Routeburn Track

Routeburn Track er ei verdskjend fotturrute som er 32 km lang. Ho ligg på SørøyaNew Zealand[1]. Det er vanleg å starta turen på Queenstown-sida av Søralpane, i nordenden av Lake Wakatipu, og avslutta på Te Anau-sida, ved the Divide, fleire kilometer frå Homertunnelen som går til Milford Sound.

Routeburn Track, naudbivuakk ved Harris Saddle.
Utsyn mot Humboldt Mountains frå ruta.
Lake Mackenzie sett frå stien.

New Zealand Department of Conservation klassifiserer denne ruta som ein Great Walk og vedlikeheld fire hytter langs henne: Routeburn Flats Hut, Routeburn Falls Hut, Mackenzie Hut og Howden Hut; i tillegg er det naudbivuakk ved Harris Saddle. Ruta går gjennom to nasjonalparkar: Mount Aspiring National Park og Fiordland National Park, der grensa og det høgaste punktet er Harris Saddle.

Dette området får mykje mindre regn enn Milford Sound, og skogane er svært ulike, særleg på austsida av Harris Saddle, på grunn av mindre nedbør, og består for det meste av raudbøk og fjellbøk, med heller lite bregner. Stien går eit langt stykke på dei høge åsane kring Harris Saddle, med vidt utsyn i mange retningar. Ruta har ein lang historie som går attende til 1880-åra.

RutaEndra

Tilgangen til the Routeburn Track er ikkje så strengt kontrollert som i Milford Track. Det er lov å slå leir, men både hytter og leirplass må tingast på førehand i høgsesongen. Der er ei ekstra avgift for dei som ikkje har kjøpt billett. Ein vel sjølv i kva retning ein vil gå, og kva hytter ein vil bu i. På vestsida legg nesten alle seg inn i Mackenzie Hut, medan ein på austsida kan ta inn i enten Falls Hut eller Flats Hut. Falls Hut er den mest populære, sidan ein stopp her deler opp stiginga mot toppunktet betre, særleg for dei som kjem frå aust. Det er ikkje lov å slå leir ved Falls Hut. Om vinteren er Falls Hut til vanleg i bruk som utgangspunkt for skituristar.

Då ruta er relativ kort, kan mykje av Routeburn Track også brukast til dagsturar. Key Summit (918 moh), i den vestlege enden er eit populært utsiktspunkt og turmål, ikkje langt unna bilvegen, og returen til Routeburn Flats-hytta kan begge vanlegvis gjerast på same dagen.

Fordi ein vanlegvis går turen frå den eine enden av sporet, og avsluttar i den andre, kan transporten vera ei utfordring. Det er fem timar med bil mellom kvar ende, så et er viktig å planleggja turen nøye. Transporten kan gå med buss, haik, arrangert bilflytting eller, meir kostbart, med helikopter[2]. Somme turgåarar unngår dette ved å gjera eit nøkkelbytte med ein annan vandrar som går i motsett lei.

Panoramautsikt mot fjella frå Routeburn Track

I populærkulturEndra

Routeburn Track vart nemnd som ein av dei elleve fremste turrutene i verda av National Geographic i mai 2005.

Det vart ikkje gjort opptak for filmtriologien Ringdrotten på sjølve stien, men Dart River Valley like nord for Glenorchy, og før staden der stien startar, var scena for Isengard.

Ein av tryggleiksfilmane til Air New Zealand (med Bear Grylls) vart filma på Routeburn track.

Routeburn Classic er eit årleg fjell-løp langs Routeburn track, om lag 32 km langt, og vert til vanleg skipa til i april kvart år. Løparane fullfører dette — ut frå individuell dugleik — på 3–9 timar. Dei snøggaste løparane har ofte fullført løpet på mindre enn 3 timar.

FuglelivEndra

Ei rekkje av dei innfødde fugleartane på New Zealand er å sjå og høyra på og nær stien. Papegøyar som kākā og kea er ofte både å sjå og høyra, og dei er ganske store, samanlikna med gulkroneparakitten. Ein kan ofte sjå den vanlege og venlege stripeflugeskvetten og maoriviftestjerten. Andre mindre, men likevel påfallande fuglar er maorihonningetar, igatagerygone, pipipi, maoriflugeskvett og den sjeldne gulhovudmohuaen. Der er vanskeleg å få auge på den vesle skogklatresmetten, den minste fuglen på New Zealand.[3]

ReferansarEndra

  1. «ROUTEBURN TRACK». Department of Conservation. Henta 28. mai 2015. 
  2. «The Routeburn Heli Run». Destination Queenstown. Henta 28. mai 2015. 
  3. «The Routeburn Track». Ultimate Hikes. Henta 26. mai 2015. 

BakgrunnsstoffEndra

  Reiseguide for Routeburn Track frå Wikivoyage
  Commons har multimedia som gjeld: Routeburn Track


Koordinatar: 44°43′37″ S 168°10′13″ E