NOKAS-ranet var ranet på ein teljesentral i Kongsgata i Stavanger tilhøyrande Norsk Kontantservice (NOKAS) den 5. april 2004, ca. klokka 8.00. Ein politimann vart skoten og drepen under ranet.

NOKAS-ranet

Domkirkeplassen der ranet fann stad.
Dato5. april 2004
TidRundt kl. 08.00
MålTellesentralen tilhørende Norsk Kontantservice
DødeÉn polititjenestemann skutt og drept
DomPersongalleri

Ranarane var utstyrte med skotsikre vestar, hjelmar, finlandshetter, hanskar og kjeledressar, og var væpna med AG3 gevær, MP5 maskinpistolar, Kalashnikov automatgevær, M1 Karabin og Remington pistol i kaliber .45 ACP. Samtidig som teljesentralen vart angrepet vart utkjørselen frå Stavanger politistasjon blokkert med ein Volvo lastebil som vart sett i brann. Dei hadde plassert fluktbilar i Sørmarka utanfor Stavanger sentrum. Ei glasrute i teljesentralen vart knust ved hjelp av sleggje, rambukk og 113 skot avfyrte med automatvåpen. Fleire av dei tilsette klarte å flykta og minst sju ranarar tok seg inn i teljesentralen. Samtidig heldt fleire av ranarane vakt ute ved Domkirkeplassen. Det vart avfyrt ei rekkje skot mot politiet og bilane til politiet. Politiførstebetjent Arne Sigve Klungland vart skoten og drepen i denne skotvekslinga. Gjerningsmennene kom unna med 57,4 millionar kroner i ransutbytte, noko som gjer dette til det største ranet i noregshistoria.

Førebuingane til ranet

endre

David Toska tilhøyrde eit miljø i Oslo som bestod av fleire som var involverte i NOKAS-ranet. Nokon i miljøet var domfelte tidlegare, andre ikkje. Det var ein forholdsvis stor vennegjeng, nokon hadde halde saman heilt sidan skuledagane, andre var nyare kjenningar. Felles var m.a. interesse for spenning og problemløysingar av mange slag (Toska var ein habil sjakkspelar mellom anna). Desse eigenskapane kopla med fleire spesielle forhold hausten 2003/ vinteren 2004 skulle visa seg å bli skjebnesvangre for alle involverte.

I november 2003 leigde David Toska Skjeneholen 61 i Sandnes. Gjennom ein kontakt disponerte han Nedre Dalgate 41 på Storhaug i Stavanger. Han bur i Skjeneholen med sambuaren sin og den nyfødde son sin. Seinare leigde Kjell Alrich Schumann ei sokkelleilegheit på Hundvåg rett utanfor Stavanger. Leilegheita i Nedre Dalgate vart brukt som dekkleilighet etter ranet. Ransutbyttet og fleire av ranarane oppheldt seg der.

Senvinteren 2004 prøvekøyrde ranarane fluktruta frå Stavanger sentrum til Sørmarka. Ruta gjekk delvis langs gang- og sykkelstiar, nokre av dei uferdige. Der ruta gjekk langs sykkelstiar eller i undergangar, gjekk ranarane opp ruta, for ikkje å vekkja unødig oppsikt.

Under tingrettsbehandlinga av NOKAS-ranet kom det fram at politiet var godt orientert om faren for eit anslag mot NOKAS i den aktuelle perioden. Visepolitimeister i Stavanger, Arne Hammersmark gjorde greie for følgjande punkt i forklaringa si:

  • To Ford Expedition hadde vorte stole på Hamar. Ein Volvo XC som angiveleg kunne knyttast til Kjell Alrich Schumann, hadde vorte observert. Samtidig var fleire minibankar sprengde. Alt dette skjedde på det indre Austlandet, der den etterlyste Schumann var kjend for å operera.
  • Fleire sentrale personar i ransmiljøet var gått under jorda. Det gjekk rykte om at enkelte av dei kunne ha teke opphald i Stavanger-området.
  • Vektarar hadde observert mogleg spaning på NOKAS-lokalet og ein pengetransport.

Ransforløpet

endre
 
Noregs Banks Stavanger-bygning.

