Viking Fotballklubb

(Omdirigert frå FK Viking)

Viking Fotballklubb er ein fotballklubb i Stavanger. Klubben spelar i Eliteserien og har eit lag i 3. divisjon avdeling 3. Noverande hovudtrenar er Bjarne Berntsen.

Viking
Fullt namnViking Fotballklubb
KallenamnDei mørkeblå
Grunnlagd10. august 1899
HeimebaneSR-Bank Arena
(kapasitet: 16 600)
StyreformannChristian Rugland
HovudtrenarBjarte Lunde Aarsheim, Morten Jensen
LigaEliteserien
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Klubben vart grunnlagd den 10. august 1899. Laget spelar heimekampane sine på Viking Stadion i Jåttåvågen. Viking Stadion vart opna den 1. mai 2004. Før det nye stadionet opna var Stavanger StadionEiganes heimebana. Draktene til laget har mørkeblå trøyer, kvite bukser og mørkeblå sokkar.

Viking er den største og leiande fotballklubben i Rogaland fylke. Fotballklubben har vore mellom dei beste i norsk fotball ei rad år. Særleg på 1970-talet vann klubben mange seriemeisterskap. Lenge låg klubben på fyrsteplass på maratontabellen for øvste divisjon i norsk fotball. Etter seriegullet i 1991 har klubben ofte ikkje kjempa heilt i toppen, og har kome bak Rosenborg på maratontabellen.

Merittar endre

Kjende spelarar endre

 
Brede Hangeland vart cupmeister med Viking i 2001
Reidar Kvammen Isak Arne Refvik
Edgar Falch Bjarne Berntsen
Sverre Andersen Svein Fjælberg
Olav Nilsen Erik Thorstvedt
Reidar Goa Gunnar Aase
Sigbjørn Slinning Thomas Myhre
Svein Kvia Erik Nevland
Erik Johannessen Brede Hangeland
Trygve Johannessen Rune Jarstein

André Danielsen er den Vikingspelaren med flest kamper, 552 fram til han slutta i 2019.

Supporterklubb endre

VikingHordene er Viking F.K. sin offisielle supporterklubb.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre