Jack Butler Yeats

Jack Butler Yeats RHA (29. august 187128. mars 1957) var ein irsk kunstnar og olympisk medaljevinnar. Forfattaren W.B. Yeats var bror hans.[1]

Jack Butler Yeats

Statsborgarskap Irland, Den irske fristaten
Fødd 29. august 1871
London
Død

28. mars 1957 (85 år)
Dublin

Yrke kunstmålar, teikneserieteiknar
Medlem av Royal Hibernian Academy
Far John Butler Yeats
Mor Susan Pollexfen
Ektefelle Mary Cottenham White
Jack Butler Yeats på Commons

Dei tidlege verka til Butler gjorde han som illustratør; han byrja fyrst å arbeida regelmessig med oljemåling i 1906.[2] Dei tidlege bilda hans er enkle lyriske skildringar av landskap og figurar, hovudsakleg frå vestlege Irland –– særleg frå barndomsheimen hans i Sligo. Verka til Yeats inneheld element av romantikk. Seinare ville han ta til seg ein ekspresjonistisk stil.

Liv endre

Yeats vart fødd i London i England i 1871. Han var den yngste sonen til den irske portrettmålaren John Butler Yeats og bror til W.B. Yeats, som fekk Nobelprisen for litteratur i 1923. Han vaks opp i Sligo hjå mormora og morfaren sin, før han vende tilbake til foreldra i London i 1887.[3]

Yeats var elev på Chiswick School of Art i lag med systrene sine Elizabeth og Susan,[4] og lærte ulike teknikkar, som frihandsteikning, praktisk geometri og perspektiv, keramikk og flisemåling i tillegg til dekorativt design.[5]

Tidleg i karrieren sin arbeidde Yeats som illustratør for magasin som Boy's Own Paper og Judy, og teikna teiknestriper, mellom anna Sherlock Holmes-parodien Chubb-Lock Homes til Comic Cuts. Han skreiv også artiklar for Punch under pseudonymet «W. Bird».[3][6] I 1894 gifta han seg med Mary Cottenham, som òg var fødd i England og var to år eldre enn han. Han budde i Wicklow i Irland ifølgja den irske folketeljinga frå 1911.

Frå rundt 1920 utvikla han seg til ein intensivt ekspresjonistisk kunstnar, og gjekk frå illustrasjon til symbolisme. Han var sympatisk innstilt til den irske republikanske saka, men var ikkje politisk aktiv. Han meinte likevel at «ein målar må vera ein del av landet og livet han teiknar». Hans eiga kunstnariske utvikling som modernist og ekspresjonist hjelpte til med å artikulara eit moderne Dublin på 1900-talet, delvis ved å skildra særleg irske tema, men òg ved å gjera det i lys av universelle tema som einsemda til individet og universalisiteten av lidinga til menneske. Samuel Beckett skreiv at «Yeats er med dei store i vår tid... fordi han bringer lys, slik berre dei store vågar å bringa lys, til dei einskilde vanskane i tilveret».[a][7] Den marxistiske kunstkritikaren og forfattaren John Berger hylla òg Yeats frå eit heilt anna perspektiv, og roste kunstnaren som ein «stor målar» med ei «kjensle om framtida, ei varheit for at ei verda anna enn den vi kjenner er mogleg.»[8]

Nokre av favorittmotiva hans var irske landskap, hestar, sirkus omreisande utøvarar. Dei tidlege måleria og teikningane hans er kjennemerka av ein energisk enkelheit i linje og farge. Seinare måleri er prega av ekstremt kraftig og eksperimentell behandling av ofte tjukt påsett måling. Ofte la han penselen heilt bort, og påførte måling på ei rekkje ulike måtar. Han var djupt interessert i uttrykkskrafta til farge. Trass pi posisjonen sin som den viktigaste irske kunstnaren i det 1900-talet (og den fyrste som selde kunst for over 1 million pund), tok han ikkje elevar, og lét ingen sjå han arbeida, slik at han blei verande ein eineståande figur. Den kunstnaren som er nærast han i stilen er venen hans, den austerrikske målaren Oskar Kokoschka.

