Grøne belte i Storbritannia
Grønt belte innan britisk byplanlegging er eit konsept danna for å kontrollere utbreiinga til byområde. Det inneber at visse område rundt byar ikkje er tilgjengelege for utbygging. Det fyrste grøne beltet blei oppretta rundt London av bustadministeren Duncan Sandys.
Politikken går ut å bevara ein ring med ope landskap rundt store tettbygde område ved å legga restriksjonar på framtidig utbygging. På denne måten ynskjer ein å bevare område egna for jordbruk, skogbruk og liknande.
Grøne belte i England
endreI 2003 var det fjorten grøne belte i England, som til saman verna 13 % av arealet i landet.
Areal (km²) | Område |
5133 | London (Metropolitan Green Belt) |
2578 | Nordvest-England (Merseyside og Stor-Manchester) |
2556 | South Yorkshire og West Yorkshire |
2315 | West Midlands |
825 | Sørvestlege Hampshire og søraustlege Dorset (Bournemouth/Poole, New Forest) |
688 | Avon (Bristol og Bath) |
663 | Tyne and Wear |
618 | Nottingham og Derby |
441 | Stoke-on-Trent |
350 | Oxford |
267 | Cambridge |
262 | York |
70 | Gloucester og Cheltenham |
0,7 | Burton upon Trent og Swadlincote |
16 766 | Totalt |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Grønt belte (Storbritannia)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. august 2021.