5 april 2004

  • 3.30: Sju eller åtte ranarar vert henta i rekkehuset i Skjeneholen og kjøyrd til oppmarsjplassen i eit skogholt i nærleiken av Tennisland. Varebilen returnerte så til Skjeneholen, og tok dei restande ranarane, samt madrassar, sengetøy og anna utstyr som skulle dynkast med brennbar væske og påtenes i lastebilen som skulle sperre utkjørselen frå politikammeret.
  • 6.55: Kjell Alrich Schumann vert observert på Domkirkeplassen (troleg Ridvan Halimi i Forden). Ein kvit lastebil med overbygd plan vert observert ved Brødrene Kvernelands gamle lokale på Lagårdsveien.
  • 7.00: Ein Ford Expedition med påsatt registreringsnummer BP 50471 passerer eit overvåkingskamera på Lagårdsvegen. Tre sekund seinare passerer den stjålne lastebilen.
  • 7.16: Forden passerer det same overvåkingskameraet i motsatt retning (borte frå sentrum).
  • 7.29: Den tredje ransbilen, ein sølvgrå Saab 9-5 med påsatt registreringsnummer DK 38262, passerer overvåkingskameraet på Lagårdsvegen.
  • 7.40: Alle elleve ranarar er samla på andre sida av gata for overvåkingskameraet på Lagårdsvegen. Dei er då kledde og væpna for ranet.
  • 8.00: Johnny Thendrup kjøyrer den kvite lastebilen ned i oppkjørselen til Stavanger politistasjon i Lagardsveien og set fyr på den. Han kastar òg fleire beholdarar med tåregass framfor hovudinngangen til politistasjonen.
  • 8.01: Ein Range Rover med påsatt registreringsnummer AX 72271 parkerar utanfor tellesentralen. Sekunder seinare passerer Saaben og parkerar utanfor ruinene av Mariakirken.
  • 8.02: Range Roveren har sett av ranarane og snur no for å ta oppsetting utanfor Handelens Hus. Ranerne, iklede mørke kjeledressar, gassmaskar og hjelmar, forsøker å slå seg inn i Nokas-lokalet frå bakgården med slegge og rambukk. Spesialglasset gjev ikkje etter.
  • 8.03: David Toska skyt først sjølv mot spesialglasset som fører inn i Nokas frå bakgården. Ransalarmen vert utløyst. Toska tek Schumann som tømmer fleire magasinar med sitt AG3-gevær mot ruten. Om lag 120 skot blir avfyrte. Ruten fell inn.
  • 8.05: Johnny Thendrup, som har sete fyr på den kvite lastebilen utanfor politistasjonen, set seg i Forden saman med Halimi og kjører mot Domkirkeplassen.
  • 8.07: Forden ankommer Domkirkeplassen og stopper ved sidan av Saaben.
  • 8.08: Politibetjentarane Erik Håland og Steffen Thesen ankommer Domkirkeplassen i ein Volvo politibil. Dei stoppar i Kirkegata og tek oppsetting på hjørnet av Hennes & Mauritz-butikken. Inne i telleentralen byrjar minst sju ranarar å pakka kontanter ned i mørke baggar. Ransbeløpet utgjer 57,4 millionar kroner.
  • 8.10: Kjell Alrich Schumann går ut av NOKAS-bygget og ned mot Klubbgaten. To andre ranarar held vakt ved Saaben som er parkerte ved dei rekonstruerte ruinene av Mariakirken. Ein av dei er Johnny Thendrup.
  • 8.12: Den sivile polittimannen Fred Sherling vert overraska av Kjell Alrich Schumann i krysset Kongsgata/Klubbgata. Schumann siktar på Sherling med AG3-geværet og spør "Kven er du?" Sherling svarar ikkje, men strekkjer hendene i været. "Kom hit", seier Schumann og kommanderer Sherling i bakken.
  • 8.14: Skuddveksling mellom politi og ranarar over Domkirkeplassen. Johnny Thendrup vert skote i høgre lår av politibetjent Erik Håland. Håland losna totalt 17 skot under ranet. Kollega hans Thesen løyste tre skot.
  • 8.15: Ein passerande syklist, Olav Arnt Hopsdal, vert lagt i bakken av ranaren som står saman med Thendrup. Hopsdal trur under heile ransforløpet at det er politimenn som har lagt han i bakken. Først då ranarane krasjer byrjar han å stusse.
  • 8.17: Kjell Alrich Schumann skyt med AG3 mot kommandobil til politiet utanfor Maritime hotell i Kongsgata. I kommandobilen sit politiførstebetjent Arne Sigve Klungland. Klungland ryggjer bilen, men må stoppe då han møttar ein bus. Han vert treff i hovudet av ein av skota og døyr etter kort tid. Den sivile politimannen Fred Sherling rømmer då Schumann skiftar magasin eller legg sikta på AG3-geværet sitt (forklaringa avviker). Sherling melder seinare om sambandet. «Eg blei tatt te gissel her i ste, eh, blei lagt i bakken, han skjøyt me skarpt rett over håve på meg» – «Eh, eg kom meg unna, han måtte lada om»
  • 8.19: Ranarane forlet Domkirkeplassen i dei tre bilane. Toska sit i Forden. På veg ut av Domkirkeplassen kjøyrer Range Roveren inn i høgre forskjerm og støtfangar på Saaben.
  • 8.25: (usikkert tidssangiving) Ransbilane stopper i nærleiken av bilbytte-staden i Sørmarka. Støtfangaren til Saaben skraper i asfalten. Toska og Halimi kjem ut. "Hva skjer her?" spør Halimi. Han har fått streivskot i hovudet. Støtfangaren på Saaben blir reist av og etterlate.
  • 8.30: Dei tre ransbilane brenn opp på parkeringsplassen ved trafo-stasjonen ved Sørmarka, sørvest for Stavanger sentrum. Ranarane tek seg vidare i ventande bilar.