I 1943 gjorde han Victor Waddington til den einaste forhandlar og forretningsføraren sin. Waddington spelte ei viktig rolle for karrieren og omdømet hans.[9]

I tillegg til måling hadde Yeats ei sterk interesse for teater og litteratur. Han var ein nær venn av Samuel Beckett. Han designa kulissar for Abbey Theatre, og tre drama av han blei òg sette opp der. Dei litterære verka hans omfattar The Careless Flower, The Amaranthers (som blei mykje beundra av Beckett), Ah Well, A Romance in Perpetuity, And To You Also, og The Charmed Life. Måleria til Yeats har vanlegvis poetiske og atmosfæriske titlar.

Yeats blei vald til medlem av Royal Hibernian Academy i 1916.[10] Han døydde i Dublin i 1957, og blei gravlagd ved Mount Jerome Cemetery.

Yeats har også utmerkinga av å vera den fyrste medaljesvinnaren frå Irland i dei olympiske leikane etter at Den irske fristaten blei oppretta. Ved OL i Paris i 1924 vann Yeats sitt måleri The Liffey Swim ein sølvmedalje i kunst- og kultursegmentet i leikane.[11] I konkurransenedteikningane står det berre «Svimming».[12][13]

Museum med verk av Yeats endre

Merknadar endre

  1. Yeats is with the great of our time... because he brings light, as only the great dare to bring light, to the issueless predicament of existence

Kjelder endre

  1. «Jack Butler Yeats». Henta 23 July 2020. 
  2. Pyle, 106
  3. 3,0 3,1 «History of British Comics: 1890 - 1899 (Early Comics) Part 2». Arkivert frå originalen 9 August 2020. Henta 6 November 2010. 
  4. 1881 – Chiswick School of Art, Bedford Park, London, Archiseek, 26 August 2009, accessed 11 August 2022
  5. 1881 – Chiswick School of Art, Bedford Park, London, Archiseek, 26 August 2009, accessed 11 August 2022
  6. «Jack Yeats». 
  7. Brennan, Séamus. "The Work of Jack B. Yeats Arkivert 7 June 2011 ved Wayback Machine.". Speech at the National Gallery of Ireland, 17 July 2007. Retrieved on 1 July 2009.
  8. Berger, John. Permanent Red. Methuen, 1960 repr. Writers & Artists Collective, 1979. 148. ISBN 0904613-92-5
  9. Clavin, Terry. «Victor Waddington». Royal Irish Academy. Henta 20 December 2021. 
  10. W. J. Gillan & McCormack, Patrick. The Blackwell Companion to Modern Irish Culture. WileyBlackwell, 2001. 624. ISBN 0-631-22817-9
  11. «Jack Butler Yeats | Irish painter» (på engelsk). Henta 9. august 2021. 
  12. p.318, McCarthy, Kevin Gold Silver And Green: The Irish Olympic Journey 1896-1924 Cork: Cork University Press 2010
  13. Mike, Cronin. "The State on Display: The 1924 Tailteann Art Competition". New Hibernia Review. Volume 9, Number 3, Autumn 2005. 50-71
  • Samuel Beckett. 1991. Jack B. Yeats: The Late Paintings (Whitechapel Art Gallery)
  • John Booth. 1993. Jack B. Yeats: A Vision of Ireland (House of Lochar)
  • John W. Purser. 1991. The Literary Universe of Jack B. Yeats (Rowman & Littlefield Publishers)
  • Hilary Pyle. 1987. Jack B. Yeats in the National Gallery of Ireland (National Gallery of Ireland)
  • Hilary Pyle. 1989. Jack B. Yeats: A Biography (Carlton Books)
  • T.G. Rosenthal. 1993. The Art of Jack B. Yeats (Carlton Books)
  • Jack B. Yeats. 1992. Selected Writings of Jack B. Yeats (Carlton Books)
  • Declan J Foley (2009), ed. with an introduction by Bruce Stewart,The Only Art of Jack B. Yeats Letters and essays (Lilliput Press Dublin).