John Ware
John A. Ware (fødd 2. mai 1944) er ein amerikansk trommeslagar og perkusjonist, mest kjend som studiomusikar og turnémusikar for andre artistar.
John Ware | |||
Fødd | 2. mai 1944 (80 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tulsa i Oklahoma | ||
Fødenamn | John A. Ware | ||
Sjanger | Country, countryrock | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Stone Poneys, First National Band, Emmylou Harris | ||
Verka som | Musikar |
I 1965 byrja Ware å spele i bandet Laughing Wind, som sidan fekk namnet West Coast Pop Art Experimental Band.[1] Ware var medlem av dette bandet fram til 1968.[2]
Ware vart så medldem av The Corvettes, i lag med mellom andre Chris Darrow (gitar, vokal), Jeff Hanna (gitar, vokal), John London (bass) og Bernie Leadon (gitar, vokal).[3] Dei spelte inn to singlar, begge produserte av Michael Nesmith.[4] Linda Ronstadt leigde inn The Corvettes til å vere den andre versjonen av turnébandet sitt, Stone Poneys.[5]
I perioden i The Stone Poneys, vart Ware vener med Michael Nesmith. Då Nesmith slutta i The Monkees, var det Ware sin idé om å skipe First National Band, med Ware, London, Nesmith og Red Rhodes (pedalsteelgitar).[6][7] The First National Band spelte inn tre album i løpet av eitt år, men vart så oppløyst. Dei fekk ein radiohit med songen «Joanne».[8]
Ware spelte òg på konsertopptak i lag med Nesmith i 1977 som kom ut på albumet Live at the Palais i 1978.
Etter First National Band vart oppløyst, spelte Ware som studiomusikar i California og turnerte med John Stewart, Hoyt Axton og Ian Matthews. I 1973 vart han igjen trommeslagar for Linda Ronstadt.[9] I 1975 vart Ware medlem av bandet til Emmylou Harris, Hot Band, i lag med Glen D. Hardin, James Burton, Hank Devito, Emory Gordy jr. og Rodney Crowell. Ware spelte med Harris fram til 1982.[8][10]
I 2004 kom det originale Hot Band (med Ware) saman att for ein enkel konsert i Nashville då ASCAP gav Harris ein Founders Award.[11]
I 2013 spelte Harris og Rodney Crowell inn eit album med duettar, Old Yellow Moon, der Ware var ein av musikarane..[12][13]
I nokre månadar i 2017 var Ware medlem av Wild Mountain i Denver.[14]
Diskografi
endre- 1970: Magnetic South (RCA Victor)
- 1970: Loose Salute (RCA Victor
- 1971: Nevada Fighter (RCA Victor)
Med Emmylou Harris and the Hot Band
endre- 1975: Elite Hotel (Reprise)
- 1976: Luxury Liner (Warner Bros.)
- 1978: Quarter Moon in a Ten Cent Town (Warner Bros.)
- 1979: Blue Kentucky Girl av Emmylou Harris (Warner Bros.)
- 1979: Light of the Stable (Warner Bros.)
- 1980: Roses in the Snow (Warner Bros.)
- 1981: Evangeline (Warner Bros.)
- 1981: Cimarron (Warner Bros.)
- 1982: Last Date (Warner Bros.)
- 1983: White Shoes (Warner Bros.)