Arne Sigve Klungland

endre

Utdjupande artikkel for dette emnet er Arne Sigve Klungland.

Klungland (fødd 1950) var ein norsk politiførstebetjent som vart drepen under NOKAS-ranet. Han vaks opp i Flekkefjord, var gift og hadde to barn. Ved sida av arbeidet i politiet var han aktiv i kyrkjelydsarbeid i heimbygda Riska.

Etterforsking og arrestasjon

endre

Under etterforskinga vart 13 personar sikta i samband med ranet. David Toska vart arrestert av spansk politi i Malaga 5. april 2005, nøyaktig eitt år etter ranet fann stad. Ei veke seinare tilstod han å ha delteke i ranet, men nekta for å ha skote politikonstabelen Klungland. Toska, som blir rekna som hjernen bak ranet, stod på den tid også tiltalt for ei rekkje andre ran.

Kort tid etter Toskas arrestasjon vart 11 av dei 12 andre ranarane arresterte i tur og orden; berre Jusuf Hani klarte å unngå å verte teke, og vart først arrestert idet han melde seg til politiet fem år seinare.

Personar som vart dømde i saka

endre

Personar som vart dømde i 2007

endre
Navn Fødeår Fødested Biografi Dom i tingretten i 2006[1] Dom i lagmannsretten i 2007[2] Dom i høgsterett i 2007[3]
Lars-Erik Andersen 1976 Danmark [a] 15 års fengsel 8 års fengsel 9 års fengsel
Metkel Betew 1978 Oslo [b] 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år 12 års forvaring 16 års forvaring med en minstetid på 10 år
Alf Henrik Christensen 1962 Arendal 13 års fengsel 8 års fengsel 11 års fengsel
Ridvan Halimi 1979 Mitrovica, Kosovo [c] 15 års forvaring med ei minstetid på 10 år 11 års fengsel 15 års fengsel
Erling Havnå 1957 Oslo 17 års fengsel 14 års fengsel 16 års fengsel
Ikmet Kodzadziku 1980 Jugoslavia [d] 15 års fengsel 11 års fengsel 13 års fengsel
Dan Pettersen 1975 Sandnes [e] 15 års fengsel 8 års fengsel 11 års fengsel
Kjell Alrich Schumann 1966 Hedmark 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år 13 års fengsel 16 års forvaring med en minstetid på 10 år
Johnny Thendrup 1965 Oslo [f] 13 års fengsel 11 års fengsel 13 års fengsel
Thomas Thendrup 1971 Oslo [g] 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år 14 års fengsel[4] Anket ikke
David Aleksander Toska 1975 Bergen 19 års fengsel 15 års fengsel 18 års fengsel
Thomas Oscar Ingebrigtsen 1979 Sandnes [h] 4 års fengsel 3 års fengsel[5] 4 års fengsel (hvorav 3,5 år er betinget)
William "Skippern" Pettersen 1948 Drammen [i] 6 års fengsel 4 års fengsel Anke forkastet

