Heliconia
Heliconia er ei slekt av dekkfrøplantar og den einaste slekta i familien Heliconiaceae. Dei fleste av dei om lag 194 kjende artane[1] kjem frå tropiske delar av Amerika, men nokre få stammar frå nokre øyar i Vest-Stillehavet og Maluku i Indonesia.[2] Mange artar i Heliconia veks i dei tropiske skogane i desse regionane. Dei fleste artane er anten rekna som sårbare eller utan nok data på den globale raudlista over truga artar.[3] Fleire artar i slekta er utbreidde som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand.[4] Nokre engelske namn for slekta er lobster-claws, toucan beak, wild plantain og false bird-of-paradise. Den siste nemninga viser til at dei liknar på blomar frå slekta Strelitzia, som også blir kalla bird-of-paradise flowers.
Heliconia | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ingefærordenen Zingiberales |
Familie: | Heliconiaceae |
Slekt: | Heliconia L., 1771 |
Skildring
endreDei urteaktige plantane blir mellom 0,5 og nær 4,5 meter høge, avhengig av art.[5] Dei enkle blada er 15–300 cm lange. Dei er karakteristiske avlange og sit anten spreidd eller motsett kvarandre på bladstilkar som ofte er lengre enn bladet, og ofte dannar store klumpar med alderen. Blomane blir danna på lange, opprette eller hengande forgreina blomestandar, og består av fargerike, voksaktige dekkblad, med små ekte blomar som kikker ut frå dekkblada. Vekstmåten til Heliconia minnar om den til Canna, Strelitzia og bananar, som dei er i slekt med. Blomane kan ha ulike sjatteringar av raudt, oransje, gult og grønt. Blomeforma gjer at dei ofte berre kan bli pollinerte av særskilde kolibriar frå vekstområdet.[6]
Blad
endreBladforma minnar om hummarklør. Blad som sit ulike stader på planten har ulikt absorpsjonspotensial av sollys til fotosyntese når dei blir utsette for ulike styrker av lys.[7]
Blomar
endreBlomane dannar mykje nektar som tiltrekk pollinatorar. Dei vanlegaste av desse er kolibriar.[8]
Frø
endreFruktene er blålilla og blir hovudsakleg spreidde av fuglar.[9] Studiar av frø etter spreiing har vist at storleiken ikkje var viktig for vidare vekst. Den største predasjonen av frø var frå pattedyr.[10]
Taksonomi
endreHeliconia er den einaste slekta i den monotypiske familien Heliconiaceae. Ho blei tidlegare rekna til familien Musaceae, som omfattar bananar (som Musa og Ensete[11]). APG-systemet frå 1998 og etterfølgjaren, APG II-systemet frå 2003, bekreftar Heliconiaceae som ein eigen familie i ordenen Zingiberales, eller ingefærordenen, innan kladen einfrøblada plant.
Utbreiing og habitat
endreDei fleste av dei 194 kjende artane[1] stammar frå tropisk Amerika, men nokre få kjem frå ulike øyar vest i Stillehavet og Maluku.[2] Ein finn mange Heliconia-artar i tropisk skog i desse områda. Fleire artar blir dyrka som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand.[4]
Økologi
endreHeliconia-artar er ei viktig matkjelde for skogkolibriar, særleg eremittar (Phathornithinae). Nokre av desse, som rustbrysteremitt (Glaucis hirsuta), nyttar også plantane til å ha reir i. Flaggermusa Ectophylla alba heldt også til i telt som ho lagar av heliconialauv.
