Leikanruden
Springaren Leikanruden (kalla opp etter spelemannen Svein Leikanrud), er ein gamal slått frå Tinn. Dei fleste variantane kan førast attende hit, men det finst og ein variant frå Ål, og ein frå Hardanger.
Slåtten ser ut til å ha røter attende til 1700-talet både i Tinn og i Hardanger.
Variantgruppa
endreSlåtten har seks variantar utgjevne i Hardingfeleverket, under nr 497:
- a: Leikanruden, etter Torkjell Haugerud, Bø i Telemark [1][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1954 etter opptak (G 1217). Haugerud hadde slåtten frå spelemannen Einar Høydal, Seljord. Høydal lærte slåtten av ein Tinndøl i USA.
- b: Leikanruden, etter Einar Løndal, Tuddal [2][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen (Ø 434). Einar Løndal hadde slåtten frå faren Svein Løndal. Svein Leikanrud var bestefar til Svein Løndal.
- c: Springar etter Ole H. Bernås, etter Johannes Dale, Tinn [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1961 etter opptak i NRK (G 1319, NRK magn. 2073). Ole Bernås var ein spelemann frå Tinn.
- d: Skuslen, etter Sevat Sataøen, Ål [4][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1962 etter opptak i NRK (G 1418, NRK magn. 1875). Sataøen hadde slåtten etter Myreguten (Ola Jensen Myro). Myreguten hadde slåtten frå Ola A. Strand i Ål. Forma skal opphavleg vera frå Hardanger (variant f nedanfor). Slåttenamnet skriv seg frå "skuslinga" i andre takt, der spelemannen slenger veslefingeren opp på tonen ciss på grannstrengen (andreposisjon). Skusle = å skuve handa oppetter felehalsen.
- e: Skuslen, etter Olav Sataslåtten, Torpo [5][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1956 (Ø 503). Sataslåtten hadde forma si etter Ola Dekko frå Torpo, men har blanda inn mange tak frå springaren Fanteladda. Denne varianten skuslar ikkje på grannstrengen (og opningstaket blir sjeldan teke oppatt).
- f: Bulkospringar, etter Anders S. Kjerland, Granvin [6][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Kjerland hadde slåtten frå Halldor Meland. Namnet er etter spelemannen Per Bulko, som budde på Isberg, Sørfjorden i Hardanger.