Nikkelin er eit metallisk, lyst koparraudt mineral, eit nikkelarsenid, NiAs. Det krystalliserer heksagonalt med same struktur som pyrrhotitt. Det finst på einskilde sølv- og koboltførande malmgangar og saman med pyrrhotitt og chalkopyritt i noritter eller malmar som stammar frå norittar. Det kan vere ein viktig nikkelerts (Natsume i Japan; Sudbury i Canada). I Noreg er det kjent i små mengder frå førekomstar ved Arendal, Kragerø, Kongsberg og Råna i Ballangen.

Nikkelin

Generelt
KategoriArsenidmineral
Kjemisk formelNikkelarsenid: NiAs
Strunz-klassifisering02.CC.05
KrystallsymmetriHeksagonal (6/m 2/m 2/m)
Einingscellea = 3.602 Å, c = 5.009 Å Z=2
Identifikasjon
Fargebleik koparraud med svartaktig mattheit. Kvit med kraftig gulaktig rosa tone på polerte delar sterkt anisotrope
KrystallformMassiv skiveforma til nyreforma, sjeldan som forstyrra, horisontale stripete, {1011} endar med krystallar
KrystallsystemHeksagonal diheksagonal dipyramidal
Tvillingpå {1011} firlingar
Kløyv{1010} uperfekt, {0001} uperfekt
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala5 - 5.5
Glansmetallisk
Strekfargebrunsvart
Spesifikk vekt7.8
Optiske eigenskapar
PleokroismeKraftig (reflektert lys)
Smeltbarheit2
Andre eigenskaparkvitlauklukt ved oppvarming
Kjelder[1][2][3]

Mineralet er òg kjent som raudnikkelkis, koparnikkel, nickelin, nikkolitt eller niccolitt.

Nikkelin er handelsnamnet for koparlegeringar.

Kjelder

endre