Leif
mannsnamn
Leif og Leiv er mannsnamn av norrønt opphav. Leif har namnedag den 9. oktober.
Namna er danna som kortformer av namn med denne endinga, som Torleif, Oddleiv og liknande. Det norrøne namneleddet -leifr eller -láfr er eit norrønt adjektiv som tyder 'som blir igjen', altså 'etterkomar' eller 'arving'.
Namnet har vore kjend i Noreg sidan mellomalderen. Leif var svært mykje brukt i Noreg på 1920-talet, då rundt 2,0 % av nyfødde kunne få namnet. Bruken har deretter gått ned. I 2009 var det 15 203 norske menn som heitte Leif og 1 410 som heitte Leiv.
Namneberarar
endre- Leiv Eiriksson (ca 973–ca 1020), norrøn oppdagelsesreisande
- Leiv Heggstad (1879–1954), norsk skulemann og målmann
- Leif Torvald Halse (1896–1984), norsk forfattar
- Leif Høegh (1896–1974), norsk skipsreiar
- Leif Halse (1896-1984), norsk forfattar
- Leiv Aalen (1906–1983), norsk teolog
- Leif Østby (1906-1988), norsk kunsthistorikar
- Leif Andreas Larsen (1906–1990), norsk motstandsmann kjend som «Shetlands-Larsen»
- Leif Granli (1909-1998), norsk politikar (Ap)
- Leif Juster (1910–1995), norsk artist
- Leif Bryde Lillegaard (1918–1994), norsk journalist og forfattar
- Leif Hveem (1920-1964), norsk motorsyklist
- Leif Vetlesen (1921–2003) norsk sjømann, organisasjonsmann og forfattar
- Leif Aune (f. 1925), norsk statsråd
- Leiv Blakset (1928-2005), norsk politikar (Sp)
- Leif Vatle (f. 1928), norsk lokalhistorikar
- Leiv Mjeldheim (f. 1929), norsk historikar
- Leif Arne Heløe (f. 1932), norsk politikar (H)
- Leif Rygg (f. 1940), norsk hardingfelespelar
- Leif Erlsboe (1943-2000), norsk filmregissør
- Leif Hovde (f. 1943), norsk politikar (KrF)
- Leif Værum Larsen (1948-2009), norsk trombonist og politikar
- Leif Jenssen (f. 1948), norsk vektlyftar
- Leif Helge Kongshaug (f. 1949), norsk politikar (V)
- Leif Øgaard (f. 1952), norsk sjakkspelar
- Leif Johan Sevland (f. 1961), norsk lokalpolitikar, ordførar i Stavanger
- Leif Ove Andsnes (f. 1970), norsk pianist
- Leif Johan Holand (f. 1970), norsk filmfotograf
- Leif Erlend Johannessen (f. 1980), norsk sjakkspelar
- Leif Grünewald (f. 1986), brasilianske sosialantropolog
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Leif» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Leif hjå Statistisk Sentralbyrå