Otago Harbour er den naturlege hamna til DunedinNew Zealand, og består av eit langt, sterkt forgreina havstykke som for det meste er seglbart, og som skil halvøya Otago Peninsula frå hovudlandet. Landområda møtest i den sørvestlege enden til hamna, om lag 21 km frå hamnemunningen. Her ligg Dunedin si djupvasshamn på den vestlege breidda ved forstaden Port Chalmers.[1]

Otago Harbour
Eit NASA satellittfoto av Otago Harbour.
Eit NASA satellittfoto av Otago Harbour.
Eit NASA satellittfoto av Otago Harbour.
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Otago
Dunedin
Geografi
Koordinatar 45°49′S 170°39′E / 45.817°S 170.650°E / -45.817; 170.650
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Plassering
Otago Harbour is located in New Zealand

Geografi endre

Hamna vart danna av dei overfløymde leivningane av ein stor skjoldvulkan med sentrum nær det som no er Port Chalmers. Restane av dette voldsomme opphavet er å sjå i basalten i åsane omkring. Den siste eruptive fasen slutta for om lag ti millionår sidan, og etterlet den markante toppen til Mount Cargill.[2][3]

Ei større konteinarhamn ligg ved Port Chalmers, kring 9 km langs den vestlege stranda frå innmunninga til hamna. Ein kanal langs vestsida til hamna vert mudra regelmessig, slik at båtar som stikk 12,5 m djupt kjem inn til Port Chalmers, og 8 m djupt heilt inn til Dunedin.[4] Den newzealandske eksporten av frose kjøt starta frå Port Chalmers i 1882. Mudringa av denne kanalen, Victoria Channel, var ei stor oppgåve for Dunedinsamfunnet på 1800-talet. Den austlege sida av hamna er grunn, med store sandbankar som er synlege ved lågvatn.

 
Kart som viser landattvinninga sidan 1848 inne i hamna.

To øyer dannar ei linje mellom Port Chalmers og Portobello i den midtre delen av hamna - Goat Island og Quarantine Island/Kamau Taurua. Ei mindre øy, kjend som Pudding Island (Titeramoa),[5] ligg nær stranda på halvøya, og ein kan gå dit tørrskodd ved lågvatn.

I Portobello ligg ein av dei leiande marine forskingsinstitusjonane på New Zealand, Portobello Marine Laboratory, ei avdeling under University of Otago. Denne ligg ute ved hamna, ytterst på ein liten arm på Otago Peninsula, Portobello Peninsula.

Nær munningen til hamna ligg busetnaden Aramoana (maori for 'vegen til havet').

Dette er også staden der det to gonger har vore foreslått å prosjektera det andre aluminiumsverket på New Zealand. Desse framlegga, som kom midt på 1970-talet tidleg på -80-talet, måtte ein gå bort frå etter store offentlege protestar. Området er tilhaldsstad for mange artar vadefuglar. Andre artar som finst i hamna omfattar to artar av pingvinar, sjøløver, fire artar av selar, og fleire artar av kvalar, (delfinar og sørkaper), og Taiaroa Head, ytterst på Otago-halvøya, hyser ein koloni av nordleg kongealbatross (Diomedea sanfordi), den einaste av desse i verda som ligg så nær ein by.

Hamna er påverka av tidvatn, ho er grunn og sjeldan stormfull, og er derfor populær for aktivitetar på sjøen som segling og brettsegling.

Ein større del av området inst i hamna består av land som er attvunne sidan grunnlegginga av Dunedin, først og fremst til industriføremål.[6] Mindre område er også attvunne andrre stadar kring hamna, som Port Chalmers, Macandrew Bay og Broad Bay.

Historie endre

 
Utsikt over Port Chalmers og Otago Harbour mot Otago Peninsula.

James Cook gjekk ut frå at hamna fanst då han då han segla langs Otagokysten i 1770.[7] Ein kjenner ikkje sikkert til når dei første europearane segla inn i hamna, men det var «lenge før» 1810, i følgje eit manuskript som vart funne i 2003.[8] Oppdagaren George Bass føreslo Dunedin-enden av hamna som den nordaustlege grensa til det tiltenkte fiskemonopolet sitt i 1803.[9] Det amerikanske skipet Favorite kan ha vore i desse farvatna sommaren 1805 til 1806. Daniel Cooper, skipssjef på selfangstskuta «Unity» frå London var her truleg sommaren 1808-1809, då hans nestkommanderande, Charles Hooper, truleg gav namnet sitt til Hooper's InletOtago Peninsula.[10] Nybyggjaren William Tucker (1784–1817) var med i ei gruppe utsend av forretningsmannen Robert Campbell frå Sydney som gjekk i land på øyer utanfor kysten til Dunedin i november 1809. Den 3. mai 1810 vart Tucker og ein annan mann, Daniel Wilson, plukka opp ved Otago Harbour av Robert Mason, skipssjef på «Brothers», som hadde ankra opp i hamna. Dette er den første eksplisitte og identifiserbare referansen til eit europeisk skip i Otago Harbour. Skipsforklaringa som viser til han, vart gjort i 1810, og omtalar hamna som «Port Daniel», eit namn som vart verande i bruk nokre år.[11]

