Melanopareiidae

familie av sporvefuglar

Melanopareiidae, månesmettar, er ein biologisk familie av sporvefuglar i Sør-Amerika. Dei fire artane utgjer same slekta, Melanopareia.

Melanopareiidae
Praktmånesmett, Melanopareia elegans
Praktmånesmett, Melanopareia elegans
Utbreiing
Utbreiinga av Melanopareiidae
Utbreiinga av Melanopareiidae
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Melanopareiidae
Ericson, Olson, Irestedt, Alvarenga & Fjeldså, 2010

Månesmettar varierer i lengd frå 14 til 16 centimeter, veg 16-23 gram og har relativt lange stjertar i samanlikning med tapakuloar. Fjørdrakta er slåande med eit særeige band over brystet som gjev gruppa namnet.[1]

To artar, cerradomånesmett og olivenmånesmett, er vidt distribuerte over sentrale og sørlege Brasil, Bolivia, Paraguay og det nordlege Argentina, medan dei to andre artane, praktmånesmett og maranonmånesmett, har ei meir avgrensa utbreiing i Peru og Ecuador.[1]

Cerradomånesmett, Melanopareia torquata
Foto: Hector Bottai

Skildring

endre

Lite er kjent om åtferda til månesmettar. Dette er fuglar med biotop i tørt kratt. Generelt tar dei fôr på bakken, men dietten deira er enno ikkje undersøkt. Einaste arten der ein veit noko om hekkebiologien er olivenmånesmett. Denne arten hekkar sesongbasert. Reiret er 15 cm høgt, koppforma, laga av plantefibrar og palmeblad, og ligg skjult i gras eller i låge buskar nær bakken. Storleiken på kullet er to til tre, egga er kvite med flekker eller svarte prikkar.[1]

Ingen artar av månesmettar blir vurdert som trua av menneskeleg aktivitet av IUCN, men maranonmånesmett er oppført som nær trua. Sjølv om artane er tilsynelatande tolerante mot noko uro, har dei ein snever global distribusjon og er dei er uvanlege sjølv innanfor dette området.[1]

Systematikk

endre

Slekta Melanopareia har lengje vore plassert saman med tapakuloar i familien Rhinocryptidae. Plasseringa deira har vore omstridd og i 2007 vart slekta splitta ut i sin eigen familie, Melanopareiidae, av den søramerikanske klassifiseringskomiteen.[2] Seinare vart familien akseptert av International Ornithological Congress, endringa er òg reflektert i Clementslista versjon 6.4 av desember 2009.[3][4] Familien Melanopareiidae vart formelt godtatt i 2009 .[5].

Artslista

endre

Månesmettar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[6] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[7]

Slekt Melanopareia

  • Cerradomånesmett, Melanopareia torquata, Collared Crescentchest, LC, Wied, 1831
  • Olivenmånesmett, Melanopareia maximiliani, Olive-crowned Crescentchest, LC, D'Orbigny, 1835
  • Maranonmånesmett, Melanopareia maranonica, Marañon Crescentchest, NT, Chapman, 1924
  • Praktmånesmett, Melanopareia elegans, Elegant Crescentchest, LC, Lesson, 1844

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Krabbe, N.K., and T.S. Schulenberg. (2003). Family Rhinocryptidae (Tapaculos), pp. 748 –788 in del Hoyo, J., A. Elliott & D.A. Christie, (red.) Handbook of the Birds of the World Vol. 8.Broadbills to Tapaculos. Lynx Edicions, Barcelona. ISBN 84-87334-50-4
  2. Cadena, C (2006) #239) to South American Classification Committee: Remove Melanopareia from the Rhinocryptidae and create family Melanopareiidae. Downloaded 9 October 2008
  3. IOC (2009). «IOC World Bird List». Arkivert frå originalen 24. mars 2010. Henta 29. desember 2009. 
  4. Clements Checklist team (2009). «Updates& Corrections - Dec 2009». The Clements Checklist of Birds of the World. Henta 29. desember 2009. 
  5. Ericson, Per; Olson, Storrs L.; Irestedt, Martin; Alvarenga, Herculano; Fjeldså, Jon (2010). «Circumscription of a monophyletic family for the tapaculos (Aves: Rhinocryptidae): Psiloramphus in and Melanopareia out». Journal of Ornithology 151 (2): 337–345. doi:10.1007/s10336-009-0460-9. 
  6. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  7. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Melanopareiidae