God's Gonna Cut You Down
«God's Gonna Cut You Down», òg kjend som «Run On» og «Run On for a Long Time», er ei tradisjonell amerikansk folkevise som har blitt spelt av mange artistar innan ulike sjangrar.[1] Teksten åtvarar syndarar om at uansett kor hardt dei prøver, så vil dei ikkje unngå Guds dom. I refrenget fortel Gud forteljaren i songen :
« | Go tell that long tongue liar, go and tell that midnight rider, |
» |
Den fyrste innspelinga av songen var av Golden Gate Quartet i 1946, og den fyrste utgjevinga var av The Jubalaires i 1947.[2] Songen har i løpet av åra blitt tilpassa mange forskjellige sjangrar som country, folk, gospel og techno. Som «God's Gonna Cut You Down» vart han framført av Odetta på Odetta Sings Ballads and Blues (1956) og Johnny Cash gav han ut posthumt på American V: A Hundred Highways (2006). Som «Run On» er han blitt spelt inn av mange andre, som Elvis Presley. Ein versjon med sampla vokal av Bill Landford & The Landfordairs vart med på Moby-albumet Play.[3] Songen er òg blitt spelt av mange andre artistar.
Moby-versjonen
endreRun On av Moby med Bill Landford & The Landfordairs frå albumet Play | ||
B-side |
«Spirit», «Running», «Sunday», «Down Slow (full length)» | |
---|---|---|
Lengd | 4:24 (Extended)
3:55 (Extended 12-inch) 3:45 (LP Version) 3:33 (Single Version) 3:09 (Radio Edit) | |
Låtskrivar(ar) | Tradisjonell | |
Produsent | Moby | |
Moby med Bill Landford & The Landfordairs-kronologi | ||
«Honey» (1998) |
Run On | «Bodyrock» (1999)
|
Electronica-musikaren Moby gav ut «Run On» som den andre singelen sin frå studioalbum Play.
I USA vart «Run On» gjeven ut som ei dobbel dobbel A-side med «Honey».
Vokalen er henta frå ei innspeling frå 1949 av «Run On For A Long Time» av Bill Landford and the Landfordairs,[4][5] og består av ei blanding av house og instrumentalmusikk.
Innhald
endreUK CD #1 (Mute Records CDMUTE221)
- «Run On»
- «Spirit»
- «Running»
UK CD #2 (Mute Records LCDMUTE221)
- «Run On (Extended)»
- «Sunday»
- «Down Slow (Full Length)»
US CD (V2 Records 63881-27583-2)
- «Honey (Album Mix)»
- «Honey (Moby's 118 Mix)»
- «Honey (Sharam Jey's Sweet Honey Mix)»
- «Honey (Aphrodite & Mickey Finn Mix)»
- «Run On (Extended)»
- «Run On (Moby's Young And Funky Mix)»
- «Run On (Sharam Jey's Always On The Run Remix)»
- «Memory Gospel»
UK 12-inch (Mute Records 12MUTE221)
Side One
- «Run On (Moby's Young & Funky Mix)»
Side Two
- «Run On (Dave Clarke Mix)»
- «Run On (Extended)»
Musikkvideo
endreMike Mills regisserte ein video som syner Moby som arbeider på eit kontor der alle går kledd i kvitt. Det viser seg seinare i videoen at kontoret Moby arbeider på er i himmelen, og vert avslutta med at Moby døyr på ein parkeringsplass.
