Korgplantefamilien
Korgplantefamilien eller korgblomfamilien (Asteraceae eller Compositae) er ein plantefamilie i ordenen Asterales. Han omfattar om lag 13 000 artar fordelt på 1 500 planteslekter.
Korgplantefamilien | |
Tolv artar i korgplantefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae Bercht. & J.Presl, 1820 |
Familien blir gjerne rekna som den mest utvikla eller «moderne» av alle plantefamiliar. Dette er både fordi ein ikkje har funne arkeologiske spor frå gammal tid av desse blomane, og fordi dei har utvikla mange sofistikerte organ som andre plantar ikkje har.
Skildring
endreNamnet har familien fått frå «korga» som inneheld ei rekke små blomar. Blomane kan ha to ulik former: røyrforma, såkalla skiveblomar, eller tungeforma, såkalla randblomar.
Rundt kvar korg sit ofte fargerike kronblad, som kan vera heile eller frynsete ytst. Desse igjen er dekte av smale, grønlege og begerliknande korgdekkblad, som kan vera hinneaktige, taggete eller ha mothakar.
Medlemmer
endreI korgplantefamilien finst fleire hageplantar, men òg mange plantar som blir rekna som ugras. Blomar som høyrer til den første gruppa er mellom anna asters, kornblom og fløyelsblom, medan løvetann, tistel og kornblom igjen kan bli rekna til den siste.
Slekter i korgplantefamilien
endre- Achillea (Ryllikslekta)
- Ageratum
- Ambrosia
- Ammobium
- Anacyclus
- Anaphalis
- Anthenis (Gåseblom)
- Antennaria (Kattefotslekta)
- Arctium (Borre)
- Argyranthemum
- Arnica (Solblomslekta)
- Arnoseris
- Artemisia (Malurtslekta)
- Aster (Asters)
- Balsamita
- Bellis
- Bidens (Brønsle)
- Calendula
- Callistephus
- Carduus
- Carlina
- Carthamus
- Centaurea (Knoppurtslekta)
- Chamomilla
- Chrysanthemus (Krysantemum)
- Cicerbita (Turtslekta)
- Cichorium
- Cirsium (Vegtistelslekta)
- Conyza
- Cotula
- Crepis (Haukeskjegg)
- Cynara
- Coreopsis
- Cosmos
- Dahlia (Georgine)
- Dimorphotheca (Kappblom)
- Doronocium (Gullkorg)
- Echinaceae
- Echinops
- Erigeron (Bakkestjerneslekta)
- Eupatorium
- Filago
- Filaginella
- Gaillardia (Kokardeblom)
- Galinsoga (Skjellfrø)
- Gazania
- Gerbera
- Gnaphalium (Gråurt)
- Guizotia
- Helenium
- Helichrysum
- Helianthus (Solvendel)
- Heliopsis (Solauge)
- Hemizonia
- Hieracium (Svæve)
- Hypochoeris (Grisøyre)
- Inula
- Lactuca (Salat)
- Lapsana
- Leontodon (Følblomslekta)
- Leontopodium
- Leucanthemum (Prestekrageslekta)
- Ligularia (Nøkketunge)
- Logfia
- Madia
- Matricaria (Kamilleblomslekta)
- Mikania
- Mycelis
- Odontospermum
- Onopordum
Bakgrunnsstoff
endre- kristvi.com Arkivert 2005-01-09 ved Wayback Machine.: Fleire korgblomar med norske namn og bilde