Flaggermyser
endrePollinering
endreSjølv om Heliconia-plantar blir pollinerte nesten berre av kolibriar, skjer det og noko pollinering frå flaggermyser. Heliconia solomonensis blir pollinert av flaggermusa Melonycteris woodfordi på Salomonøyane. Heliconia solomonensis har grøne blomsetandar og blomar som opnar seg på natta, noko som er typisk for flaggermuspollinerte plan. Flaggermusa er den einaste kjende nattpollinatoren til Heliconia solomonensis.[12]
Habitat
endreMange flaggermyser bruker heliconiablad til ly. Ectohylla alba bruker fem ulike Heliconia-artar til å laga teltforma skjul kvar dag. Flaggermysene tek ut sidevenene til bladet frå bladnerva i midten, slik at det foldar seg saman som eit telt. Denne strukturen vernar flaggermusa frå regn, sol og rovdyr. I tillegg er ikkje stilkane til Heliconia-blad sterke nok til å bera typiske flaggermuspredatorar, slik at lauvet rister og åtvarer flaggermusa om dei er nære.[13] Artane Artibeus anderseni og A. phaeotis lagar telt av Heliconia-blad på same måte.[14] Ei anna flaggermus, Thyroptera tricolor, har sugekoppar på handledda slik at ho kan klynga seg fast til dei glatte overflaten til Heliconia-blada. Denne flaggermusa kviler med hovudet opp i samanrulla blad frå plantane.[15]
Insekt
endreHeliconia gjev ly til fleire ulike insekt i dei unge samanrulla blada sine og i vassfylte høgblad. Insekt som held til i dei samanrulla blada finn ofte næring på den indre overflata til bladet, til dømes biller i familien Chrysomelidae. I blad som inneheld små mengder vatn er flugelarvar og biller dei viktigaste insekta. I blad med større mengde vatn finn ein typisk mygglarvar. Insekt som held til i høgblada lever ofte på vev frå bladet, nektar frå blomen, blomedelar, andre insekt, mikroorganismar eller detritus i vatnet. Nesten alle artar av Hispini-biller som nytter samanrulla blad er obligatoriske planteetarar av plantar i ingefærordenen, som Heliconia er ein del av. Desse billene lever i og et av det samanrulla bladet, stilkar, blomestandar eller av dei utrulla mogne blada til Heliconia-planten. I tillegg kan desse billene legga egg på bladoverflaten, bladstilkane til unge blad, eller i høgblada til Heliconia.[16] Nokre vepseartar som Polistes erythrocephalus bygger bol på den verna undersida til store blad.[17]
Kolibriar
endreKolibriar er dei viktigaste pollinatorane av heliconiablomer mange stader. Diversifiseringa mellom kolibri-pollinerte takson i ingefærordenen og i kolibrifamilien (Trochilidae: Phaethorninae) byrja for kring 18 millionar år sidan, og støtter ideen om at desse endringane påverka kvarandre gjennom evolusjonær tid.[18][19] Ved La Selva forskingsstasjon i Costa Rica fann ein at spesifikke artar av Heliconia hadde spesifikke kolibriartar som pollinatorar.[20] Desse kolibriane kan delast inn i to ulike grupper: eremittar og ikkje-eremittar. Eremittar er underfamilien Phaethornithinae, som omfattar slektene Anopetia, Eutoxeres, Glaucis, Phaethornis, Ramphodon og Threnetes.[21] Ikkje-eremittar er eit samleomgrep for andre kolibriar som ofte vitjar heliconiablomar. Eremittar følgjer typisk ei gjenteken rute av blomar som gjev god avkastning i staden for å halda faste territorium.[20][22] Ikkje-eremittar har territorium kring særskilde Heliconia-klumpar, noko som gjev meir sjølvpollinering.[20] Nokre Heliconia-artar veks spreidd frå kvarandre, og passar godt for eremittar som flyg langt å pollinera. Andre artar har mange blomar tett saman, og passar betre for ikkje-eremittar.[23]
