MS «Norröna»
MS «Norröna» er ei kombinert bilferje og passasjerskip (cruiseferje) eigd av det færøyske reiarlaget Smyril Line. Skipet blei overlevert i april 2003, og var byggnummer 694 ved Flender Werft i Lübeck i Tyskland. Kjøpesummen var 93,4 millionar euro. Sidan overleveringa har MS «Norröna» gått i rutetrafikk mellom Færøyane, Island, Danmark, Storbritannia og Noreg, frå 2009 berre mellom Danmark, Færøyane og Island.
MS «Norröna» | ||||
---|---|---|---|---|
MS «Norröna» i Tórshavn | ||||
Karriere i Færøyane
|
||||
Type: | Cruiseferje, bilferje | |||
Eigar: | Smyril Line | |||
Registreringshamn: | Tórshavn | |||
Kostnad: | 93,4 millionar euro | |||
Verft: | Flender Werft i Tyskland | |||
Byggjenummer: | 694 | |||
Sjøsett: | 24. august 2002 | |||
Døypt: | 7. april 2003 | |||
Ferdigbygd: | 2003 | |||
Sett i teneste: | 2003 | |||
Jomfrutur: | 10. april 2003 | |||
Heimehamn: | Tórshavn | |||
Status: | I drift | |||
Merknader: | skrogmateriale: stål | |||
Identifisering: | IMO 9227390 | |||
Generelle eigenskapar | ||||
Tonnasje: | 35 966 (BT) tonn | |||
Daudvekt: | 6 113 tonn | |||
Lengd: | 161 m | |||
Dekkbreidde: | 33,5 m | |||
Djupgang: | 6 m | |||
Fart: | 21 knop | |||
Passasjerar: | 1 482 | |||
Bilar: | 800 (evt. 130 vogntog) | |||
Mannskap: | 118 |
Historie
endreSia 1984 blei den såkalla The North Atlantic Link-ruta i Nord-Atlanteren trafikkert av det fyrste skipet til reiarlaget, som også hadde namnet MS «Norröna» (bygd i 1973). Allereie i 1995 blei planer om eit nytt skip diskutert, og grunna aukande trafikk, vedtok reiarlaget ved tusenårsskiftet å bygge ei ny og moderne cruiseferje for å erstatte gamle MS «Norröna». Byggekontrakta blei inngått med det tyske verftet Flensburger Schiffbau-Gesellschaft mbH & Co. i Flensburg, men oppdraget blei seinare overført til Flender Werft i Lübeck. Kjølstrekkinga fann stad 7. januar 2002, og skroget blei sjøsett 24. august 2002. Overleveringa fann stad 7. april 2003, og tre dagar seinare la MS «Norröna» ut på jomfruturen sin på ruta mellom Færøyane, Island, Fastlands-Norden og Shetland.
15. januar 2004 kolliderte MS «Norröna» med kaia i Tórshavn på Færøyane, og fekk ei ti meter lang flenge i skroget. Skipet blei reparert ved det tyske verftet Blohm & Voss i Hamburg, og 20. mars same år var skipet tilbake i rute igjen. 11. november 2007 kom MS «Norröna» i vanskelegheiter da det undervegs frå Bergen til Tórshavn fekk maskinproblem i dårleg vêr. Skipet krenga valdsamt, og cirka 60 køyretøy på bildekka blei skada, fleire blei totalskada.[1] Skipet gjekk til Lerwick på Shetland og fekk utført mindre reparasjonar før det returnerte til ruta.
Shetland blei fjerna frå ruteplanen i 2008. I 2009 blei også seglingane til Bergen og Scrabster i Skottland sløyfa på grunn av store økonomiske problem i reiarlaget Smyril Line.[2]
Skipet
endreTonnasjen til MS «Norröna» er 35 966 bruttotonn, 15 922 nettotonn (NT), og lasteevna er 6 113 dødvekttonn. Framdrifta blir gitt av fire Caterpillar 6M43 dieselmotorar kopla parvis på to propellakslingar. Oppgitt totaleffekt er 30 000 hestekrefter (bhk). Dei to propellane er levert av Schottel Schiffsmaschinen i Wismar i Tyskland, og har vribare blad. I tillegg har skipet to sidepropellar i baugen med effekt på 4 755 hestekrefter (bhk). Tre dieseldrivne generatorar produsert av Caterpillar gir elektrisk kraft, to av typen 9M20, og éin 6M20. Nødgeneratoren er ein Cummins KTA38-D(M) som også går på diesel. Samla lengde på oppstillingsplassane på bildekket er 1 830 meter, og det er plass til 800 personbilar eller 130 vogntog.
MS «Norröna» er sertifisert for 1 482 passasjerar, og har 1 012 køyeplassar fordelt på 318 lugarar. Alle lugarane har fjernsyn og dusj/WC. Skipet er utstyrt med aktive stabilisatorar midtskips, og har helikopterdekk akterut på øvste dekk. I høgsesongen har MS «Norröna» eit mannskap på 118, mens det i lågsesongen er redusert til 20-25, avhengig av passasjertalet. Minimumsbemanninga er tre på brua, fem i maskinen og seks på dekk.
MS «Norröna» har IMO-nummer 9227390.
Referansar
endre- ↑ bt.no: Knust på fergedekket Arkivert 2009-05-17 ved Wayback Machine. (lese 16. juni 2009
- ↑ bt.no: Smyril dropper Bergen Arkivert 2008-12-11 ved Wayback Machine. (lese 16. juni 2009)