Janne Nes
Janne Nes (f. 1954 ) er ein norsk tekstilkunstnar som held til i Leikanger i Sogn og Fjordane.
Janne Nes | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. februar 1954 (70 år) Hamar kommune |
Yrke | illustratør |
Janne Nes er fødd på Hamar. Ho utdanna seg som fysiokjemikar men tok deretter hovudfag på Kunsthøgskolen i Bergen og vart tekstilkunstnar på fulltid. I tillegg til fleire utstillingar har ho også hatt oppdrag for Leikanger Sparebank, Sogndal apotek, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane, Leikanger sjukeheim og Statens hus i Leikanger. Ho har også illustrert bøker av Odd Njøs utgjeve av Skald forlag.
Janne Nes er medlem av Norske kunsthåndverkere og assosiert medlem av Norske tekstilkunstnere.
Utdanning
endre- 1975-1976: Statens Fysiokjemikerskole på Rikshospitalet
- 1982-1984: Kunstfaglege kurs i grafikk, tresnitt, teikning, måleri, skulptur og foto.
- 1997-2000: Kunsthøgskolen i Bergen, avdeling for spesialisert kunst/tekstil.
- 2002: Hovudfag på Kunsthøgskolen i Bergen, avdeling for spesialisert kunst/tekstil.
Utstillingar
endre- 1987, 1989, 1991: Distriktsutstillinga i Sogn og Fjordane.
- 2000: Norsk Kunsthåndverk 2000, årsutstillinga.
- 2001: Kollektiv tekstilutstilling arrangert av Nordre Land Kunstforening på RV 245 - 250.
- 2002: Kollektivutstilling i Galleri LNM, VANNFARGE 02 arrangert av (Landsforeningen Norske Malere i Oslo).
- 2003: Hovedfagutstillingen i Bergen.
- Kollektivutstilling på Hå gamle prestegard på Jæren.
- Høstutstillingen
- 2004: Sommarutstilling hjå Luster kunstlag
- 2005: Separautstilling på Sogn og Fjordane kunstmuseum.
- 2006: Triennale 06 - tekstil fiber lær, Oslo kunstforening
- 2007: Norsk Textiltriennale, Röhsska Museet, Göteborg.
- 2008: Separatutstilling KunstnerSenteret i Buskerud, Pilotgalleriet
- 2010: The 3rd International Art Festival, Krakow, Polen
Stipend
endre- 2003: Etablerarstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.
- 2005: Statens kunstnerstipend, reise/studie
- 2006: Billedkuntnernes vederlagsfond
- 2007: Statens kunstnerstipend arbeidsstipend to år
- 2009: Kunstnarstipend fra Sogn og Fjordane fylkeskommune
- 2010: Billedkunstnernes vederlagsfond
Bakgrunnsstoff
endre- Profil hjå Sogn og Fjordane kunstnarsenter Arkivert 2005-04-15 ved Wayback Machine.