Eremittar har gjerne lange, runde nebb medan ikkje-eremittar pleier å ha korte, rette nebb, ein morfologisk skilnad som truleg bidrog til at gruppene byrja skilja seg frå kvarandre under miocen.[24][25]
Ulike Heliconia-artar har ulike blomstringsperiodar. Dette tyder på at artane konkurrerer om pollinatorar. Dersom mange ulike artar blømer samtidig, kan mykje av pollenet deira gå tapt når fuglane vitjar ulike blomar. Dersom berre ein type blømer om gongen har dei større sjanse for pollinering.[26]
Artar
endreArtar godkjende av Kew Botanic Gardens:[4]
Bilete | Vitskappleg namn | Utbreiing |
---|---|---|
Heliconia abaloi | Colombia | |
Heliconia acuminata | Sør-Amerika | |
Heliconia adflexa | Sørlege Mexico, Guatemala, Honduras | |
Heliconia aemygdiana | Sør-Amerika | |
Heliconia albicosta | Costa Rica | |
Heliconia angelica | Ecuador | |
Heliconia angusta | Søraust-Brasil | |
Heliconia apparicioi | Ecuador, Peru, Nordvest-Brasil | |
Heliconia arrecta | Colombia | |
Heliconia atratensis | Colombia | |
Heliconia atropurpurea | Colombia, Panama, Costa Rica | |
Heliconia aurantiaca | Sørlege Mexico, Sentral-Amerika | |
Heliconia auriculata | Bahia | |
Heliconia badilloi | Colombia | |
Heliconia barryana | Chiriquí | |
Heliconia beckneri | Costa Rica | |
Heliconia bella | Panama | |
Heliconia berguidoi | E Panama | |
Heliconia berriziana | Colombia | |
Heliconia berryi | Napo, Ecuador | |
Heliconia bihai | Karibia | |
Heliconia bourgaeana | Sørlege Mexico, Sentral-Amerika | |
Heliconia brachyantha | Panama, Colombia, Venezuela | |
Heliconia brenneri | Ecuador | |
Heliconia burleana | Colombia, Ecuador, Peru | |
Heliconia caltheaphylla | Costa Rica | |
Heliconia caquetensis | Colombia | |
Heliconia carajaensis | Pará | |
Heliconia caribaea | Dei karibiske øyane | |
Heliconia carmelae | Colombia | |
Heliconia chartacea | Nordlege Sør-Amerika | |
Heliconia chrysocraspeda | Colombia | |
Heliconia clinophila | Costa Rica, Panama | |
Heliconia colgantea | Costa Rica, Panama | |
Heliconia collinsiana | Sørlege Mexico, Sentral- Amerika | |
Heliconia combinata | Colombia | |
Heliconia cordata | Colombia, Ecuador | |
Heliconia crassa | Guatemala | |
Heliconia cristata | Panama | |
Heliconia cucullata | Costa Rica, Panama | |
Heliconia curtispatha | Colombia, Ecuador, Sentral-Amerika | |
Heliconia danielsiana | Costa Rica, Panama | |
Heliconia darienensis | Colombia, Panama | |
Heliconia dasyantha | Surinam, Fransk Guyana | |
Heliconia densiflora | Trinidad, nordlege Sør-Amerika | |
Heliconia dielsiana | NW South America | |
Heliconia donstonea | Colombia, Ecuador | |
Heliconia episcopalis | Sør-Amerika | |
Heliconia estherae | Colombia | |
Heliconia estiletioides | Colombia | |
Heliconia excelsa | Napo | |
Heliconia farinosa | Søraust-Brasil, Nordaust-Argentina | |
Heliconia faunorum | Panama | |
Heliconia fernandezii | Antioquia, Colombia | |
Heliconia × flabellata | Ecuador | |
Heliconia foreroi | Colombia | |
Heliconia fragilis | Colombia | |
Heliconia fredberryana | Imbabura | |
Heliconia fugax | Peru | |
Heliconia gaiboriana | Los Ríos | |