Personar som vart dømde på eit seinare tidspunkt

endre
Namn Fødeår Fødestad Biografi Tingrett (2007) Lagmannsrett (2008) Høgsterett (2008)
Ein NOKAS-vektar[6] ca 1980 [j] 3 års fengsel 3 års fengsel 3 års fengsel og same erstatningsansvar som ranarane[7]
Namn Fødeår Fødestad Biografi Tingrett (2010) Lagmannsrett (2011)
Jusuf Hani 1980 Makedonia[8] [k] 9 års fengsel 6,5 års fengsel[9]

Rettssaka i Stavanger tingrett

endre

Rettssaka, som starta i Stavanger tingrett 19. september 2005, vart leidd av sorenskrivar Helge Bjørnestad. Aktorar var statsadvokat Arild Dommersnes og statsadvokat Tor Christian Carlsen. Dommen fall fredag 10 mars 2006..॥॥

Rettssaka vart halden i forsamlingslokala til kyrkjelyden Kristen teneste på Forus.

Då rettssaka byrja sat det 13 menn på tiltalebenken.

Den tiltalte, forsvararar og dom

endre

Oversikt over dei tiltalte, og dessutan dommen til den enkelte i tingretten.

  • Lars-Erik Andersen (forsvarar Steinar Wiik Sørvik) – 15 års fengsel.[1]
  • Metkel Betew (forsvarar Marius Dietrichson) – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år.[1]
  • Alf Henrik Christensen (forsvarar Erik Lea) – 13 års fengsel.[1]
  • Ridvan Halimi (forsvarar Trygve Staff) – 15 års forvaring med ei minstetid på 10 år.[1]
  • Erling Havnå (forsvarar John Christian Elden) – 17 års fengsel.[1]
  • Ikmet Kodzadziku (forsvarar Abdelilah Saeme) – 15 års fengsel.[1]
  • Dan Pettersen (forsvarar Erling Kjærmann) – 15 års fengsel.[1]
  • Kjell Alrich Schumann (forsvarar Morten Furuholmen) – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år.[1]
  • Johnny Thendrup (forsvarar Johnny Veum) – 13 års fengsel.[1]
  • Thomas Thendrup (forsvarar Ellen Holager Andenæs) – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år.[1]
  • David Aleksander Toska (forsvarar Øystein Storrvik) – 19 års fengsel.[1]
  • Thomas Oscar Ingebrigtsen (forsvarar Tor Kjærvik) – 4 års fengsel.[1]
  • William "Skippern" Pettersen (forsvarar Joakim Ronold) – 6 års fengsel.[1]

Forløpet av rettssaka i Stavanger tingrett

endre

David Toska innrømde 22 september å ha delteke i ranet. Erling Havnå sa seg delvis skuldig i samsvar med tiltalen i forklaringa si 26 september.

Tilståingar

endre

Mellom rettssakene i tingretten og lagmannsretten kom det fram opplysningar i media om at Lars-Erik Andersen hadde fått Harald Stabell som ny forsvarar, og at han hadde gitt ny forklaring der Schumann vart utpeika til å vera drapsmannen ved ranet, og der han sjølv har innrømt å ha delteke i ranet. Seinare kom det fram også at Erling Havnå hadde tilstått ranet og peika ut Schumann som drapsmannen. I lagmannsretten 27 september 2006 innrømde Kjell Alrich Schumann at det var han som avfyrte skota som drap politiførstebetjent Arne Sigve Klungland.

Rettssaka i Gulating lagmannsrett

endre

Alle dei dømde anka dommen frå tingretten. Rettssaka i Gulating lagmannsrett vart påbyrja 4. september 2006. Ankebehandlinga vart, som i tingretten, halde i forsamlingslokala til kyrkjelyden Kristen teneste på Forus. Dommen fall 15 februar 2007.

