Guri Melby

norsk politikar

Guri Melby (fødd 3. februar 1981) er ein norsk politikar og leiar for Venstre. Ho var kunnskaps- og integreringsminister i Erna Solberg si regjering frå 13. mars 2020 til 14. oktober 2021.[1][2]

Guri Melby

Fødd3. februar 1981 (43 år)
Orkdal kommune
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lektor
Utdanna vedNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
VervNorsk kunnskaps- og integreringsminister 13. mars 2020–
VervByråd i Oslo for samferdsle og miljø 2013–2015
FøregangarOla Elvestuen
EtterfylgjarLan Marie Nguyen Berg
VervStortingsrepresentant 2018–2020
Alle verv
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2018–2020)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • Norges kunnskapsminister (2020–2021)
  • leder for Venstre (2020–)
  • stortingsrepresentant (2021–) Sjå dette på Wikidata

Melby var byråd for miljø- og samferdsle i Oslo frå 2013 til 2015. Etter kommunevalet i 2015 vart ho gruppeleiar for Venstre i Oslo (2015–2018) og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen i Oslo bystyre.[3] Ho var fast møtande vararepresentant på Stortinget medan Trine Skei Grande satt i regjering, og var finanspolitisk talsperson for Venstre.

Bakgrunn og virke endre

Melby var fødd i Orkdal. Ho var medlem av Orkdal kommunestyre 1999–2007 og medlem av Trondheim bystyre 2007–2011.[4][5] Ho var Venstre sitt 1. kandidat til Stortinget frå Sør-Trøndelag ved vala i 2005 og 2009, og 3. kandidat i Oslo i 2013 og 2017. I perioden 2013–2017 og 2017–2021 var ho 1. vararepresentant for Trine Skei Grande og Ola Elvestuen. Melby har vore medlem av Venstre sitt landsstyre sidan 2008, medlem av sentralstyret sidan 2010 og leiar i programkomiteen til partiet framfor stortingsvalet i 2013 og stortingsvalet 2021. Melby var medlem av eit regjeringsoppnemnt utval som skulle utreie trus- og livssynspolitikken 2010–2013.[6][7] Ho har òg bakgrunn frå Unge Venstre, der ho sat i sentralstyret i fleire periodar.

Melby har mastergrad i nordisk frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet frå 2007. Melby si masteroppgåve handla om dialektbruken i TV-programmet Team Antonsen.[8] Ho vart høgskolelektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus sidan høsten 2012. Før dette var ho lærar ved Høgskolen i Sør-Trøndelag 2008–2011, rådgjevar ved Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforskning 2010–2011 og rådgjevar i Kunnskapsdepartementet 2011–2012.[9]

Då Ola Elvestuen vart vald inn på Stortinget i 2013 tok Melby over som Byråd for miljø- og samferdsle i Oslo. Frå 15. oktober 2013 til oktober 2015 var ho byråd for samferdsle og miljø i Oslo.[10] I oktober 2014 vart ho nominert på førsteplass på Venstre si valliste i Oslo framfor bystyrevalet i 2015. Som byråd for miljø- og samferdsle hadde ho ansvar for utbygginga av kollektivtrafikken i Oslo og kjøp av nye trikkar til byen. Ho hadde òg ansvaret for sykkelsatsinga i Oslo.[11]

I perioden mellom tida som byråd og stortingsrepresentant var Melby gruppeleiar for Venstre i Oslo bystyret og nestleiar i samferdsle- og miljøkomiteen.

Frå 1. januar 2016 til mars 2018 var ho styreleiar i Språkrådet.[12][13]

Då Venstre gjekk inn i Regjeringa Solberg 17. januar 2018, tok Melby over som stortingsrepresentant for statsråd Skei Grande. Ho var tidlegare kunnskapspolitisk talsperson, og satt i Stortingets Utdannings - og forskningskomiteé, men gjekk i januar 2020 inn i Stortingets finanskomité og vart finanspolitisk talsperson for Venstre.[14]

Stortingskomitear endre

Regjering endre

13. mars 2020 overtok Melby som kunnskaps- og integreringsminister i Solberg-regjeringa etter at Trine Skei Grande gjekk av som statsråd.

Kjelder endre

  1. Offisielt frå statsråd 13. mars 2020
  2. Den fødte lærer - Portrettintervju i Aftenposten/Lørdag 21. mars 2020
  3. «Samferdsels- og miljøkomiteen». oslo.kommune.no. 14. juli 2009. Henta 26. februar 2017. 
  4. Agerlie, Kristin (14. juli 2009). «Vil ha femårig lærarutdanning». NRK Trøndelag. Henta 28. januar 2013. 
  5. Hansen, Thomas Havro (14. desember 2011). «Tilfeldigvis Guri». Venstre. Henta 28. januar 2013. 
  6. «Utvalg for tros- og livssynspolitikk nedsatt». Kulturdepartementet. 25. juni 2010. Henta 28. januar 2013. 
  7. «NOU 2013: 1 Det livssynsåpne samfunn. En helhetlig tros- og livssynspolitikk». Kulturdepartementet. 7. januar 2013. Henta 28. januar 2013. 
  8. Graven, Andreas R. (14. juni 2007). «Team Antonsen som språkspeil». forskning.no. Arkivert frå originalen 19. oktober 2013. Henta 28. januar 2013. 
  9. «Guri Melby». LinkedIn. Henta 28. januar 2013. 
  10. Mellingsæter, Hanne (15. oktober 2013). «Her er Oslos nye byråder». osloby.no. Henta 15. oktober 2013. 
  11. Hege Bjørnsdatter Braaten (15.06.2015). «Nettavisen: Dette er Oslos nye bysykler». Henta 22.07.2015. 
  12. regjeringen.no Nytt styre i språkrådet 18.12.2015
  13. «Teatertopp blir ny styreleder i Språkrådet». Dagbladet.no (på norsk). 12. mars 2018. Henta 15. november 2018. 
  14. «Ny sammensetning av Venstres stortingsgruppe». Venstre (på norsk bokmål). 29. januar 2020. Henta 30. januar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Guri Melby