Gransongar

art av sporvefuglar
Gransongar
Gransongar
Gransongar
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiingsområde. Gult markerer hekkeområde om sommaren og blått markerer overvintringsområde.
Utbreiingsområde. Gult markerer hekkeområde om sommaren og blått markerer overvintringsområde.
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Bladsongarfamilien Phylloscopidae
Slekt: Bladsongarar Phylloscopus
Art: Gransongar P. collybita
Vitskapleg namn
Phylloscopus collybita

Gransongaren (Phylloscopus collybita) er ein fugleart i slekta Phylloscopus, bladsongarar.

Skildring endre

Læte
 
Gransongar på ein stilk.

Fuglen er om lag 12 cm lang. Han er svært lik lauvsongaren, men det er lett å skilje dei på songen. Gransongaren syng eit enkelt «tjipp tjapp» medan lauvsongaren syng ei dalande tonerekkje. Begge fuglane har brungrøn overside, gråkvit eller gulaktig underside og gulkvit overaugestripe.

Utbreiing endre

Arten sitt område strekker seg frå Frankrike, Storbritannia og Noreg i vest og vidare austover til dei sentrale delane av Russland. Mot sør går området til Middelhavet. I tillegg finst fuglen i høgareliggande skogar i Kaukasus og det nordlege Iran. På Pyrinê-halvøya og i Nord-Afrika vert arten erstatta av systerarten iberisk gransongar. Tidlegare rekna ein seks underartar. No er taksonet delt inn i fire artar, og gransongaren er oppdelt i underartane collybita, abietinus og tristis. I Europa reknar ein med at 30-60 millionar par hekkar. Denne bestanden har vore stabil siste tiåra.

Biotop og utbreiing i Noreg endre

Gransongaren finst i all slags skog, sjølv om blandingsskog med opne område viser seg å vere dei beste plassane for arten. Fuglen hekkar ujamnt i heile Sør-Noreg, og er mest talrik i Møre og Romsdal og i Trøndelag. Utbreiinga i Nord-Noreg går nord til og med Troms. Ein reknar med at 100-500 tusen par hekkar i Noreg. Det har kanskje vore ein auke i talet. I Noreg hekkar underarten abietinus i Midt-Noreg, og Stjørdal er typelokaliteten for denne underarten. Lengre sør finn ein truleg ei blanding av collybita og abietinus. Slike blandingar er også kjende frå andre kontaktsonar, mellom anna i Polen.

Næring endre

Gransongaren lever mest av insekt, om hausten gjerne noko bær.

 
Teikning av gransongar med reir.

Hekking endre

Fuglen byggjer reiret sitt på eller rett over bakken av strå og visna lauv, og fôrar med fjør. Gransongaren legg 5-8 kvite egg med mørkebrune/svarte prikkar i mai-juni. Hoa rugar på egga i 13-15 dagar.

Trekkvanar endre

Gransongaren dreg til Sør-Europa og Nord-Afrika i september-oktober og kjem att i april. Hausttrekket startar i august, men dei fleste flyg ut av landet i september-oktober. Fuglar frå dei midtre og nordlege delane av landet trekker sørover via Sør-Sverige, medan fuglane frå det sørlege Noreg flyg direkte over Nordsjøen. Fuglane frå Noreg overvintrar kring den vestlege delen av Middelhavet, dei fleste på sørsida av dette, og dei kryssar havet i ein brei korridor frå Spania i vest til Italia i aust. Algerie er det landet der flest norske fuglar overvintrar. Overvintrarar i Noreg er sjeldsynte, men arten er observert i Farsund-området om vinteren. Gransongarane byrjar flyge frå vinterkvartera i februar, og hovudtrekket går i mars-april. Trekket nordover går langs same ruta som trekket mot sør. Til Noreg kjem fuglane i april, sjeldan allereie i slutten av mars. Høgste oppnådde alder etter ringmerking i Noreg er 3 år 5 mnd.[1]

Kjelder endre

  1. Norsk RingmerkingsAtlas
  • Norsk RingmerkingsAtlas, 2006.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gransongar
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.