Opna hovudmenyen

Harald Bothner

norsk politikar

Harald Bothner (30. november 185024. oktober 1924) var ein norsk embetsmann og politikar frå Halden. Han var medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm i 1905, revisjonsminister i 1905, samt justisminister 1905-07.

Harald Bothner
Harald Bothner.jpg
Fødd30. november 1850
Død24. oktober 1924
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist

Bothner var son til ein handelsmann og seinare hotelleigar i Fredrikshald. Han vart student i 1868 og cand. jur. i 1872. Åra 1873-75 var han fullmektig hos ein sakførar i Drammen, deretter eidsvoren fullmektig hos sorenskrivaren i Tune. 1878-80 var han overrettssakførar i Sarpsborg, sidan i Fredrikshald. I 1889 vart han statsadvokat for dagens Vest-Agder og Rogaland med sete i Stavanger. Frå 1896 var han sorenskrivar i Stjørdal og Verdal, busett i Levanger.

Botner var innvald som representant for Nordre Trondhjems amt til Stortinget 1903-06 der han høyrde til Det Radikale Venstre, som representant for dette partiet fekk han plass i Christian Michelsen si regjering frå 11. mars 1905. I si tid som stortingsmann var han 1903-05 medlem av protokollkomitee og frå 1.5.1904 av valkomitten. Han var også medlem av den utvida budsjettkomiteen 1904.

Då han gjekk ut av regjeringa i 1907, vart Bothner utnemnd til amtmann i Søndre Trondhjems amt, med bustad i Trondheim. Han hadde dette embetet til han tok avskjed i 1921.

Bothner vart tildelt 7. juni-medaljen.

Hans Dagbøker fra 1905 vart trykt og utgjeven av Trondhjems historiske forening i 1987.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

LitteraturEndra

  • Harald Bothner: Dagbøker fra 1905. Trondhjems historiske forening, 1987.
  • Illustreret norsk konversationsleksikon, bd. I. Aschehoug, 1907.