Noregsmeisterskapen i fotball for menn 1959
Viking vart noregsmeister etter at dei vann over Sandefjord Ballklubb med 2–1 den 25. oktober. Målskårarar for Viking var Rolf Bjørnsen som skåra i det 16. minutt og Gustav Hult som skåra i det 97. minutt. For Sandefjord skåra Erik Kristiansen i det 30. minutt.
Sesong | 1959 | ||
---|---|---|---|
Tittelforsvarar | Skeid | ||
Finaledato | 25. oktober | ||
Vinnar | Viking (2. tittel) | ||
Finalist | Sandefjord | ||
Finaleresultat | Viking - Sandefjord 2–1 | ||
Arena | Ullevaal Stadion i Oslo | ||
Finaledommar | Trygve Dahlgren | ||
Tilskodarar | 28 195 | ||
← 1958
1960 → |
28 195 tilskodarar såg kampen som vart spelt på Ullevaal Stadion i Oslo. Dommar var Trygve Dahlgren. Dette var andre gongen Viking vann ein noregsmeisterskap.
Vikings vinnarlag: Sverre Andersen, Otto Hermansen, Leif Nicolaisen, Kåre Bjørnsen, Edgar Falch, Sigurd Wold, Rolf Bjørnsen, Olav Nilsen, Åsbjørn Skjærpe, Gustav Hult og Hans Andersen. Trenar: Georg Monsen.
Sandefjords lag: Per Elnan, Kjell Østby, Yngve Karlsen, Ernst Norli, Thorbjørn Svenssen, Carl Thuve, Rolf Johansen, Hans Sperre, Erik Kristiansen, Arvid Havnaas og Gunnar Guthu.
1. runde
endre2. runde
endre
|
|
3. runde
endre
|
|
4. runde
endre
|
Kvartfinalar
endre- Brann – Greåker 0-3
- Odd – Frigg 2-1
- Sandefjord BK – Larvik Turn 3-1
- Viking – Nessegutten 1-1, 4-0
Semifinalar
endre- Greåker – Sandefjord BK 0-2
- Viking – Odd 4-0
Finale
endre- Viking – Sandefjord BK 2-1 e.e.o.
Kjelder
endre- www.rsssf.no
- Aftenposten
- Einar Munthe-Kaas (red). Sportsrevy 1959. Norsk faglitteratur. ISSN 0804-0907.
- Viking sin hjemmeside
- Sandefjord Ballklubb sin hjemmeside