Heliconia gigantea | Colombia | |
Heliconia gloriosa | Peru | |
Heliconia gracilis | Costa Rica | |
Heliconia griggsiana | Colombia, Ecuador | |
Heliconia harlingii | Ecuador | |
Heliconia hirsuta | Sentral- og Sør-Amerika, Trinidad | |
Heliconia holmquistiana | Colombia | |
Heliconia huilensis | Colombia | |
Heliconia ignescens | Costa Rica, Panama | |
Heliconia imbricata | Costa Rica, Panama, Colombia | |
Heliconia impudica | Ecuador | |
Heliconia indica | Papuasia, Maluku | |
Heliconia intermedia | Colombia | |
Heliconia irrasa | Costa Rica, Panama, Nicaragua | |
Heliconia julianii | Nordlege Sør-Amerika | |
Heliconia juruana | Ecuador, Peru, Nordvest-Brasil | |
Heliconia kautzkiana | Espírito Santo | |
Heliconia lanata | Salomonøyane | |
Heliconia lankesteri | Costa Rica, Panama | |
Heliconia lasiorachis | Colombia, Peru, Nordvest-Brasil | |
Heliconia latispatha | Sørlege Mexico til Peru | |
Heliconia laufao | Samoa | |
Heliconia laxa | Colombia | |
Heliconia lentiginosa | Antioquia | |
Heliconia librata | Sørlege Mexico, Sentral-Amerika | |
Heliconia lingulata | Peru, Bolivia | |
Heliconia litana | Imbabura | |
Heliconia longiflora | Colombia, Ecuador, Sentral-Amerika | |
Heliconia longissima | Colombia | |
Heliconia lophocarpa | Costa Rica, Panama | |
Heliconia lourteigiae | Sør-Amerika | |
Heliconia lozanoi | Colombia | |
Heliconia luciae | Amazonas i Brasil | |
Heliconia lutea | Panama | |
Heliconia luteoviridis | Colombia | |
Heliconia lutheri | Ecuador | |
Heliconia maculata | Panama | |
Heliconia magnifica | Panama | |
Heliconia × mantenensis | Minas Gerais | |
Heliconia marginata | Nordlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika | |
Heliconia mariae | Nordvestlege Sør-Amerika, Sentral-Amerika | |
Heliconia markiana | Ecuador | |
Heliconia marthiasiae | Sørlege Mexico, Sentral-Amerika | |
Heliconia meridensis | Colombia, Venezuela | |
Heliconia metallica | Nordlege Sør-Amerika, Sentral-Amerika | |
Heliconia monteverdensis | Costa Rica | |
Heliconia mooreana | Guerrero | |
Heliconia mucilagina | Colombia | |
Heliconia mucronata | Venezuela, Nordvest-Brasil | |
Heliconia mutisiana | Colombia | |
Heliconia nariniensis | Colombia, Ecuador | |
Heliconia necrobracteata | Panama | |
Heliconia × nickeriensis | Surinam, Fransk Guyana | |
Heliconia nigripraefixa | Colombia, Ecuador, Panama | |
Heliconia nitida | Colombia | |
Heliconia nubigena | Costa Rica, Panama | |
Heliconia nutans | Costa Rica, Panama | |
Heliconia obscura | Ecuador, Peru | |
Heliconia obscuroides | Colombia, Ecuador, Peru | |
Heliconia oleosa | Colombia | |
Heliconia orthotricha | Colombia, Ecuador, Peru | |
Heliconia osaensis | Colombia, Sentral-Amerika | |
Heliconia paka | Fiji | |
Heliconia paludigena | Ecuador | |
Heliconia papuana | Ny-Guinea | |
Heliconia pardoi | Ecuador | |
Heliconia pastazae | Ecuador | |
Heliconia peckenpaughii | Napo | |
Heliconia pendula | Guyana, Fransk Guyana, Nordaust-Brasil | |
Heliconia penduloides | Peru | |
Heliconia peteriana | Ecuador | |
Heliconia × plagiotropa | Ecuador | |
Heliconia platystachys | Nordvestlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika | |
Heliconia pogonantha | Nordvestlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika | |
Heliconia pruinosa | Peru | |
Heliconia pseudoaemygdiana | Rio de Janeiro | |
