Kapp Verde

(Omdirigert frå Kapp Verdeøyane)
República de Cabo Verde

(norsk: Kapp Verde, kappverdisk)

Det kappverdiske flagget Det kappverdiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Cântico da Liberdade»
Motto Unidade, Trabalho, Progresso (portugisisk: 'Eining, arbeid, framsteg'
Geografisk plassering av Kapp Verde
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Praia
Styresett
Republikk
Jorge Carlos Fonseca
José Maria Neves
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
4 033 km² (168.)
Uviktig
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
560 899 (169.)
401 343
139,1 /km² (61.)
Sjølvstende gjeve
av Portugal
5. juli 1975
Nasjonaldag 5. juli
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 479 mill. USD (168.)
7 500 USD (126.)
Valuta Kappverdisk escudo
Tidssone UTC-1
Telefonkode +238
Toppnivådomene .cv


Kapp Verde (portugisisk Cabo Verde) er ein øyrepublikk utanfor vestkysten av Afrika, nord i Atlanterhavet. Øyane, som tidlegare var aude, blei oppdaga og busette av portugisarar på andre halvdel av 1400-talet, og blei seinare brukte som hamn for den afrikanske slavehandelen. Dei fleste av dagens innbyggjarar på øyane stammar frå begge desse gruppene. Cape Verde er kalla opp etter Cap-Vert, det vestlegaste punktet på fastlandsafrika, som i dag høyrer til Senegal.

Kart over Kapp Verde

Geografi endre

Kapp Verde er ei gruppe av ti store og åtte mindre vulkanøyar. Dei kan delast inn i ei nordleg og sørleg gruppe, Barlavento (vindsideøyane) og Sotavento (lesida).

Øyane ligg i eit tropisk klimaområde der det lett kan dannast tropiske orkanar. Sidan desse orkanane har heile Atlanterhavet til å byggja seg opp i når dei går vestover, kan dei bli særs valdsame, og høyrer til ein eigen type såkalla Kapp Verde-orkanar.

Klima endre

Øyane ligg i det nordleg grenseområdet til det tropiske regnbeltet, og dette gjer at regnmengdene kan variere mykje frå år til år. Regnet kjem hovudsakleg mellom august og oktober, og er minst ved havnivå, men aukar litt i åsane. Praia har ein årleg nedbørsnormal på 261 mm. Temperaturane er tropisk og ein har ikkje kaldare periodar i løpet av året, sjølv om temperaturane varierer til ei viss grad. Dei kjøligaste månadane er desember til mars. Kombinasjonen av sterk varme og høg fukt kan vere ubehageleg, men ein dagleg sjøbris kan betre desse forholda. Om vinteren kan stormar blese støv frå Sahara som skuggar for sola, men normalt har Kapp Verde solskin kvar dag.

Geologi endre

Øyene har vulkansk opphav. Den aktive vulkanen Fogo er det høgaste punktet i øygruppa med ei høgd på 2829 meter over havet. På øyeae Sal og Maio finst det saltflater.

Berggrunnen består av basalt og pyroklastiske bergartar som er mykje lik som på andre øyar ved den midtatlantiske ryggen. På Kapp Verde er vulkanittene opptil 180 millionar år gamle. Området er òg vulkansk aktivt i dag.

Historie endre

Det var i 1444 at øyane blei oppdaga av Diogo Dias. Nybyggjarar slo seg ned på São Tiago i 1462 og grunnla Ribeira Grande (no Cidade Velha), den første permanente europeiske kolonien i tropane.

Øygruppa bygde seg opp som senter for slavehandel mellom Afrika og Amerika. Koloniane blei frå tid til anna raida av sjørøvarar. Etter eit slikt åtak på Ribeira Grande i 1712 gjekk byen tilbake, og hovudstaden blei flytta til Praia i 1770.

Krav om sjølvstende voks fram utover 1900-talet, og som svar på dette blei kolonien gjort om til ein oversjøisk portugisisk provins i 1951. Likevel danna kappverdaren Amílcar Cabral saman med Rafael Barbosa frå Portugisisk Guinea eit parti for sjølvstende for desse to landa, PAIGC, i 1956. Med støtte frå Sovjetunionen starta partiet eit væpna opprør i Guinea i 1961. Etter militærkuppet i Portugal i 1974 gjekk den nye regjeringa med på å gje sjølvstende til landa, og Kapp Verde blei formelt sjølvstendig den 5. juli 1975.

Økonomi endre

Kapp Verde er ein liten nasjon med få naturressursar. I tillegg er øyane plaga av vassmangel, til tider tørke. Størsteparten av året kan ein berre driva jordbruk på dei fire største øyane. Dei viktigaste eksportartiklane er skaldyr, tunfisk og bananar.

Sidan slutten av 1990-åra har økonomien likevel vakse, særleg når det gjeld tenesteyting. Øyriket har eit nært økonomisk samarbeid med Portugal, og har bunde valutaen sin til portugisiske escudos og sidan 1999 til euroen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kapp Verde