Middelhavet

hav
(Omdirigert frå Midhavet)

Middelhavet (tidlegare også kalla Mellomhavet og Midhavet) er eit innhav mellom Europa og Afrika, med Vest-Asia i aust og Atlanterhavet i vest. Landa som ligg rundt Middelhavet har hatt mykje å gjera med kvarandre gjennom historia, og me kallar dei gjerne middelhavslanda.

Geografi endre

Havet er knytt til Atlanterhavet gjennom Gibraltarsundet, til Svartehavet gjennom Bosporos, og til Raudehavet gjennom Suezkanalen. Fordi det har svært tronge sambindingar med dei store verdshava er det små tidevassforskjellar i Middelhavet, og havet er relativt roleg.

Middelhavet har ei flatevidd på 2.965.000 km² og ei gjennomsnittleg djupne på 1.430 meter. Den største djupna er 5.267 (36°34' N, 21°08' O) meter. Delar av havet har fått namna Adriahavet, Det tyrrenske havet og Egearhavet.

«Naar ein fer Sjovegen sud-etter so langt som til Sudsida av Spania, so kjem ein til ein ovlege stor Fjord, som gjeng umkring som 500 Mil inn i Landet og som er kallad Midelhavet (elder Midlandshavet). Denne Sjoen er som eit Skilmerke fyre tri store Deilder av Fastlandet; dei Landi, som liggja nordanfyre, hava fenget Namnet Europa; Landi paa Sudsida heita Afrika, og den store Landmuga austanfyre desse tvo Deilderna heiter Asia elder Austerland.»

Ivar Aasen
Heimsyn, s. 223

Klima endre

Sjå òg Middelhavsklima

Områda rundt heile havet har våte vintrar og varme, tørre somrar. Særskilde avlingar ein kan dyrka i heile middelhavsregionen er oliven, druer, appelsiner og andre sitrusfrukter, og kork.

Namngjeving endre

Middelhavet har fått namnet sitt fordi det ligg midt mellom to land. På andre språk er dette endå tydelegare; fransk Mediterranée tyder sjøen mellom landa. Av romarane blei han gjerne kalla Mare nostrum, havet vårt.

Middelhavsland endre

Øyar i Middelhavet endre