Med Wild Mountain
endre- 2017: Wild Mountain - Greengrass (self-released)
Som produsent
endre- 1975: Steve Gillette - Back On The Street Again (Outpost)[15]
Andre
endre- 1969: Ed Sanders - Sanders' Truckstop (Reprise)[16]
- 1970: Compton & Batteau - In California (Columbia)
- 1970: Jesse Ed Davis - Jesse Davis (Atco)
- 1971: Hoyt Axton - Country Anthem (Capitol)
- 1972: Guy Carawan - The Telling Takes Me Home (Cur Non)
- 1972: Chris Darrow - Artist Proof (Fantasy)
- 1972: Maxfield Parrish - It's A Cinch To Give Legs To Old Hard-Boiled Eggs (Cur Non) spelt inn 1969
- 1973: John Beland - John Edward Beland (Scepter)
- 1976: Jonathan Edwards - Rockin' Chair (Reprise)
- 1976: Harvest - Never Thirst Again (Pure Joy)
- 1976: Kaleidoscope - When Scopes Collide (Pacific Arts)
- 1976: Mary Kay Place - Tonite! At the Capri Lounge Loretta Haggers (Columbia)
- 1977: Karla Bonoff - Karla Bonoff (Columbia)
- 1977: Jackie DeShannon - You're the Only Dancer (Amherst)
- 1977: Jonathan Edwards - Sailboat (Warner Bros.)
- 1977: Walter Egan - Fundamental Roll (Columbia)
- 1978: Michael Nesmith - Live at the Palais (Pacific Arts)
- 1978: Rodney Crowell - Ain't Living Long Like This
- 1979: Rosanne Cash - Right or Wrong (Columbia)[17]
- 1979: George Jones - My Very Special Guests (Epic)
- 1979: Albert Lee - Hiding (A&M)[18]
- 1983: Larry Groce - Medicine Man (Broadbeach)
- 1983: Ricky Skaggs - Don't Cheat in Our Hometown (Sugar Hill)
- 1986: Janie Frickie - Black and White (Columbia)
- 2003: Robb Strandlund - Live (Industry) spelt inn 1976
- 2013: Emmylou Harris og Rodney Crowell - Old Yellow Moon (Nonesuch)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Ware» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Bruno Ceriotti (3. desember 2010). «West Coast Pop Art Experimental Band Family Tree & Shows List». Rock Prosopography 102. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Mark Deming. «The West Coast Pop Art Experimental Band: Biography». Billboard. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Vaughan, Andrew (Dec 12, 2014). The Eagles FAQ: All That's Left to Know about Classic Rock's Superstars (1 utg.). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Early Country Rock». Office Naps. 6. september 2010. Arkivert frå originalen 8. september 2015. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ uncredited (1. november 1968). «Gypsy Eyes». Cleveland Scene. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Six Degrees of Monkees». monkeeTV. 6. august 2013. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Einarson, John (2001). Desperados: The Roots of Country Rock (1 utg.). Rowman & Littlefield. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ 8,0 8,1 Brian T. Marchese (30. april 2012). «Interview with John Ware (yes, THAT John Ware)». Where's That Sound Coming From. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Richard Selinkoff (26. mars 2016). «John Ware 1971-1975». Name Dropping. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Erlewine, Michael (1997). All Music Guide to Country: The Experts' Guide to the Best Recordings in Country (1 utg.). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Shelburne, Craig (9. november 2004). «Harris’ Original Hot Band Reunited at ASCAP Awards». CMT News. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Parrish, Randall (11. april 2013). «Essentials: Emmylou Harris & Rodney Crowell ‘Old Yellow Moon’». Vivascene. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Minkin, Jay (13. februar 2013). «Richard Thompson , Emmylou Harris and Rodney Crowell are Record Magic». No Depression. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Wild Mountain getting better and better». DenverCeltic Music. 2. oktober 2016. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ «Steve Gillette: Vocals, Guitar». About The Man. 14. juli 2017. Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Sanders, Ed (Dec 13, 2011). Fug You: An Informal History of the Peace Eye Bookstore, the Fuck You Press, the Fugs, and Counterculture in the Lower East Side (1 utg.). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Cash, Rosanne (Aug 10, 2010). Composed: A Memoir (1 utg.). Henta 28. oktober 2020.
- ↑ Watts, Derek (18. april 2008). Country Boy: A Biography of Albert Lee (1 utg.). Henta 28. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2020-11-02 ved Wayback Machine.