Hn/Kristopher Schau

Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Kristopher Schau».

Kristopher Hugh Martin Schau (fødd 12. august 1970 i Oslo) er ein norsk musikar, programleidar, skodespelar, teikneserieforfattar og låtskrivar. Han er son åt skodespelaren Finn Schau og bror åt programleidaren Aleksander Schau.

Biografi

endre

Kristopher Schau hev vore med på mange meir elder mindre musikalske tiltak gjenom Duplex records sidan slutten på 1980-talet (sjå bandi nedan). Han hev dertil med vore programleidar og medverka i ei rad radioprogram, so som KvegpelsRadio Nova (1993- ), Karate (1995-2003), Hybel (1996-1998), XL (1996-1999), Herreavdelingen (1997), Holger Nielsens metode (1999-2000) og Et Norge i krig (2004) på NRK Petre og Jeg hater svenskerKanal 24 (2004).

fjerrsyn hev me sét Kristopher Schau i programi XLTV (1998-1999), Oppgang B (1998), TVTV (1999) Topaz (2002) og Team Antonsen (2004), alle på NRK. Annameir hev han spela i reklamefilm for avisa VG.

Kristopher Schau hev gjeve røyst til figuren Kronk i filmen Mitt kongerike for en lama (2000) og Marius i Slipp Jimmy fri (2006).

Som bilætkunstnar hadde Kristopher Schau kortvarig suksess under namnet Hugh Martin i 1994.

Kristopher Schau hev vakt åtgaum ved nokre høve for sine urædde røyne og usedvanlege forskingsprosjekt, der han hev testa ut menneskjekroppen. Han budde til dømes éi vìka i ei Opel Rekord stasjonsvogn, 1981-modell, i prosjektet En mann, en bil, en uke (1998) på programmet XL, og på Karate sat han éi vìka i eit butikkvindauga på Karl Johans gata, der han skulde freista forfalla mest mogeleg, både fysisk og åndeleg, i prosjektet Forfall (2001).

Som forfattar hev Kristopher Schau gjeve ut kokeboki Tendenser (2001), og saman med Morten Ståle Nilsen og Øystein Karlsen gav han i 2006 ut Et Norge i krig - ei samling av innslag frå radioprogrammet med same namnet, i bokform. Han skreiv teksti til teikneserien Margarin, som Øystein Runde teikna, og som kom ut som teikneseriealbum i 2006. Han hev elles meldt teikneseriar i bladet Mute, radioprogrammet Ordfront og fjerrsynsprogrammet Stereo (alle i 2002).

Kristopher Schau hev stade for dådi å vinna VM i Rock i Bilbao (2002) med bandet The Cumshots, og hev dessutan yverprøvt Spellemannskommitéen sine avgjerder, då han gav Spellemannsprisen til Black Debbath (2000).

Til stortingsvalet i 2001 var Kristopher Schau kandidat for Det Politiske Parti i Aust-Agder og Sogn og Fjordane.

Sumt av Kristopher Schau sine gjerningar er dokumentera på DVD-en Kristopher Schau - Ti år med juling - på tide å få betalt! frå 2004.

  • Gartnerlosjen (vokal) frå 1987 -
  • Glansen (vokal) i 1990
  • Lille Pepre Benklærs Campingbag (vokal) frå 1990-1991
  • Diverse Artister (vokal) frå 1990-1991
  • Penis Inferno frå 1990 -
  • Den erotiske picnic i 1991
  • Kåper Gjete (Vokal, gitar, trompet) frå 1991-1993
  • Hurra Torpedo som Farbror Blå (frysar, komfyr) frå 1991 -
  • Käufer Gäte i 1993
  • Torpedo Juchheirassa! i 1993
  • Iron Metal Hat (vokal) frå 1993-1994
  • Reidar Roses Orkester som Ragnar Rose (vokal) frå 1995 -
  • Norwegian Fart Compilation (Promp, fis, fjert) i 1996
  • Majorstu frå 1996-1996
  • Klima frå 1996-1996
  • Sinsen frå 1996-2000
  • Datsun som Max Cargo (vokal) frå 1996 -
  • Bandet DDR i 1998
  • Caliban Allstars (vokal) i 2000
  • The Cumshots som Max Cargo (vokal) frå 2000 -

Kjeldor

endre