av 1890-åra blei kunsten påverka av fransk impresjonisme. Kring 1910 oppstod det i Toronto ein reaksjon på denne kunsten, og nokre målarar gjekk saman i gruppa Group of Seven, som ville skapa ein ny og eigen kanadisk kunst. Dei var hovudsakleg landskapsmålarar og valde motiv frå villmarka. Formspråket deira var figurativt, og det finst parallellar i mellom anna samtidig norsk nasjonalromantisk og symbolistisk måleri. Gruppa bestod av Tom Thomson (1877-1917), J.E.H. MacDonald (1873-1932), Lawren Harris (1885-1970), Arthur Lismer (1885-1909), F. Horsman Varley (1881-1969), Franklin Carmichael (1890-1945) og Frank H. Johnston (1888-1949).[1] Group of Seven, eller Algonquin-skulen, ville finna ein eigen nasjonal identitet gjennom direkte kontakt med kanadisk natur.[37] Dette var den fyrste større kunstrørsla i Canada.[38] Dei hadde ein felles påverknad frå tidleg europeisk modernisme, medrekna impresjonisme og post-impresjonisme.[39]

Gruppa blei etterfølgd av Canadian Group of Painters i 1933, med medlemmar frå Beaver Hall Group, som hadde stilt ut saman med Group of Seven både nasjonalt og internasjonalt.[40][41] Canadian Group of Painters hadde sterke ekspresjonistiske trekk. Emily Carr frå British Columbia skapte bilde med motiv frå urfolkskulturen på vestkystøyane.[1]

Modernismen hadde lenge problem med å finna fotfeste i Canada. Gjennombrotet kom først i 1948 i Québec. I spissen for ei avantgardistisk rørsle, den såkalla automatismen, stod Paul-Émile Borduas. Dette innebar eit definitivt gjennombrot for ein franskpåverka surrealisme og abstrakt kunst i Canada.[1]

Frå 1950-åra framstod Toronto som metropolen, også kunstnarisk. Gruppa Painters Eleven var framståande, med sentrale figurar som J.W.G. MacDonald, Jack Bush, Harold Town og William Ronald. Av den meir internasjonalt orienterte gruppa rundt galleriet Isaac kan nemnast sentrale namn som Michael Snow, Graham Coughtry, Joyce Wieland, Gordon Rayner, Dennis Burton, Robert Hedrick og John Meredith.[1] Grupperinga Regina Five oppstod som ei nemning for fem abstrakte målarar, Kenneth Lochhead, Arthur McKay, Douglas Morton, Ted Godwin og Ronald Bloore, som stilte ut saman i 1961 i National Gallery of Canada som Five Painters from Regina.[42]

 
Théâtre de cristal av Kent Monkman.

I 1960- og 1970-åra opplevde Canada ein ny nasjonalisme som sprang ut frå ønsket om meir sjølvstende frå USA. Den nasjonalistiske kunstnargruppa rundt Jack Chambers og Greg Curnoe blei dominerande. Moderne kanadisk kunst har likevel vore sterkast påverka av USA-amerikansk kunst, særleg av Jackson Pollock. Ein leiande internasjonalt orientert og kjend kunstnar var Jean Riopelle (1923-2002).[1]

Urfolkstradisjonar, som inuittisk kunst, har også vore ei viktig inspirasjonskjelde i moderne kanadisk kunst. I 1960-åra starta kanadiarane KSAN-prosjektet, som gjekk ut på å blåsa nytt liv i urfolkskunst, også litteratur og musikk. Ein tok opp igjen gamle tradisjonar, legender og mytar, og søkte tilbake til dei eldste kjende mønstera og stilretningar innan treskurd og annan biletkunst.[1] Samtidskunstnarar som Faye HeavyShield og Kent Monkman har nytta urfolkstradisjonar og -erfaringar i ulike former for installasjonar.

Merknadar endre

  1. "the single most moving image to survive from the French period"

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «kunst i Canada» (7. november 2012) i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Our History» (på engelsk). National Gallery of Canada. Henta 16. april 2023. 
  3. «Exhibitions». Canadian Museum of Civilization. Arkivert frå originalen October 20, 2009. Henta 24. mars 2021. 
  4. Tippett 2017, s. 75.
  5. Tippett 2017, s. 77-78, 129-128, 132-133.
  6. "Bill Reid", The Canadian Encyclopedia
  7. Norval Morrisseau. Arkivert frå originalen February 10, 2018. Henta 23. mars 2021. 
  8. Edward Poitras, Encyclopedia of Canada
  9. Charleyboy, Lisa (15. mars 2014), First Nations artist Rebecca Belmore creates a blanket of beads, CBC News, arkivert frå originalen 12. november 2015, henta 23. mars 2021 
  10. Madill, Shirley (2022). Kent Monkman: Life & Work (på engelsk). Toronto: Art Canada Institute. ISBN 978-1-4871-0280-7. 
  11. Brandon, Laura (2021). War Art in Canada: A Critical History. Toronto: Art Canada Institute. ISBN 978-1-4871-0271-5. 
  12. Harper, 3.
  13. Harper, 4-5.
  14. Harper, 19–20.
  15. Reid, 10.
  16. Harper, 27–28.
  17. "Adamson, p.5."
  18. Reid, 15.
  19. Reid, 16.
  20. Brandon, Laura (2021). War Art in Canada: A Critical History. Toronto: Art Canada Institute. ISBN 978-1-4871-0271-5. 
  21. Reid, 19.
  22. Adamson, s. 5
  23. Harper, 56-62.
  24. Reid, 28.
  25. Harper, 67.
  26. Reid, 42.
  27. Reid, 42.
  28. Vigneault, Louise (2015). Ian M. Thom, red. "Portraying Indigenous Peoples in Nineteenth-Century Art: Conciliatory, Resistant, Immutable". Embracing Canada: Landscapes from Krieghoff to the Group of Seven. Vancouver and London, Eng.: Vancouver Art Gallery and Black Dog Publishing. s. 17–23. Henta 20. mai 2021. 
  29. Brandon, Laura (2021). War Art in Canada: A Critical History. Toronto: Art Canada Institute. ISBN 978-1-4871-0271-5. 
  30. "Adamson, p.12
  31. Reid, 80.
  32. Harper, 179–81.
  33. Adamson, s. 12
  34. «The Founding of the Society and its First Exhibition». Archives of Ontario. Arkivert frå originalen 7. september 2015. Henta 23. mars 2021. 
  35. "Adamson, p.14
  36. Records of the Founding of the Royal Canadian Academy of the Arts. Toronto: Globe Printing Co. 1879–80. ISBN 9780665132964. 
  37. Housser, F. B. (1926), A Canadian Art Movement, Toronto, Ontario, s. 24 
  38. Chilvers, Ian, Glaves-Smith, John (27. august 2009), «Group of Seven», A Dictionary of Modern and Contemporary Art (Oxford University Press), ISBN 9780199239665, henta 18 October 2011 
  39. Murray 1999, s. 32.
  40. Meadowcroft, Barbara (1999). Painting friends: the Beaver Hall women painters. Montreal, Quebec, Canada: Véhicule Press. ISBN 1-55065-125-0. 
  41. Harris, Lawren, Murray, Joan (1993), The Best of the Group of Seven, McClelland & Stewart, 1993, ISBN 9780771066740, henta 19. oktober 2011 
  42. Terry Fenton, "ECAS And What It Stands For", ECAS 15th Annual Exhibition catalogue essay
Bibliografi

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kanadisk kunst
Litteratur