Miss You
Miss You Singel av The Rolling Stones frå albumet Some Girls | ||
B-side |
«Far Away Eyes» | |
---|---|---|
Utgjeve | 19. mai 1978 | |
Innspelt | oktober-desember 1977 | |
Sjanger | Rock Disco | |
Lengd | 3:31 (7") 4:48 (LP) 8:36 (12") 7:31 (Rarities CD) | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin Records | |
Tekstforfattar | Mick Jagger | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Hot Stuff» (1976) |
Miss You | «Beast of Burden» (1978)
|
«Miss You» er ein song av The Rolling Stones på albumet deira Some Girls frå 1978.
«Miss You» vart skriven av songar Mick Jagger medan han spelte med keyboardisten Billy Preston under ei øving i mars 1977. Sjølv om Keith Richards òg er tilskriven, vert Jagger vanlegvis rekna som komponisten.
Fleire songar på Black and Blue frå 1976 hadde vore påverka av dansemusikk. «Miss You» var den første Rolling Stones-singelen med eit tydeleg disco-preg, mellom anna i den stødige trommespelinga til Charlie Watts og den funky bassen til Bill Wyman. Melodien vert sungen i falsett av Jagger og songen har eit refreng med drøymande og nesten rar koring. Innimellom markerer munnspelet til Sugar Blue hovudriffet. Han har òg ein skarp solo. Den funky rytmen og rappinga på verset gjer at songen kan minne om tidleg hip-hop, bortsett frå at dette var fleire år før hip-hop vart rekna som ein eigen sjanger.
I motsetnad til dei fleste andre songane på Some Girls hadde «Miss You» med fleire studiomusikarar. I tillegg til Sugar Blue, finn ein Ian McLagan på elektrisk piano, som ligg nesten uhøyrleg i bakgrunnen, og Mel Collins på den glitrande saksofonsoloen i instrumentalparitet.
Medverkande
endreMedverkande etter CD-omslaget.[1]
- The Rolling Stones
- Mick Jagger – solo- og korvokal,[2] elektrisk gitar
- Keith Richards – elektrisk gitar, korvokal
- Ronnie Wood – elektrisk gitar, korvokal
- Bill Wyman – bassgitar
- Charlie Watts – trommer
- Andre medverkande
Utgjeving
endre«Miss You» vart ein av dei største singlane til The Rolling Stones, og vart den åttande førsteplassen deira i USA då han kom ut i 1978. Songen var opphavleg nesten ni minuttar lang, men vart korta ned til fire og eit halvt minutt for albumet og tre og eit halvt minutt for singelen. B-sida på singelen var «Far Away Eyes» frå albumet, ein lett country-song.
Konsertutgåver av songen finst på Flashpoint frå 1991. Justin Timberlake samarbeidde med The Stones på ei konsertutgåve av songen på Toronto Rocks festival.
I 2004 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 496. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Salslister og salstrofé
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
Salstroféendre
|
Andre utgåver
endre- Etta James spelte inn ei utgåve av songen på albumet Matriarch of the Blues i 2000. Andre musikarar som har spelt songen er Musiq Soulchild, E Street Band-medlem Danny Federici i ein jazza versjon og Black Eyed Peas har spelt songen live.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Miss You (The Rolling Stones song)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Some Girls (rear sleeve credits). The Rolling Stones. Rolling Stones Records/A&M Records. 2011.
- ↑ The Best of the Rolling Stones: Jump Back '71 to '93 (CD liner notes). 1993.
- ↑ «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 20. oktober 2013. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones – Miss You – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Ultratop.be – The Rolling Stones – Miss You" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 28. mars 2018.
- ↑ Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN 978-951-1-21053-5.
- ↑ "The Rolling Stones - Miss You". Charts.de. Media Control. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Miss You". Irish Singles Chart. Retrieved 28. mars 2018.
- ↑ "Nederlandse Top 40 – The Rolling Stones - Miss You search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Miss You" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Charts.org.nz – The Rolling Stones – Miss You". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Miss You". VG-lista. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Swedishcharts.com – The Rolling Stones – Miss You". Topp 60. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "The Rolling Stones – Miss You – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 28. mars 2018.
- ↑ 17,0 17,1 17,2 «Some Girls – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending JULY 29, 1978». Cash Box. Arkivert frå originalen 4. oktober 2012.
- ↑ «Record World Singles Chart» (PDF). Record World: 51. 29. juli 1978. ISSN 0034-1622. Henta 17. september 2017.
- ↑ «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – Top 100 End of Year AMR Charts – 1970s». Australian-charts.com. Hung Medien. Arkivert frå originalen 6. november 2013. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Jaaroverzichten 1978» (på nederlandsk). Ultratop. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Top Singles – Volume 30, No. 14, 30. desember 1978». RPM. Library and Archives Canada. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Top 100-Jaaroverzicht van 1978» (på nederlandsk). Nederlandsk Topp 40. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «Jaaroverzichten – Single 1978» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «End of Year Charts 1978». Recorded Music New Zealand. Henta 11. februar 2016.
- ↑ «Top 100 Hits for 1978». The Longbored Surfer. Arkivert frå originalen 26. januar 2010. Henta 28. mars 2018.
- ↑ «The CASH BOX Year-End Charts: 1978». Arkivert frå originalen 27. oktober 2012.. Cash Box magazine.
- ↑ «British single salstrofé – Rolling Stones – Miss You». British Phonographic Industry. Enter Miss You in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
- ↑ «American single salstrofé – The Rolling Stones – Miss You». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
499: «Buddy Holly» Weezer |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 498 «Miss You» The Rolling Stones |
497: «The Rising» Bruce Springsteen |