Madhubanikunst

(Omdirigert frå Madhubani)

Madhubani er namnet på ein type biletkunst hovudsakleg utført av kvinner frå Mithila, eit område som ligg nord i den indiske delstaten Bihar, nær grensa til Nepal. Stilen har namn etter landsbyen Madhubani, men blir også laga av kunstnarar frå andre landsbyar, og er i tillegg kjend under nemningane Godhana- og Mithila-kunst.

Glimt av madhubanikunst på papir.
Foto: Divya Vibha Sharma

Stilen utvikla seg gjennom generasjonar som vegg- og golvmåleri i husa folk budde i. Bileta blei særleg laga i samband med religiøse høgtider og viktige hendingar, som ved giftarmål. Han blir i dag også laga for utsal av kunstnarar som framleis hovudsakleg er kvinner, sjølv om det også finst mannlege utøvarar. Tradisjonelle avgrensingar av fargar og motiv er også i stor grad oppheva.

Bakgrunn endre

Soga knyter stilen til hendingane frå Ramayana, og seier at han oppstod då kong Djanaka av Mithila bestilte måleri til bryllaupet mellom Rama og Sita. I alle høve er motiva tradisjonelt, og i stor grad framleis, henta frå hindumytologi. Det er vanleg å måla gudar som Rama og Sita, Durga, Krisjna og Sarasvati og hinduiske symbol som sola (surya), månen (tsjandra) og heilag basilikum (tulsi). Andre vanlege motiv er scenar frå bryllaup og kongelege hoff. Vanlegvis fyller måleria ei heil flate ved at tomrom blir pynta med geometriske former eller plantedekorasjonar, som alle har symbolsk tyding.

Opphavleg blei bileta laga i samband med religiøse høgtider, som lyshøgtida divali eller slangehøgtida naga pantsjami, eller overgangsriter som fødslar, trådseremoniar og bryllaup, der alt frå nedskrivne giftarmålsforslag til veggane i bryllaupskammeret blei dekorert.

Det fanst tradisjonelt tre ulike typar madhubanikunst. Ein type blei laga av brahminkvinner, som brukte alle slags fargar og henta inspirasjon til bilete frå heilage hinduskrifter. Kayasthakvinner, frå ei anna høgstatuskaste, hadde same type motiv men brukte hovudsakleg raudt og svart. Den tredje typen blei laga av kvinner frå lågstatuskasten dusadh ('vaktfolk'), som ikkje fekk lov til å avbilda guddommar og derfor henta inspirasjon frå naturen. Medan dei to første typane er blitt kalla Mithila-kunst åleine, er den tredje også kjend som Godhana-kunst. Medan nokre av dagens kunstnarar held seg til desse avgrensingane, finst det også mange som bryt dei, slik at lågkastar kan laga bilete av guddommar, medan kayasthakunstnarar også kan bruka fleire fargar.

Madhubani blir kjend endre

 
Bilete i madhubanistil blir no måla på papir, rama inn og seld som kunstverk, som her, i ein butikk i Delhi.
Foto: Deepanjali Kakati

Madhubani-bileta blei opphavleg laga som forgjengeleg veggkunst (khobar) og golvkunst (aripana). I 1960-åra, under ein uårsperiode i område, blei kunstnarar oppmuntra av All India Handicrafts Board til å laga bilete på papir slik at dei kunne seljast. Kunstforma blei særs populær i India og omverda. Medan eit bilete i byrjinga gjerne kosta ti rupiar, blir mange i dag selde for rundt 40 000 rupiar.

Fleire kunstnarnamn er blitt velkjende, til dømes Sita Devi, som fekk prisen Padma Shri i 1981, og Mahasundari Devi, som kom ut av purdah (kvinneleg avsondring) for å bli kunstnar, og i 1979 grunnla eit samvirke for madhubanikunstnarar. Ho fekk den indiske nasjonale prisen i 1982.

Utføring endre

For å laga eit måleri spreier ein våt kumøkk og søle på ei overflate. Ferdige måleri får eit lag risvatn på overflata. Madhubanikunst blir no måla på klede, lerret og heimelaga papir for sal. Ein finn han også som dekorasjon på sariar.

Tradisjonelt har ein brukt plantefargar til å måla med, noko som gjev bileta ein dus, ofte raudleg let. Mange av dagens kunstnarar følgjer denne tradisjonen, men nokre bruker også skarpare kunstige fargar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Madhubanikunst

Døme endre