Leeds United

(Omdirigert frå Leeds United F.C.)

Leeds United Fotball Club (før Leeds United Association Football Club) er ein engelsk profesjonell fotballklubb.

Leeds United

Fullt namnLeeds United Football Club
KallenamnThe Whites
Grunnlagd1919
HeimebaneElland Road
(kapasitet: 37 890[1])
StyreleiarAndrea Radrizzani
HovudtrenarMarcelo Bielsa
LigaPremier League frå 2021/22
2020/219. plass i Football League Championship
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Frå og med 2020/21-sesongen spelar klubben i Premier League etter at dei vann Championship i 2019/20-sesongen.

Klubben vart stifta i 1919,[1] og vart vald inn i The Football League i 1920. «The Whites», som er kallenamnet til Leeds United, spelar heimekampane sine på Elland Road i Leeds. Byen Leeds ligg i den engelske regionen Yorkshire og Humber, kring sju mil aust for Manchester og fem mil nord for Sheffield.

Historie endre

Starten endre

Leeds United vart grunnlagt som ein etterfylgjar av den tidlegare klubben i Leeds, Leeds City. City vart ekskludert frå ligaen på grunn av ulovlege utbetalingar til spelarar under første verdskrig.

Tida under Don Revie endre

Laget levde stort sett eit heistilvære mellom dei to øvste divisjonane fram til dei fekk den tidlegare engelske landslagspelaren Don Revie som manager, i mars 1961. På grunn av økonomiske problem i klubben hadde Revie ein tung 1961/62 sesong, og ein siger i siste kamp redda laget frå nedrykk til 3 divisjon. To år seinare var alt mykje lysare for klubben og Leeds var igjen klar for Englands øvste divisjon. Dei neste 10 åra kan skildrast som Leeds si stordomstid med mellom anna 2 ligameisterskap. I Revie sin siste sesong som manager spela laget dei første 28 seriekampane utan å tapa, og laget vart ofte kalla «Super Leeds» i denne tida.

Etter Revie endre

Den neste manageren i Leeds vart Brian Clough. Han hadde hatt stor suksess med Derby County, men vart rekna som omstridd og fekk sparken i Leeds allereie etter 44 dagar. Klubben heldt seg i toppserien utover på 1970-talet, men hadde ikkje like gode plasseringar som dei hadde hatt under Revie. I sesongen 1981/82 rykte laget ned frå 1. divisjon og på 1980-talet vart dei verande i denne divisjonen. Howard Wilkinson, som vart tilsett som manager i oktober 1988, greidde å få laget attende til toppdivisjonen. Her gjekk det betre enn dei aller fleste hadde trudd og i 1991/92 hadde laget igjen vorte engelske ligameister. Klubben vart i den øvste divisjonen i 14 år før dei etter 2003/04 sesongen igjen rykte ned til det som då hadde vorte til Football League Championship.

Meisterskap endre

  • Engelske ligameister: 1968/69, 1973/74 og 1991/92.
  • Vinnar av nivå 2 (Divisjon 2 - Championship) 1923/24, 1963/64, 1989/90 - 2019/20
  • Vinnar av FA-Cupen: 1972.
  • Finalist i FA-Cupen: 1965, 1970 og 1973.
  • Vinnar av Ligacupen: 1968.
  • Finalist i Ligacupen: 1996.
  • Finalist i serievinnarcupen (før Meisterligaen): 1975
  • Vinnar av FA Charity Shield: 1969 og 1992.
  • Vinnar av FA Youth-cup: 1993 og 1997

Plasseringar i cup og serie endre

Oversikt over Leeds United F.C.-sesongar sidan 1919/20.

Kjende spelarar endre

Leeds United sine managerar endre

Manager Periode Manager Periode
Arthur Fairclough (1920-1927) Eddie Gray (2003-2004)
Dick Ray (1927-1935) Kevin Blackwell (05/2004-09/2006)
Billy Hampson (1935-1947) John Carver[2] (09/2006-10/2006)
Willis Edwards (1947-1948) Dennis Wise (10/2006-01/2008)
Frank Buckley (1948-1953) Gary McAllister (01/2008-12/2008)
Horatio Carter (1953-1958) Simon Grayson (12/2008-02/2012)
Bill Lambton (1958-1959) Neil Redfearn (02/2012)
Jack Taylor (1959-1961) Neil Warnock (02/2012-04/2013)
Don Revie (1961-1974) Neil Redfearn (04/2013)
Brian Clough (1974) Brian McDermott (04/2013-05/2014)
Jimmy Armfield (1974-1978) Nigel Gibbs (01/2014-02/2014)
Jock Stein (1978) Dave Hockaday (06/2014-08/2014)
Jimmy Adamson (1978-1980) Neil Redfearn (08/2014-09/2014)
Allan Clarke (1980-1982) Darko Milanic (09/2014-10/2014)
Eddie Gray (1982-1985) Neil Redfearn (11/2014-2015)
Billy Bremner (1985-1988) Uwe Rösler (2015-10/2015)
Howard Wilkinson (1988-1996) Steve Evans (10/2015-05/2016)
George Graham (1996-1998) Garry Monk (07/2016-05/2017)
David O'Leary (1998-2002) Thomas Christiansen (06/2017-02/2018)
Terry Venables (2002-2003) Paul Heckingbottom (02/2018-06/2018)
Peter Reid (2003) Marcelo Bielsa 07/2018-

Spelarstall endre

Tabellen vart sist endra 11. november 2021[3][4].

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Illan Meslier
2   F Luke Ayling
3   F Junior Firpo
4   MB Adam Forshaw
5   F Robin Koch
6   F Liam Cooper  
9   A Patrick Bamford
10   MB Raphael Dias Belloli
11   A Tyler Roberts
13   K Kristoffer Klaesson
Nr. Posisjon Spelar
14   F Diego Llorente
15   F Stuart Dallas
19   A Rodrigo Moreno
20   MB Dan James
21   F Pascal Struijk
22   MB Jack Harrison
23   MB Kalvin Phillips
43   MB Mateusz Klich
46   MB Jamie Shackleton

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Club» (på engelsk). Leeds United. Henta 6. august 2020. 
  2. «Leeds United - Current and former staff» (på engelsk). Transfermarkt. Henta 11. november 2021. 
  3. «First Team» (på engelsk). Leeds United. Henta 11. november 2021. 
  4. «Leeds United - Club profile» (på engelsk). Transfermarkt. Henta 11. november 2021. 

Bakgrunnsstoff endre