Kalksilikatbergartar

Kalksilikatbergartar er bergartar som består av minst 50 % av eitt eller fleire av dei følgjande kalsiumrike minerala: bytownitt/anortitt (som er kalsiumrik plagioklas), kalsiumrik skapolitt, diopsid-hedenbergitt, kalsiumrik granat (andraditt og grossular), epidot-mineral, johannsenitt, prehnitt, titanitt, tremolitt, vesuvian og wollastonitt, men mindre enn 5 % karbonatmineral.

Bergartane oppstår ved metamorfose av ureine kalksteinar. Desse har gjerne band som er skiferaktige eller gneisaktige i saman med glimmerskifer, marmor og amfibolitt. Kalksilikatbergart er òg massive «felsar» som har oppståt ved kontaktmetamorfose og/eller metasomatose av kalksteinar.

I Noreg finn ein kalksilikatbergartar i Kristiansand, Arendal, Møre og Romsdal, Nordland og Troms. I Oslofeltet finn ein kalksilikatbergartar i kontaktsonen mellom ureine kalksteinar og intrusive djupbergartar.

KjelderEndra