Slettevandrar

fugleart
(Omdirigert frå Pedionomidae)
Slettevandrar
Slettevandrar, Pedionomus torquatus
Slettevandrar, Pedionomus torquatus
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Pedionomidae
Slekt: Pedionomus
Art: Slettevandrar P. torquatus
Vitskapleg namn
Pedionomus torquatus

Slettevandrar (Pedionomus torquatus) er ein liten vadefugl i den monotypiske familien Pedionomidae innanfor ordenen Charadriiformes, vade-, måse- og alkefuglar. Arten har leveområde på det australske kontinentet.

Skildring endre

Slettevandrarar er mellom 15 og 19 cm i lengd og har eit vengespenn på 28 til 36 cm. Vekta kan variere frå 40 til 80 gram hos hannfuglar, og frå 55 til 95 gram hos hofuglar. Slettevandrarar er litt slankare enn ein vaktel. Særleg ungfuglar og hannfuglar av slettevandrar blir forveksla med perlespringvaktel. Vengene er forholdsvis korte og runde. I flukta verkar kroppshaldinga lite elegant og mykje fjernt frå til dømes ei lerke.

Fjørdrakta til slettevandrar har ei brunleg farge. Undersida er kremfarga opp mot brystet. Kroppssidene og brystet er svarte med halvmåneforma flekker. Vengene har eit mørkt fiskeskjelmønster. Nakke og oversida av hovudet er mørkebrunt, ansiktet er lyst med store, gule auge i kontrast. Nebbet minner om nebbet til ein trast. Som nebbet er beina gråbrunt til gult. Hoene er mindre enn hannfuglar og har ein kvit krage med svarte flekker og ein raudbrun, nokre gonger rombeforma brystflekker. Vengetippen er mørkebrun til svart.

Slettevandrarar lever saman i par eller i grupper på inntil fem fuglar. Om dei kjenner seg trua vil dei springe bort for å finne skjul i graset. Eit individ kan mange gonger leve aleine i eit revir som dels overlappar med revir til naboar. Slettevandrarar er i regelen standfuglar, men i det sørlege leveområdet er dei trekkfuglar.

Slettevandrarar flyg ekstremt sjeldan, dårleg og klossete. Slettevandrarar står ofte på tærne i graset for å halde utkikk. Menyen inneheld frø og blad av gras, virvellause dyr som grashopper, edderkoppar, maur og biller. Om våren, når tilgang på plantar er mest avgrensa, tar dei insekt, om sommaren føretrekk dei plantekost framføre animalsk føde.

Etter paringssesongen om våren legg hofuglen to til fem egg. Reiret er ei djup senking som ho sjølv har grave ut, fora med plantedelar. Egga har tjukke skal, er pæreforma og har ei bleikgul farge. Reirgropa er ofte dekt av eit tak av lange strå slik at ho er mindre synleg for fiendar. Berre hannar rugar på egga. Ungane er langt utvikla ved klekking og held seg saman med hannfuglen i to månader. Ofte er det to kull i året, men i tørre år kan det hekkinga falle heilt ut. Om det kjem mykje nedbør vert reira overflauma. I slike fall vil, om nokon i det heile, berre særs få ungar bli klekt og overleve. Slettevandrarar vert kjønnsmodne i det andre kalenderåret. Ein kjenner ikkje forventa levealder i fridom, i fangenskap er det dokumentert ti års levealder.

Utbreiing endre

Ein gong var denne arten distribuert vidt kring i austlege og sørlege Australia, men slettevandrar finst no berre i små, spreidde populasjonar. I delstaten Sør-Australia, lever dei i områda nord for Yorke-halvøya, på Eyre-halvøya, til Denial-bukta og vidare i innlandet til aust for Lake Frome. I delstaten Victoria finst dei i Riverina-regionen, i New South Wales finst dei i nordvest og i sør, og i Queensland frå 24. breiddegrad til 143. austleg lengdegrad. Slettevandrarar lever her på opent grasland.

Eksistensen av slettevandraren er trua av dyrking av grassletter, nybyggingar og vegar, slik at habitat enten vert øydelagde eller fragmenterte. Også mange innførte dyr som raudreven utgjer ein stor risiko. Berre rovfuglar er naturlege fiendar på kontinentet, andre predatorar finst ikkje meir. Dessutan er det naturlege leveområdet avgrensa innanfor grenser mot skog, og kaninar har ført med seg at allereie tørre område blir enda meir aude. Frå 1920 har ein dokumentert nedgangen i populasjonane. I Riverina-regionen er det framleis 5000 individ igjen, den største enkeltbestanden. I Queensland er der rundt rekna 1000 fuglar, i delstaten Sør-Australia høgst 500. Etter 2007 er slettevandrar ført opp på IUCN raudlista som trua.

Systematikk endre

Tidlegare var slettevandrar klassifisert som ein slektning av raudhøns i ordenen Galliformes, seinare som slektning til familien med mykje like fuglar, springvaktlar i Galliformes. DNA-analysar viser likevel at slettevandrar er relatert til bladhøns, og dermed høyrer inn i ordenen Charadriiformes.

Kjelder endre

Fotnotar endre