Raphia

planteslekt

Raffiapalmar (Raphia) er ei slekt med palmar som hovudsakleg er utbreidde i tropisk Afrika. Ho omfattar rundt 20 artar.[1] Fleire av artane har bruksområde som kan ha stor økonomisk tyding, til dømes som opphav til fiber og palmevin.[1]

Raphia
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Palmeordenen Arecales
Familie: Palmefamilien Arecaceae
Underfamilie: Calamoideae
Stamme: Lepidocaryeae
Understamme: Raphiinae
Slekt: Raphia
P.Beauv.

Skildring

endre

Raffiapalmar er svært kraftige plantar. Nokre av dei er treforma, medan andre manglar stamme. Blada er fjørflika og store. Raphia regalis kan få opptil 25 meter lange blad, noko som gjer dei til dei største blada som finst. Plantane er sambu med skilde hann- og hoblomar på same plante. Frukta er stor, avlang og dekt av overlappande skjel som gjer at ho minnar om ein kongle. Ho inneheld eitt frø.[1] Plantane er monokarpe, slik at dei døyr etter blomstring og fruktsetjing.[1]

Vekstområde

endre

Palmane veks som regel i sumpområde. Dei er utbreidde i Afrika sør for Sahara, og éin art finst både i Mellom- og Sør-Amerika og i Vest-Afrika. Ein av dei afrikanske artane finst også på Madagaskar, men han kan blitt innført dit av menneske.[1]

Fleire av artane har stor økonomisk tyding. Raffia er plantefiber som blir framstilt ved å riva av dei ytre laga på unge småblad. Dette blir nytta til ei rekkje føremål, mellom anna korger og hyssing. Ein har også laga klede av plantefibrane.[1] Bladslirene til Raphia hookeri kan brukast som piassava. Bladstilken blir brukt som erstatning for bambus i møblar og husbygging, og småblada blir brukte til taktekking. Ein kan laga palmevin av safta ein får ved å tappa stammen. Fruktene av nokre artar kan brukast til å framstilla matolje, og fruktene blir også brukte til å forgifta fisk.

Artar

endre

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Ervik, Finn (18. juni 2024). «Raphia». Store norske leksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff

endre