Persongalleri

endre
Statsadvokat Tor Christian Carlsen
Statsadvokat Arild Dommersnes
  • Tiltalte, med respektive forsvararar i parentes
David Toska (Øystein Storrvik) – 15 år fengsel
Ikmet Kodzadziku (Knut Smedsrud) – 11 år fengsel
Metkel Betew (Marius Dietrichson) – 12 år forvaring
Lars-Erik Andersen (Harald Stabell) – 8 år fengsel
Erling Havnå (John Christian Elden) – 14 år fengsel
Kjell Alrich Schumann (Morten Furuholmen) – 13 år fengsel
Dan Pettersen (Brynjar Meling) – 8 år fengsel
Thomas Thendrup (Ellen Holager Andenæs) – saka vart behandla på nytt med forsterka meddomsrett etter at frifinninga til lagretten vart sett til side
Ridvan Halimi (Trygve Staff) – 11 år fengsel
Johnny Thendrup (Johnny Veum) – 11 år fengsel
Alf Henrik Christensen (Erik Lea) – 8 år fengsel
Thomas Oscar Ingebrigtsen (Tor Kjærvik) – 3 år fengsel
William "Skippern" Pettersen (Joakim Ronold) – 4 år fengsel

Forløp

endre

Då retten vart sett, erklærte Kjell Alrich Schumann seg skuldig etter tiltalen, etter at han inntil dette hadde nekta å ha noko som helst å gjere med NOKAS-ranet. I løpet av saka erklærte også ei rekkje andre av dei tiltalte seg delvis skuldig etter tiltalen. Berre Betew, Thomas Thendrup og Kodzadziku hevda at dei var uskuldige.

Lagretten fann 19. januar alle tiltalte skuldig, med unntak av Thomas Thendrup. Frifinninga av Thendrup vart likevel sett til side av dei tre fagdommarane og hans sak vart behandla på nytt med stor meddomsrett.

Dom i lagmannsretten fall 15 februar 2007, Betew og Pettersen anka dommen på staden. Påtalemakta anka straffeutmålinga for alle tiltalte, med unntak av William Pettersen. Pettersen anka likevel sjølv og påtalemakta erklærte då motanke. Fleire av dei tiltalte anka over straffeutmålinga, lovbruken og saksbehandlinga.

Ny behandling av skuldspørsmålet for Thomas Thendrup

endre

Etter at fagdommarane sette til side frikjenninga til lagretten av Thomas Thendrup vart saka behandla på nytt med såkalla forsterka meddomsrett. Saka vart avslutta 13..॥॥ september 2007, og Thendrup vart dømt til 14 års fengsel. To av dei sju dommarane stemde for at Thendrup skulle frikjennast.

Rettssaka i Høgsterett

endre

Ankebehandlinga av NOKAS-ranet byrja i Høgsterett den 18. juni 2007, og hadde ei tidsramme på tre dagar. Det var berre ankane over straffeutmålinga som vart fremja for Høgsterett. Dommarar i saka var høgsterettsjustitiarius Tore Schei, Toril Marie Øie, Kirsti Coward, Karin Bruzelius og Magnus Matningsdal.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch prosederte saken for påtalemyndigheten. De tiltalte hadde samme forsvarere som for lagmannsretten, med unntak av Dan Pettersen som hadde Bent Endresen som forsvarer for Høyesterett. Dommen falt den 29. juni 2007.

Følgjande straffer vart utmålte[3]

endre
David Toska – 19 års fengsel[10]
Kjell Alrich Schumann – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år
Erling Havnå – 16 års fengsel
Metkel Negassie Betew – 16 års forvaring med ei minstetid på 10 år
Ridvan Halimi – 15 års fengsel
Ikmet Kodzadziku – 13 års fengsel
Johnny Thendrup – 13 års fengsel
Alf Henrik Christensen – 11 års fengsel
Dan Pettersen – 11 års fengsel
Lars-Erik Andersen – 9 års fengsel
Thomas Oscar Ingebrigtsen – 4 års fengsel, tre og eit halvt år kravde
William "Skippern" Pettersen – 4 års fengsel (anken hans vart forkasta)

