Jürgen Habermas
Jürgen Habermas (fødd 18. juni 1929) er ein tysk filosof og sosiolog. Studiane hans har i særleg grad dreia seg om framveksten av det offentlege rommet med det politiske feltet, og om vilkåra for fornuft, kommunikasjon og kunnskap. I arbeidet sitt har han vore inspirert av den kritiske teorien utvikla av Frankfurterskulen i mellomkrigstida.
Jürgen Habermas | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 18. juni 1929 (95 år) Düsseldorf, Gummersbach |
Yrke | sosiolog, filosof, universitetslærar |
Språk | tysk |
Medlem av | Serbias vitenskaps- og kunstakademi, Academia Europaea, Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung, Det ungarske vitskapsakademiet, American Academy of Arts and Sciences, Det russiske vitskapsakademiet, British Academy |
Religion | ateisme |
Far | Ernst Habermas |
Ektefelle | Ute Habermas-Wesselhoeft |
Jürgen Habermas på Commons |
Biografi
endreHabermas vart fødd i Düsseldorf og voks opp i Gummersbach i delstaten Nordrhein-Westfalen. Han kom frå ein tradisjonelt orientert og strengt protestantisk middelklassefamilie. Bestefaren var leiar for eit presteseminar i Gummersbach og faren Ernst Habermas var direktør for handelskammeret i Köln. Faren var i fylgje sonen sympatisk innstilt til det nasjonalsosialistiske styret.
I ungdomen og under 2. verdskrigen var Habermas sterkt oppteken av krigen, men Nürnbergprosessane var avgjerande i hans modning og han forstod gjennom oppgjeret etter krigen kva moralsk og politisk feilgrep nasjonalsosialismen var for Tyskland.
Han studerte i Göttingen, Zürich og Bonn og tok doktorgraden i 1954 i Bonn med eit arbeid over Schelling. Han habiliterte seg i 1961 ved universitetet i Marburg med verket Borgerlig offentlighet (Strukturwandel der Öffentlichkeit. Untersuchungen zu einer Kategorie der bürgerlichen Gesellschaft). Deretter fekk han eit professorat i filosofi ved Ruprecht-Karls-Universität i Heidelberg, som han hadde fram til 1964.
Frå 1964 til 1971 var Habermas professor i filosofi og sosiologi ved Johann Wolfgang Goethe-Universität i Frankfurt am Main. I 1971 flytta han til Starnberg ved München, der han saman med Carl Friedrich von Weizsäcker leia Max-Planck-Institut zur Erforschung der Lebensbedingungen der wissenschaftlich-technischen Welt. År 1981 offentleggjorde han sitt hovudverk, Theorie des kommunikativen Handelns.
I 1983 slo han seg atter ned i Frankfurt som professor i filosofi, med fagområdet sosialfilosofi og historiefilosofi.
Vitskapshistorie
endreArbeidet til Habermas, som har vorte kalla ny-marxistisk, er svært omfattande og handsamar ei rekke emne. Det fokuserer på grunnlegginga av sosialfilosofien og epistemologien, analysen av det avanserte kapitalistiske, industrielle samfunn samt demokrati og lovgjevinga i ein kontekst av kritisk sosialevolusjon og samtidas politikk, i sær tysk politikk.
Han er mest kjend for arbeidet med omgrepet den offentlege sfære. Han har utvikla eit teoretisk system retta mot undersøkinga av argumentasjon, frigjering og rasjonell-kritisk kommunikasjon innanfor moderne liberale institusjonar og mennesket sine sjansar for å kommunisere og forfylgje rasjonelle interesser.
Habermas starta som elev av Theodor Adorno og vert halden som den siste store representanten for Frankfurterskulen og retninga sin kritiske teori.
Teori
endreHabermas si teoridanning har bidrege til usedvanleg mange ulike retningar innan sosial teori og filosofi:
- Den tyske filosofiske tanke frå Immanuel Kant, Friedrich Schelling, Georg Wilhelm Friedrich Hegel, Wilhelm Dilthey, Edmund Husserl og Hans-Georg Gadamer.
- Den marxistiske tradisjon - både Karl Marx sin teori, så vel som den kritiske ny-marxistiske teori frå Frankfurterskulen (dvs. Max Horkheimer, Theodor Adorno og Herbert Marcuse).
- Dei sosiologiske teoriane av Max Weber, Émile Durkheim og George Herbert Mead.
- Den lingvistiske filosofi og talehandlingas filosofi av Ludwig Wittgenstein, J. L. Austin og John Searle.
- Den amerikanske pragmatiske tradisjon av Charles Sanders Peirce og John Dewey samt den sosiologiske systemteori av Talcott Parsons og Niklas Luhmann.
- Den ny-kantianske tankegangen.
