Moguten
«Moguten» er ein springar frå norsk folkemusikk som er vorten spela i mange variantar både på Vestlandet og austafjells. Slåtten er kjend under mange namn, som «Gull-lykjelen» i Hardanger og «Nørre Myrelåtten» i Valdres. I Hardanger er ei form av slåtten kalla «Kor er hetto di, Guri?» («Kor er hurlo di, Guri»).
I Hallingdal er slåtten spela i tre variantar, «Randi» og «Låtten hass Tor Myre», attåt ein med namnet «Moguten». Dette namnet skal skrive seg frå spelemannen Ole Anderson Moen (Spellemannsmoen) frå Eggedal, som reiste til Amerika i 1840. Slåttenamnet er vanleg i søre Hallingdal, Numedal og Telemark. Slåtten har nok kome til Telemark gjennom Knut Lurås, som lærte han bort til Håvard Gibøen.
Kjerneområdet for springaren er uvisst. Det er tydeleg at slåtten har vore kjend både i Hardanger og i Buskerud alt på Knut Lurås si tid (første halvdel av 1800-talet). Samstundes syner slåttesoga at det og finst gamle former i Valdres og Sogn. Slåtten kan ha kome til Valdres frå Sogn, prova ved at slåtten har vore vanleg i Vang og i Vestre Slidre. Formoppbygginga for slåtten er og sams i Valdres og på Vestlandet.
Olav Jørgen Hegge fortalde at slåtten og var kjend under namnet «Katta sat på taki» i Valdres. Dette knyter slåtten til det gamle barnerimet «Brum basken i bumba», som er sunge i mange former.
Slåtten er bygd opp kring to stutte motiv, som er brigda og strekt ut på ulike vis i dei ulike formene. Slåtten er eit døme på kor elastisk eit slåttemotiv kan vera, og korleis dei ulike lokale speltradisjonane tek melodien i bruk på sine vis.
Variantgruppa
endreHardingfeleverket har registrert slåttekrinsen som nr 524 (13 variantar). Nr 98 (band fire) er så nærskyldt at han lyt vera med i lista:
- 98: Kor er Hetto di, Guri?, etter Severin Kjerland. Nedskrift Arne Bjørndal om lag 1928 (B 914). Kjerland hadde slåtten etter Sjur Hakestad frå Ulvik, Lise-sjur dei kalla. Kjerland fekk slåtten på 1890-talet.
nr 524:
- a: Hallsteinslåtten, etter Ola Mosafinn, Voss. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (B 1538). Mosafinn lærte slåtten av Sjur Syreflot, Ullensvang, i 1878. Bjørndal skreiv og slåtten ned etter Even Heimdal frå Fana.
- b: Springar, etter Sjur Eldegard, Lærdal. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 654). Forma slekter på Nørre Myrelåtten frå Valdres.
- c: Moguten, etter Anders S. Kjerland, Granvin. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Forma er etter Halldor Meland. Dette er ein variant av Gull-lykjelen slik han vart spela av Oddmund Urheim. Taka i slåtten følgjer Nørre Myrelåtten.
- d: Randi, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1963 etter opptak i NRK. Slåtten er kalla opp etter Randi Breie Ørjansen frå Ål, som var særleg glad i å danse til denne slåtten. Randi Breie var søskenbarn til Halldis Moren Vesaas, som hadde mor si frå same garden.
- e: Springar etter Ola Dekko, eller Låtten hass Tor, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1962 etter opptak i NRK (G 1409). Slåttenamnet er knytt til stordansaren Tor Myhre frå Nesbyen, som dansa mykje til denne forma.
- f: Randi, etter Lars Gjeldokk, Ål. Nedskrift Sven Nyhus 1976, Gjeldokk hadde slåtten etter Sevat Sataøen.
- g: Moguten, etter Odd Bakkerud, Nesbyen. Nedskrift Truls Ørpen 1949 ( 405). Bakkerud hadde slåtten frå morbroren Knut Bakkerud på Nes.
- h: Moguten, etter Johan Kleven, Krødsherad. Nedskrift Truls Ørpen 1933 (Ø 65). Kleven hadde slåtten etter faren, Gamle-Kleven. Herbrand Hagen frå Nore nytta og denne forma (G 525).
- i: Søre Myrelåtten, etter Ola Grihamar, Vang i Valdres. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Grihamar hadde slåtten etter Ivar Ringestad og Johan Henrik Kvam. I Vang var slåtten og kjend som Blindguten
- j: Søre Myrelåtten, etter Andris Dahle, Øystre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1976. Dahle hadde slåtten etter bestefaren Ivar Ringestad, som hadde han frå Ola Hamrisbrøta, som hadde han frå Gullik Teigstol. Arne Bjørndal skreiv slåtten ned etter Ivar Ringestad (B 916).
- k: Springar, etter Øystein Hovdestad, Vinje. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 383).
- l: Moguten, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1336). Dette var den siste slåtten Håvard Gibøen lærte av Knut Lurås. Knut Vågen spela ei nærskyldt form.
- m: Springar, etter Olav K. Bratås, Flesberg. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Slåtten er og kalla Horlo (ei Hurlo er ein understakk).