Geirfugl

fugleart
Geirfugl
Geirfugl
Geirfugl
Utbreiing og status
Status i verda: EX UtdøyddUtbreiinga av geirfugl
Utbreiinga av geirfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Alkefamilien Alcidae
Slekt: Pinguinus
Art: Geirfugl P. impennis
Vitskapleg namn
Pinguinus impennis
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Geirfugl».

Geirfugl (Pinguinus impennis) er eit fugleslag som sokna til alkefamilien, men som har døydd ut. Han var opptil sytti cm lang, med nebb lik ei alke, kvit underside og svart overside, hadde stutte venger og var ikkje før til å flyga. Hovudet var svart med ein kvit flekk føre kvart auga. Geirfuglen var i grunnen tolleg lik på pingvinen å sjå til, men hadde ingen skyldskap med denne. Geirfuglen var god til å symja, og levde av fisk langsmed kystane nord i Atlanterhavet.

Fram til vikingtida var geirfugl tidsynt i Noreg, men gjekk sidan snøgt attende grunna veiding. I andre luter av Nord-Atlanteren var han vanleg so seint som på 1500-talet. Lengst heldt han stand på Island der dei siste to geirfuglane vart drepne på Eldey den 3. juni 1844. Det skal ha vorte sett geirfugl i Vardø i 1848 og på Grønland fleire gonger på 1850-talet, men dette er ikkje slege fast og gått god for som visse observasjonar. Årsaka til at geirfuglen døydde ut var fyrst og fremst overdriven veiding. Ein mindre fuglesetnad munde overlevd på Island, men samlarar og museum var viljuge til å gjeva so mykje for utstoppa geirfugl at arten so å seia var dømd til å døy ut.

Namnet geirfugl kjem av norrønt geirr, spjut (etter det lange nebbet), og fugl.