Habermas ser på utviklinga av teorien om kommunikativ rasjonalitet som sitt viktigaste bidrag til kunnskapssamfunnet. Denne skil seg frå den rasjonalistiske tradisjonen ved å plassere rasjonalitet i strukturar av mellommenneskeleg lingvistisk kommunikasjon, framfor i strukturar som enten er bundne til kosmos eller eit vitande subjekt. Denne sosiale teori understøttar freistnader på å oppnå menneskeleg frigjering, medan den beheld ei universalistisk, moralsk ramme. Denne ramma kviler på ein idé om universell pragmatikk; at alle talehandlingar har eit innebygt telos (det greske ordet for 'formål' eller 'mål') om å oppnå gjensidig forståing, og at mennesket innehar den naudsynte kommunikative kompetansen for å oppnå denne gjensidige forståinga. Habermas utvikla ramma si dels på bakgrunn av talehandlingsteorien til Ludwig Wittgenstein, J. L. Austin og John Searle, dels på den sosiologiske teorien om konstruksjonen av sjølvet i interaksjonen av George Herbert Mead; dels på teoriar om moralsk utvikling av Jean Piaget og Lawrence Kohlberg og dels på diskursetikken av sin Heidelberg-kollega Karl-Otto Apel.
Prisar
endreOgså etter at han vart pensjonist i 1994 har han vore vitskapleg aktiv, og tek i stor grad del i den offentlege samtalen. Habermas er den mest framståande representanten for Frankfurterskulen og den kritiske teori, og ein av dei mest kjente nolevande filosofane.
- 2006 – Bruno Kreiskys menneskerettspris
- 2005 – Holbergprisen
- 2001 – Dei tyske bokhandlarane sin fredspris
- 1987 – Sonningprisen
Verk på norsk
endre- Vitenskap som ideologi.1969
- Borgerlig offentlighet: dens fremvekst og forfall : henimot en teori om det borgerlige samfunn. 1971.
- Nasjonalisme og nasjonal identitet. 1994. Medforfattar: Norbert Elias.
- Kraften i de bedre argumenter. 1999. Medforfattar: Ragnvald Kalleberg.
- Den menneskelige naturs fremtid: bidrag til den etiske debatten om genteknologi. 2003
- Offentlig mening, kommunikativ makt og aktører i det sivile samfunn. 2007
- Politisk kommunikasjon i mediesamfunnet. 2007
- Sekulariseringens dialektikk: om fornuft og religion. 2008. Medforfattarar: Florian Schüller og pave Benedikt XVI.
Bibliografi i utval
endre- Das Absolute und die Geschichte. Von der Zwiespältigkeit in Schellings Denken (doktorgradavhandling), Bonn 1954.
- Student und Politik. Eine soziologische Untersuchung zum politischen Bewußtsein Frankfurter Studenten (med L. v. Friedburg, Ch. Oehler og F. Weltz), Neuwied 1961.
- Strukturwandel der Öffentlichkeit. Untersuchungen zu einer Kategorie der bürgerlichen Gesellschaft (habil.), Neuwied 1962
- Erkenntnis und Interesse, Frankfurt a.M. 1968. ISBN 3-518-06731-1
- Technik und Wissenschaft als 'Ideologie', Frankfurt a.M. 1968. ISBN 3-518-10287-7
- Protestbewegung und Hochschulreform, Frankfurt a.M. 1969.
- Zur Logik der Sozialwissenschaften, Tübingen 1970 (erw. 1982). ISBN 3-518-28117-8
- Theorie der Gesellschaft oder Sozialtechnologie. Was leistet die Systemforschung? (med Niklas Luhmann), Frankfurt a.M. 1971.
- Legitimationsprobleme im Spätkapitalismus, Frankfurt a.M. 1973. ISBN 3-518-10623-6
- Zur Rekonstruktion des Historischen Materialismus, Frankfurt a.M. 1976. ISBN 3-518-27754-5
- Theorie des kommunikativen Handelns (Bd.1: Handlungsrationalität und gesellschaftliche Rationalisierung, Bd. 2: Zur Kritik der funktionalistischen Vernunft), Frankfurt a.M. 1981. ISBN 3-518-28775-3
- Moralbewußtsein und kommunikatives Handeln, Frankfurt a.M. 1983. ISBN 3-518-28022-8
- Die neue Unübersichtlichkeit. Kleine Politische Schriften V, Frankfurt a.M. 1985. ISBN 3-518-11321-6
- Faktizität und Geltung. Beiträge zur Diskurstheorie des Rechts und des demokratischen Rechtsstaates, Frankfurt a.M. 1992. ISBN 3-518-28961-6
- Die Einbeziehung des Anderen. Studien zur politischen Theorie, Frankfurt a.M. 1996. ISBN 3-518-29044-4
- Vom sinnlichen Eindruck zum symbolischen Ausdruck. Philosophische Essays, Frankfurt a.M. 1997. ISBN 3-518-22233-3
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jürgen Habermas» frå Wikipedia på bokmål, den 27. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Biografi, Deutsches Historisches Museum
- Habermas: Werk und Wirkung (pdf) Arkivert 2004-02-03 ved Wayback Machine.
- Lenkesamling
- Habermas bibliografi & nyheter
- «Internett og den nye offentligheten» Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. Morgenbladet
- Jonas Jakobsen: Habermas, Honneth og profetens turban Arkivert 2016-01-26 ved Wayback Machine.