Kasjrút
(Omdirigert frå Kasjér)
Kasjrút (hebraisk כַּשְׁרוּת [kašrūt]) er det jødiske systemet av matføreskrifter. Innanfor kasjrút skil ein mellom dyreslag som er tahór («rituelt reine», tillatne til bruk) og tamé («rituelt ureine», ikkje tillatne til bruk). Matretter, råvarer og ingrediensar som er tillatne til mat etter kasjrút blir kalla kasjér (frå hebr. כָּשֵׁר [kāšēr]) eller koscher (frå jiddisch kósher). Mat som inneheld forbodne matslag eller kombinasjonar eller som er tillaga på forbode vis blir rekna som taréf (frå hebraisk) eller treif (frå jiddisch).