Straffesaka for Jusuf Hani

endre

Jusuf Hani (28) var den einaste som klarte å komma frå Nokas-ranet utan å bli arrestert. Fem år etter ranet melde han seg sjølv i Stavanger. Han vart i juni 2010 dømt til ni års fengsel i Stavanger tingrett etter å erkjent grovt ran med døden til følgje. Han anka til Gulating lagmannsrett der straffa i 2011 vart sett til fengsel i 6,5 år.[9]

Straffesaka mot NOKAS-vektaren

endre

Ein NOKAS-vektar som gav Toska innsideinformasjon, vart i 2008 dømde til tre års fengsel.[11]

Kostnader

endre

Det er berekna at etterforskinga og rettssakene tilsaman kosta den norske staten i overkant av 300 millionar kroner. Av ransutbyttet på om lag 57 millionar var mesteparten, rundt 51 millionar, framleis på avvegar i 2008.

Litteratur, TV, radio og film

endre

Bøker

endre
  • Illusjonen som brast (2006), skrive av Stein Morten Lier.
  • Dødsranet. David Toska og vegen til NOKAS (2009), skrive av Rolf J. Widerøe og Hans Petter Aass.
  • Nokas ein dramatisert film frå 2010. Filmen vart regissert av Erik Skjoldbjærg, etter idé og manus av Christopher Grøndahl. Filmen blir rekna for å vera svært autentisk.
  • Når kjeltringar blir kjendisar, ein dokumentar og spesialprogram frå 2007 som vart send som ein del av dokumentarserien SpekterNRK2.[12]
  • Nokas-ranet, ein dokumentar frå 2019 og ein del av programserien Då Noreg stod stilleTV 2.[13]
  • Gåta David Toska, ein enkeltståande dokumentar frå 2019 som er ein del av dokumentarserien Vår vesle land på TV 2.[14]

Radio

endre
  • NOKAS-millionane, ein podkast frå Svarttrost fordelt på seks episodar. Produsert av Sindre Leganger og Kjetil Østli.[11]

Merknadar

endre
  1. Andersen er fra Danmark, men har bodd det meste av sitt liv i Oslo og er en ungdomsvenn av Toska. Har blant annet jobbet i et klimaventileringsselskap i Oslo og har drevet eget snekkerfirma. Han er tidligere straffedømt for narkotikamisbruk, legemsfornærmelse og trusler.
  2. Fullt navn: Metkel Negassie Betew. Hans foreldre kommer fra Eritrea. Betew er en kamerat av både Ridvan Halimi og David Toska. I ungdommen skal han ha vært et stort fotballtalent, helt til han fikk en alvorlig sykdom som 18-åring. Han er straffedømt fem ganger tidligere, blant annet for ran av en Sparebanken NOR-filial i Oslo i 1999, og det mislykte ranet mot DNBs tellesentral i Oslo i 2000.
  3. Halimi kom til Norge som 13-åring på begynnelsen av 90-tallet. Han har også bodd i Sverige. Har blant annet jobbet i et flyttebyrå i Oslo, og har drevet en albansk ungdomsklubb. Halimi skal også ha vært tilknyttet den såkalte albanerligaen i Gøteborg sammen med medtiltalte Ikmet Kodzadziku og Jusuf Hani. Han er domfelt fire ganger tidligere, for tyveri, trusler, medvirkning til ran og brudd på veitrafikkloven.
  4. Kodazaziku har albansk bakgrunn og kom til Sverige som fireåring. Han var del av den såkalte albanerligaen i Gøteborg sammen med Jusuf Hani. Han var også kamerat av Ridvan Halim. Han har en broket bakgrunn, og har i perioder levd en ambulerende tilværelse på flyttefot mellom søsken. Han var den første som ble pågrepet. Det skjedde hjemme i Gøteborg dagen etter NOKAS-ranet. Han er tidligere domfelt for delaktighet i en dramatisk skuddveksling på Näsets badplats ved Göteborg i juli 2001.
  5. Eks-soldat fra Sandnes som leide ut huset sitt i Nedre Dalgate i Stavanger både før og etter ranet. Pettersen har en fortid som yrkesmilitær med bakgrunn fra Telemarksbataljonen og NATO-oppdrag i Kosovo, og var også et kjent fjes i utelivsbransjen i Sandnes.
  6. Bosatt i Lørenskog. Før NOKAS-ranet jobbet han på en søppelbil i Oslo. Han har også jobbet som rørlegger. Han er bror til Thomas Thendrup.
  7. Han er bror til Johnny Thendrup. Han ble opprinnelig frikjent i NOKAS-ranet, men frikjennelsen ble satt til side av fagdommeren. Han er dømt seks ganger tidligere, blant annet fire års fengsel for ranet av en pengetransport knyttet til Sparebanken NORs filial i Bogstadveien i Oslo, sammen med blant andre Metkel Betew.
  8. Han er en venn av Dan Pettersen. De to kameratene drev et utested sammen i Sandnes.
  9. Båteier som transportert ransutstyr og ransutbyttet fra Stavanger til Østlandet. Han ble frifunnet for å ha deltatt i en organisert kriminell gruppe.
  10. En 26-årig NOKAS-vekter ansatt i G4S som ga David Toska nytting informasjon om NOKAS. Vedkommende var en nær venn av Nokas-dømte Thomas Ingebrigtsen. Ransplanleggeren og vekteren hadde flere møter måneder før ranet. Ifølge Toska fortalte vekteren om bakgården til Nokas og glasset inn til kjelleren, han laget tegninger over innsiden av Nokas og tilbød seg å kopiere alarmnøkler. 26-åringen har selv hevdet at han ikke visste at Toska planla et ran mot tellesentralen, men at han trodde det var snakk om et innbrudd.
  11. Hani er svensk-albaner. Foreldrene er albanskættede fra Makedonia. Familien emigrerte til Sverige i 1981 og bosatte seg i Göteborg. Han har vært tilknyttet Albanligaen, også kalt Naser-ligaen, hovedsakelig bestående av etniske albanere fra forstedene til Göteborg. Også Nokas-dømte Ridvan Halimi og Ikmet Kodzadziku var tilknyttet Albanligaen, som vokste fram på slutten av 1990-tallet. Han ble etterlyst internasjonalt for NOKAS-ranet i 2004 og meldte seg for norsk politi i 2009.