Johnny Cash-versjonen
endreGod's Gonna Cut You Down av Johnny Cash frå albumet American V: A Hundred Highways | ||
Utgjeve | 4. juli 2006 | |
Innspelt | 2003 | |
Sjanger | Country[6] | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | American Recordings Lost Highway Records | |
Låtskrivar(ar) | Tradisjonell | |
---|---|---|
Produsent | Rick Rubin | |
Johnny Cash-kronologi | ||
«Hurt» (2006) |
God's Gonna Cut You Down | «Help Me» (2007)
|
Johnny Cash spelte inn ein versjon av «God's Gonna Cut You Down» for American V: A Hundred Highways i 2003, med eit arrangement som er ganske annleis andre kjende gospelversjonar av songen. I januar 2016 hadde songen seld 672 000 eksemplar i USA.[7]
Ein musikkvideo regissert av Tony Kaye,[8] vart laga for denne versjonen seint i 2006, tre år etter Cash døydde. Videoen vart filma i svartkvitt og syner mange kjendisar: David Allan Coe, Patricia Arquette, Travis Barker, Peter Blake, Bono, Sheryl Crow, Johnny Depp, Dixie Chicks, Flea, Billy Gibbons, Whoopi Goldberg, Woody Harrelson, Dennis Hopper, Terrence Howard, Jay Z, Mick Jones, Kid Rock, Anthony Kiedis, Kris Kristofferson, Amy Lee, Adam Levine, Shelby Lynne, Chris Martin, Kate Moss, Graham Nash, Iggy Pop, Lisa Marie Presley, Q-Tip, Corinne Bailey Rae, Keith Richards, Chris Rock, Rick Rubin, Patti Smith, Sharon Stone, Justin Timberlake, Kanye West, Brian Wilson og Owen Wilson.[9]
I TV-serien Gotham kan ein høyre denne versjonen av songen i byrjinga av ein episode.[10] Han vert òg nytta i TV-serien The Blacklist.
Innspelingar
endre- 1947: Golden Gate Quartet
- 1947: The Jubalaires
- 1950: Bill Landford & The Landfordaires
- 1956: Odetta
- 1967: Elvis Presley med The Jordanaires og The Imperials Quartet
- 1992: Pow Wow
- 1993: Sweet Honey in the Rock
- 2001: The Blind Boys of Alabama
- 2002: Stephen Ackles
- 2006: Johnny Cash
- 2006: Barb Jungr
- 2008: Rebel Son
- 2008: The Gaslight Anthem
- 2009: Hack Mack Jackson
- 2010: Tom Jones
- 2010: Detroit Social Club
- 2014: Shawn James & the Shapeshifters
- 2014: Sugar + The Hi-Lows
- 2016: Eli Paperboy Reed
Plassering
endreMoby-versjonen
endreListe (1999) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart | 33 |
Johnny Cash-versjonen
endreListe (2006) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart | 77 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «God's Gonna Cut You Down» frå Wikipedia på engelsk, den 5. desember 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Butkewicz, Niholas (22. juli 2013). «Johnny Cash and the Many Versions of 'God's Gonna Cut You Down'». No Depression: A Journal of Roots Music. Henta 6. november 2019.
- ↑ «Cover versions of God's Gonna Cut You Down by Golden Gate Quartet». secondhandsongs.com. Henta 30. oktober 2019.
- ↑ «Run on for a Long Time by Bill Landford and The Landfordaires». WhoSampled. Henta 6. november 2019.
- ↑ «COLUMBIA 30000-series 78rpm numerical discography», www.78discography.com, henta 19. februar 2023
- ↑ «Roots Vinyl Guide», www.rootsvinylguide.com, henta 19. februar 2023
- ↑ 9 MLB ALL-STARS & THEIR COUNTRY MUSIC WALK-UP SONGS Whiskey Riff. Henta 5. desember 2016]
- ↑ Bjorke, Matt (25. januar 2016). «The Top 30 Digital Country Singles: 25. januar 2016». Roughstock.
- ↑ Moviefone - Tony Kaye No Longer Just History
- ↑ Johnny Cash: God's Gonna Cut You Down (Video 2006) - Full Cast & Crew - IMDb
- ↑ Abrams, Simon (19 January 2015). «Gotham Recap: Finally, a Decent Episode!». Vulture. Henta 22 January 2015.