Heliconia psittacorum | Nordlege Sør-Amerika, Panama, Trinidad | |
Heliconia ramonensis | Costa Rica, Panama | |
Heliconia × rauliniana | Venezuela | |
Heliconia regalis | Colombia, Ecuador | |
Heliconia reptans | Colombia | |
Heliconia reticulata | Nordvestlege Sør-Amerika, sørlege Sentral-Amerika | |
Heliconia revoluta | Colombia, Venezuela, Nordvest-Brasil | |
Heliconia rhodantha | Colombia | |
Heliconia richardiana | Nordaustlege Sør-Amerika | |
Heliconia rigida | Colombia | |
Heliconia riopalenquensis | Ecuador | |
Heliconia rivularis | São Paulo i Brasil | |
Heliconia robertoi | Colombia | |
Heliconia robusta | Peru, Bolivia | |
Heliconia rodriguensis | Venezuela | |
Heliconia rodriguezii | Costa Rica | |
Heliconia rostrata | Colombia, Ecuador, Peru, Bolivia | |
Heliconia samperiana | Colombia | |
Heliconia sanctae-martae | Sierra Nevada de Santa Marta | |
Heliconia sanctae-theresae | Antioquia | |
Heliconia santaremensis | Pará | |
Heliconia sarapiquensis | Costa Rica, Panama | |
Heliconia scarlatina | Colombia, Panama, Peru | |
Heliconia schiedeana | Mexico | |
Heliconia schumanniana | Colombia, Ecuador, Peru, Nord-Brasil | |
Heliconia sclerotricha | Ecuador | |
Heliconia secunda | Costa Rica, Nicaragua | |
Heliconia sessilis | Panama | |
Heliconia signa-hispanica | Colombia | |
Heliconia solomonensis | Salomonøyane, Bismarckøyane | |
Heliconia spathocircinata | Sør-Amerika, Panama, Trinidad | |
Heliconia spiralis | Colombia | |
Heliconia spissa | Sørlege Mexico, Sentral-Amerika | |
Heliconia standleyi | Ecuador, Peru | |
Heliconia stella-maris | Colombia | |
Heliconia stilesii | Costa Rica, Panama | |
Heliconia stricta | Nordlege Sør-Amerika | |
Heliconia subulata | Sør-Amerika | |
Heliconia tacarcunae | Panama | |
Heliconia talamancana | Costa Rica, Panama | |
Heliconia tandayapensis | Ecuador | |
Heliconia tenebrosa | Colombia, Nordaust-Peru, Nordvest-Brasil | |
Heliconia terciopela | Colombia | |
Heliconia thomasiana | Panama | |
Heliconia timothei | Nordaust-Peru, Nordvest-Brasil | |
Heliconia titanum | Colombia | |
Heliconia tortuosa | Sør-Mexico, Sentral-Amerika | |
Heliconia trichocarpa | Costa Rica, Panama, Colombia | |
Heliconia tridentata | Colombia | |
Heliconia triflora | Amazonas | |
Heliconia umbrophila | Costa Rica | |
Heliconia uxpanapensis | Veracruz | |
Heliconia vaginalis | Costa Rica, Panama, Colombia, Ecuador | |
Heliconia vellerigera | Ecuador, Peru | |
Heliconia velutina | Colombia, Ecuador, Peru, Nordvest-Brasil | |
Heliconia venusta | Colombia, Ecuador | |
Heliconia villosa | Venezuela | |
Heliconia virginalis | Ecuador | |
Heliconia wagneriana | Sentral-Amerika, nordlege Sør-Amerika, Trinidad | |
Heliconia willisiana | Pichincha | |
Heliconia wilsonii | Costa Rica, Panama | |
Heliconia xanthovillosa | Panama | |
Heliconia zebrina | Peru |
Galleri
endre-
Heliconia rostrata i ein botanisk hage i Costa Rica
-
Heliconia i tropisk regnskog i Sierra del Escambray på Cuba
-
Heliconia i Sierra del Escambray på Cuba
-
Heliconia stricta dyrka på Maui
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Christenhusz, M. J. M.; Byng, J. W. (2016). «The number of known plants species in the world and its annual increase». Phytotaxa (Magnolia Press) 261 (3): 201–217. doi:10.11646/phytotaxa.261.3.1.