Kjelder

endre
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 ROGNMO, GRO (15. februar 2007). «I dag får de NOKAS-tiltalte sin straff». dagbladet.no (på norsk). Henta 1. november 2020. 
  2. «Alle fikk mildere straffer». www.ba.no (på norsk). 15. februar 2007. Henta 1. november 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Se den endelige Nokas-dommen - VGTV» (på norsk). Henta 1. november 2020. 
  4. THORESEN, LEIV GUNNAR LIE, HANS-MARTIN THØMT RUUD, KAMILLA (13. september 2007). «Thendrup dømt til 14 års fengsel». dagbladet.no (på norsk). Henta 1. november 2020. 
  5. «Fire av 12 anker Nokas-dommen». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 1. november 2020. «Gulating lagmannsrett dømte Ingebrigtsen til tre års ubetinget fengsel for grovt ran.» 
  6. Lutro, Arne (9. oktober 2006). «Vekter innrømmer innsidehjelp». Nettavisen (på norsk). Henta 2. november 2020. 
  7. «NOKAS-vekter må punge ut». dagbladet.no (på norsk). 21. oktober 2008. Henta 1. november 2020. 
  8. Morsund, Gunnar (25. august 2009). «Siste Nokas-raner er tatt». NRK (på norsk bokmål). Henta 1. november 2020. 
  9. 9,0 9,1 «Nokas-saken er historie». TV 2 (på norsk). 2011. Arkivert frå originalen 11. mars 2016. Henta 1. november 2020. 
  10. NOKAS-ranet (på norsk bokmål). 20. september 2021. 
  11. 11,0 11,1 Lindblad, Knut-Eirik (21. juni 2020). «- Vi sitter på ufortalte NOKAS-historier». dagbladet.no (på norsk). Henta 1. november 2020. 
  12. «Temakveld». arkiv.nrk.no. Henta 1. november 2020. 
  13. Pedersen, Ruben (14. april 2019). «- Jeg kan ikke bruke tida mi på å angre». dagbladet.no (på norsk). Henta 1. november 2020. 
  14. Lofstad, Ralf (13. oktober 2019). «Toskas reaksjon på dødsbudskapet». dagbladet.no (på norsk). Henta 1. november 2020.