Ei anna engelsk selfangstskute, «Sydney Cove» under kaptein Charles McLaren, ankra opp i hamna seint i 1810, då eit tjuveri av ein kniv, ei raud skjorte og nokre andre ting, utført av folk frå iwien Te Wahia, utløyste det som er vorte kalla Selfangarkrigen eller «Skjortekrigen».[12]

 
Innløpet til Otago Harbour sett frå Taiaroa Head

Frå å vera ei bortgøymd selfangarhamn utvikla Otago Harbour seg til ei travel internasjonal kvalfangsthamn etter at brørne Weller oppretta ein kvalfangststasjon ved Te Umu Kuri, Wellers Rock, som no heiter Otakou i november 1831.[13] Dette var den travlaste kvalfangshamna sør for Bay of Islands, og hamna var også eit knutepunkt for den største europeiske populasjonen på New Zealand etter Bay of Islands/Hokianga-distriktet i slutten av året 1839. På den tid hadde kvalfangsten gått attende, og den franske oppdagaren Dumont D'Urville og offiserane hans, som vitja hamna i 1840, kunne fastslå at hamna hadde vorte eit sentrum for vill brennevinshandel og prostitusjon.[14] Dette heldt fram til skotske innvandrar kom i 1848, og gjorde Port Chalmers og Dunedin til dei nye busetjingssentera i hamna.

Busetnadar langs hamna endre

Bustenadar langs hamna i rekkefølgje frå munningen:

Kjelder endre

  1. Sarah Harvy (9. august 2007). «Otago Port to get into deep water». New Zealand Herald. Henta 11. februar 2013. 
  2. Coombs, D. S., Dunedin Volcano, Misc. Publ. 37B, pp. 2–28, Geol. Soc. of N. Z., Dunedin, 1987.
  3. Coombs, D. S., R. A. Cas, Y. Kawachi, C. A. Landis, W. F. Mc-Donough, and A. Reay, Cenozoic volcanism in north, east and central Otago, Bull. R. Soc. N. Z., 23, 278–312, 1986.
  4. «Otago Harbour Information». Port Otago. Henta 17. februar 2013. 
  5. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. mai 2010, henta 17. februar 2013 
  6. «Manufacturing in Dunedin». Otago Chamber of Commerce. Henta 21. mai 2008. 
  7. James Cook in J.C. Beaglehole (red.), The Journals of Captain James Cook, the Voyage of the Endeavour, 1768-1771, London, UK: Cambridge University Press for the Hakluyt Society, 1955, (1968), pp.257-259.
  8. Quote from the Creed MS its text reproduced in Peter Entwisle, Taka: a Vignette Life of William Tucker 1784-1817, Dunedin, NZ: Port Daniel Press, 2005, pp.128-131, the quote at p.128.
  9. Robert McNab (red.) Historical Records of New Zealand, 2 band. Wellington, NZ:Government Printer, 1908 & 1914.
  10. Peter Entwisle (1998). Behold the Moon: the European Occupation of the Dunedin District 1770-1848. Dunedin: Port Daniel Press. s. 21. 
  11. Peter Entwisle, Taka: A Vignette Life of William Tucker 1784-1817, Dunedin, NZ: Port Daniel Press, 2005, pp.53-66 & pp.110-115 for the relevant court records.
  12. Peter Entwisle, Taka: a Vignette Life of William Tucker 1784-1817, Dunedin, NZ: Port Daniel Press, 2005, s. 70-71.
  13. Peter Entwisle, Behold the Moon: The European Occupation of the Dunedin District 1770-1848, Dunedin, NZ: Port Daniel Press, 1998, s. 83.
  14. Olive Wright, ed & translator, The Voyage of the Astrolabe 1840, Wellington, NZ: A.H. & A.W. Reed, 1955.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Otago Harbour