Hær
(Omdirigert frå Her)
Hær (av norr. herr) eller armé er den landbaserte forsvarsgreina i eit militærvesen. Føremålet ved hæren er særleg territoriell kontroll ved at soldatar er tilstades på bakken.[1]
Moderne hærar har våpengreiner som infanteri, stridsvogner, artilleri og luftfartøy (vanlegvis helikopter), støtta av ingeniør-, samband- og trentroppar.
Struktur
endreNemning | Styrke | Leiar |
---|---|---|
Armégruppe | minst 120 000 | Feltmarskalk |
Armé | minst 60 000 | General |
Korps | 30 000 | Generalløytnant |
Divisjon | 10 000 | Generalmajor |
Brigade | 1500–3500 | Brigader/Brigadegeneral |
Regiment | 1500–2400 | Oberst |
Bataljon | 500-800 | Oberstløytnant |
Kompani/eskadron/batteri | 50–300 | Kaptein/Major |
Tropp | 30-40 | Løytnant |
Lag | 5-8 | Sersjant |