Lasurstein

(Omdirigert frå Lapis)

Lasurstein eller lapislasuli er ein bergart som vesentleg består av mineralet lasuritt, med vekslande mengder av kalsitt, sodalitt og pyritt. Fargen er vanlegvis asurblå. Heilt sidan oldtida er han brukt som edelstein til smykke og utskorne lekamar. Han finst fleire stader i Sentral-Asia.

Lasurstein

Lasurstein frå Afghanistan i sin naturlege tilstand
Generelt
KategoriBergart
Kjemisk formelblanding av mineral med lasuritt som den viktigaste bestanddelen
Identifikasjon
FargeBlå, marmorert med kvit kalsitt og messinggul pyritt
KrystallformKompakt, massive
KrystallsystemIngen, sidan lapislasuli er ein bergart. Lasuritt, hovudbestanddelen, opptrer ofte som tolvkant
KløyvIngen
BrotUjamn-muslig
Mohs hardleiksskala5–5,5
Glansmatt
Strekfargelysblå
Spesifikk vekt2,7–2,9
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks1,5
Andre eigenskaparVariasjonane i samansetnaden gjev stor variasjon i verdiane over

Tidlegare er steinen òg brukt til målarfarge med nemninga «naturleg ultramarin».

Lasurstein vart vunne ut i Sar-i Sang-gruvene[1] og andre gruver i Badakhshan-provinsen nordaust i Afghanistan så tidleg som 6000-talet fvt.[2] Lapis-perler er funne i steinaldergraver i Mehrgarh, Kaukasus og så langt frå Afghanistan som Mauritania.[3] Han vart nytta for augnebryn på gravmaska til kong Tutankhamun (1341–1323 fvt.).[4]

Mot slutten av mellomalderen vart lasurstein eksportert til Europa, der han vart malen til pulver og nytta som fargen ultramarin, det finaste og dyraste av alle blå pigment. Han vart nytta av dei viktigaste kunstnarane i renessansen og barokken, som Masaccio, Perugino, Tizian og Vermeer, og var ofte nytta for kleda til sentrale personar i måleria, særleg Jomfru Maria.[1]

I dag er gruvene nordaust i Afghanistan framleis den viktigaste kjelda til lasurstein. Store mengder vert òg vunne ut i gruvene vest for Bajkalsjøen i Russland og i Andesfjella i Chile. Mindre mengder finst òg i Italia, Mongolia, USA og Canada.[5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 David Bomford and Ashok Roy, A Closer Look- Colour (2009), National Gallery Company, London, (ISBN 978-1-85709-442-8)
  2. Moorey, Peter Roger (1999). Ancient Mesopotamian Materials and Industries: the Archaeological Evidence. Eisenbrauns. s. 86–87. ISBN 978-1-57506-042-2. 
  3. Bowersox & Chamberlin 1995
  4. Alessandro Bongioanni & Maria Croce (ed.), The Treasures of Ancient Egypt: From the Egyptian Museum in Cairo, Universe Publishing, a division of Ruzzoli Publications Inc., 2003. p.310
  5. [1] "All about colored gemstones," on site of the International Colored Gemstones Association.
  • Lapis lazuli. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013.