- ↑ 2,0 2,1 "World Checklist of Selected Plant Families: Royal Botanic Gardens, Kew"[daud lenkje]. wcsp.science.kew.org
- ↑ «Helliconia». IUCN Red List of Threatened Species. Henta 17 October 2019.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «World Checklist of Selected Plant Families: Royal Botanic Gardens, Kew». wcsp.science.kew.org. Henta 13. januar 2022.
- ↑ Berry, Fred; Kress, John (1991). Heliconia Identification Guide. Smithsonian Institution Press.
- ↑ Gilman, Edward; Meerow, Alan (1 May 2007). «Heliconia spp. Heliconia». University of Florida IFAS Extension.
- ↑ He, J.; Chee, C.; Goh, C. (1996). «'Photoinhibition' of Heliconia under natural tropical conditions: the importance of leaf orientation for light interception and leaf temperature». Plant, Cell & Environment 19 (11): 1238–1248. doi:10.1111/j.1365-3040.1996.tb00002.x.
- ↑ Bruna, E. M.; Kress, W. J.; Marques, F.; da Silva, O. F. (2004). «Heliconia acuminata reproductive success is independent of local floral density». Acta Amazonica 34 (3): 467–471. doi:10.1590/s0044-59672004000300012.
- ↑ Uriarte, M. Anciães; da Silva, M. T.B.; Rubim, P.; Johnson, E.; Bruna, E. M. (2011). «Disentangling the drivers of reduced long-distance seed dispersal by birds in an experimentally fragmented landscape». Ecology 92 (4): 924–937. PMID 21661555. doi:10.1890/10-0709.1.[daud lenkje]
- ↑ Hoii, Karen; Lulow, Megan (2006). «Effects of species, habitat, and distance from edge on post-dispersal seed predation in a Tropical Rainforest». Biotropica 29 (4): 459–468. doi:10.1111/j.1744-7429.1997.tb00040.x.
- ↑ Walter Judd; et al. (2007). Plant Systematics: A phylogenetic approach (3. utg.). Sunderland: Sinauer Associates, Inc.
- ↑ Kress, W. J. (1985). «Bat Pollination of an Old World Heliconia». Biotropica 17 (4): 302–308. JSTOR 2388592. doi:10.2307/2388592.
- ↑ Timm, R.W.; Mortimer, J. (1976). «Selection of Roost sited by Honduran White Bats, Ectophylla Alba (Chiroptera: Phyllostomatidae)» (PDF). Ecology 57 (2): 385–389. JSTOR 1934829. doi:10.2307/1934829.
- ↑ Timm, R.W.; Patterson, B.D. (1987). «Tent Construction by bats of the genera Artibeus and Uroderma». Fieldiana: Zoology 29: 188–212.
- ↑ Findley, J.S.; Wilson, D.E. (1974). «Observations on the Neotropical disk-winged bat, Thyroptera tricolor spix». Journal of Mammalogy 55 (3): 563–571. JSTOR 1379546. PMID 4853410. doi:10.2307/1379546.
- ↑ Strong Jr., Donald R. (1977). «Insect Species Richness: Hispine Beetles of the Heliconia Latispatha». Ecology 58 (3): 573–582. JSTOR 1939006. doi:10.2307/1939006.
