Fenta er ein gangar i 2/4-takt med mange variantar. Slåtten har vore nytta i Hordaland sidan 1700-talet, men dei fleste formene i dag er skrivne ned frå Telemark, der slåtten finst i to hovudtypar. Slåtten som mest ber namnet Fenta truleg vorte bygd ut av Svein Løndal frå Tuddal, og forma etter han er svært populær. På Rauland har slåtten gjerne vore kalla Rettarslåtten, i ei form som og er kjend under namnet Å so sulla ho mor. Soleis finn ein at dei to hovudtypane av slåtten i Telemark er knytt til aust- og vest-Telemark respektivt. Vesttelemarksforma kunne difor lett knytast til Myllarguten, medan auttelemarksforma moglegvis kan sporast attende til Håvard Gibøen, utan at ein kan seia noko visst om dette. Opphavet til slåtten er nok truleg Voss, og han har då kome over fjellet med Myllarguten og Knut Lurås.

Slåtten er rekna til hallingane, og alle former av slåtten er spela med ein viss driv, nytta til lausdans eller som snøgg Vesttelegangar.

Det finst slåttestev til nærpå alle formene av slåtten, noko som tyder på at slåttetona har vore lettfatteleg og folkekjær. Namnet Fenta skriv seg frå hokjønnsvarianten av ordet fant. Slåtten er ikkje i same gruppe som Kongsbergfenta. I Hardingfeleverket har slåtten nummer 155, og har 11 variantar, dei fleste frå Telemark.

Variantar endre

  • a: Vampaslåtten etter Ola Mosafinn, Voss [1][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 431). Forma er heller stutt. Mosafinn hadde slåtten etter faren Sjurd Liland, som lærte han bort til sonen i 1838. Ei vamp er ei stor sidtrøye i ulike leter. Denne slåtten var nytta til bryllaup, mot slutten av laget når jentene skulle finne ”vampane” sine. Når dei skulle heim att, song dei dette stevet: ”Kor æ vampen min, kor æ vampen min, kor i donderen vart det tå vampen min”.
  • h: Å so sulla ho mor på rokkjen sin, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [8][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1957 etter opptak i NRK (G 1071). G og H er svært nærskylde variantar, men denne er noko meir utbygd.

Supplementsform: