Røyrdrum

fugleart

Røydrum (Botaurus stellaris) er ein fugleart i hegrefamilien Ardeidae.

Røyrdrum

Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigOmtrentleg global utbreiing av arten røyrdrum. ██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring
Omtrentleg global utbreiing av arten røyrdrum.

██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Aequornithes
Orden: Pelikanfuglar Pelecaniformes
Familie: Hegrefamilien Ardeidae
Underfamilie: Røyrdrumar Botaurinae
Slekt: Botaurus
Art: Røyrdrum B. stellaris
Vitskapleg namn
Botaurus stellaris

Han er knytt til takrøyr og andre våtmarkshabitat og hekkar i temperert sone av Eurasia frå Spania i vest, tvers over sentrale Asia til øya Sakhalin ved stillehavskysten. Dette er trekkfuglar i det meste av utbreiingsområdet, men mange små populasjonar i Vest-Europa overvintrar eller er standfuglar der. Ein underart lever heile året i sørlege Afrika.

Røyrdrum er særsynt i Noreg, det næraste hekkeområdet ligg i Sør-Sverige.

Røydrumar er store, gulbrune fuglar i kamuflerande draktmønster, storleiken er noko mindre enn gråhegrar. Dei blir sjeldan observerte fordi dei skjuler seg i tett vegetasjon og flyg sjeldan opp. Føda av mest av alt fisk, dessutan et dei amfibium som froskar, jamvel òg små pattedyr, fugleungar, krepsdyr og insekt.

Skildring endre

Arten røydrum er den største i den biologiske slekta Botaurus og den største i heile gruppa av alle røydrumartar, med hannfuglar som signifikant større enn hoer. Røyrdrumar er 64–80 centimeter i kroppslengd, med eit vengespenn på 125–135 cm, hannfuglar kan ha opp mot 2,0 kilogram kroppsmasse, hofuglar opp mot 1,15 kg.[1] Røyrdrumar skil seg frå hegrar med langt kortare bein og tjukkare hals enn hegrar. Dei har lys brungul fjørdrakt dekt med solide, langsgåande mørke strek. Krona og nakken er svart, strupeområdet er kremkvitt med eit sentralt raudbrunt strek, dei har ein mørk, brei mustasjestrek ned frå auga. Nebbet er gult og beina bleikgrøne.

Utbreiing og habitat endre

Hekkeområdet til røyrdrum strekker seg over tempererte delar av Europa og Asia frå Dei britiske øyane og Iberia, over sørlege Sverige og Finland austover til Sakhalin i Russland og Hokkaido i Japan. Nordgrensa for arten er rundt 57 °N i Uralfjella og 64 °N i Aust-Sibir. Den sørlege grensa for hekking er Middelhavet, Svartehavet, Iran, Afghanistan, Kasakhstan, Mongolia og Hebei-provinsen i Nord-Kina. Mindre populasjonar hekkar òg i Marokko, Algerie og Tunisia.

Nokre populasjonar er standfuglar og held seg i dei same områda gjennom året. I regelen vil nordlegare bestandar trekke til varmare område, men nokre fuglar blir ofte verande; fuglar i Nord-Europa har ein tendens til å røre seg sør og vest til Sør-Europa, Nord- og Sentral-Afrika, og nord-asiatiske fuglar migrerer til delar av Irak (nedre Mesopotamia), det indiske subkontinentet, på hovudøya Honshu i Japan og provinsar i det søraustlege Kina.

Ein underart er endemisk for det sørlege Afrika, der han hekkar i små fragmenterte område frå Zambia og Okavango-deltaet sør til foten av Drakensberg-fjella. Denne bestanden lever som standfuglar.

Dei lever vanlegvis i våtmarker med takrøyr (Phragmites), papyrus eller anna vegetasjon ved sump, ved innsjøar, lagunar og sakteflytande elver omkransa av tett vegetasjon. Nokon gonger hekkar røyrdrumar ved dammar i jordbruksområde, og til og med ganske nær busetnad der det er eigna habitat, men føretrekker å velje store takrøyrbelte på minst 20 hektar til hekkeområde. Utanom hekkesesongen har røyrdrumen mindre restriktive habitatkrav, og i tillegg til å leve i takrøyrbed, vitjar dei rismarker og andre typar våte og overfløymde område og myrar. Leveområdet er vanlegvis under 200 moh., men under trekket kan dei treffast opp til 3000 moh. på det indiske subkontinentet.

Hovudingrediensen i føda er fisk, til dømes små karper og ålefisk. Dessutan froskar og salamandrar, augestikkarar, blautdyr, slangar, ungar av Anas-ender, mus og anna levande byttedyr.[1] Dei søker føde einslege, oftast godt gøymt i vegetasjon, men kan vade på grunt vatn og jamvel symje. Dei er mest aktive om natta, men kan beite også på dagtid.

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 Martínez-Vilalta et al

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Røyrdrum