- ↑ «Nesting habits and nest symbionts of Polistes erythrocephalus Latreille (Hymenoptera Vespidae) in Costa Rica» (PDF). Henta 14. oktober 2014.
- ↑ Bleiweiss, R. (1998). «Tempo and mode of hummingbird evolution». Biological Journal of the Linnean Society 65 (1): 63–76. doi:10.1111/j.1095-8312.1998.tb00351.x.
- ↑ Kress, W.J.; Specht, Chelsea (2005). «Between cancer and capricorn: phylogeny, evolution, and ecology of the tropical Zingiberales». Proceedings of a Symposium on Plant Diversity and Complexity Patterns - Local, Regional and Global Dimensions 55: 459–478.
- ↑ 20,0 20,1 20,2 Stiles, Gary (1975). «Ecology, flowering phenology, and hummingbird pollination of some Costa Rican "Heliconia" species». Ecology 56 (2): 285–301. JSTOR 1934961. doi:10.2307/1934961.
- ↑ McGuire, J. A.; Witt, C. C.; Remsen Jr., J. V.; Dudley, R.; Altshuler, D.L. (2008). «A higher-level taxonomy for hummingbirds». Journal of Ornithology 150: 155–165. doi:10.1007/s10336-008-0330-x.
- ↑ Dobkin, D. S. (1984). «Flowering patterns of long-lived "Heliconia" inflorescences: implications for visiting and resident nectarivores». Oecologia 64 (2): 245–254. Bibcode:1984Oecol..64..245D. PMID 28312346. doi:10.1007/bf00376878.
- ↑ Linhart, Yan (1973). «Ecological and behavioral determinants of pollen dispersal in hummingbird- pollinated Heliconia». The American Naturalist 107 (956): 511–523. doi:10.1086/282854.
- ↑ Graham, C. H.; Parra, J. L.; Rahbek, C.; McGuire, J. A. (2009). «Phylogenetic structure in tropical hummingbird communities». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 106 (Suppl 2): 19673–19678. PMC 2780942. PMID 19805042. doi:10.1073/pnas.0901649106.
- ↑ Temeles, E. J.; Miller, J. S.; Rifkin, J. L. (2010). «Evolution of sexual dimorphism in bill size and shape of hermit hummingbirds (Phaethornithinae): a role for ecological causation». Philosophical Transactions of the Royal Society 365 (1543): 1053–1063. PMC 2830232. PMID 20194168. doi:10.1098/rstb.2009.0284.
- ↑ Feinsinger, Peter (1978). «Ecological interactions between plants and hummingbirds in a successional tropical community». Ecological Monographs 48 (3): 269–287. JSTOR 2937231. doi:10.2307/2937231.
- Denne artikkelen bygger på «Heliconia» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2022.
- Bibliografi
- Iles, William J.D.; Sass, Chodon; Lagomarsino, Laura; Benson-Martin, Gracie; Driscoll, Heather; Specht, Chelsea D. (December 2016). «The phylogeny of Heliconia (Heliconiaceae) and the evolution of floral presentation». Molecular Phylogenetics and Evolution 117: 150–167. PMID 27998817. doi:10.1016/j.ympev.2016.12.001.
- Sass, C; Iles, WJ; Barrett, CF; Smith, SY; Specht, CD (21 January 2016). «Revisiting the Zingiberales: using multiplexed exon capture to resolve ancient and recent phylogenetic splits in a charismatic plant lineage.». PeerJ 4: e1584. PMC 4727956. PMID 26819846. doi:10.7717/peerj.1584.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Heliconia i Encyclopedia of Life
- (en) Heliconia i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Heliconia hos ITIS
- (en) Heliconia hos NCBI
- (en) Heliconia hos The International Plant Names Index
- (en) Heliconia hos Tropicos
- (en) Kategori:Heliconia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Heliconia – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Heliconia – detaljert informasjon på Wikispecies